Korpsnerden

KVEN: Sveinung Rotevatn STUDERTE: Juss NÅR: 2007-2010 AKTUELL MED: Unge Venstre-leiar og stortingskandidat for Sogn og Fjordane Venstre.

Publisert Sist oppdatert

Me spelte alltid i dommarkappe og parykk. Det vart mykje speling og drikking.

– Eg avtente førstegangstenesta i garden som fløytist. Då eg flytta til Bergen vart eg med i jussens Force marsjør juzz-band, fortel Sveinung Rotevatn.

Denne «Guds kraft» skulle verta ein viktig del av studenttilværet i Bergen for Unge Venstre-leiaren.

– Me spelte alltid i dommarkappe og parykk. Og så hadde me ei eiga faddergruppe og reiste på turar. Det vart mykje speling og drikking, seier han.

Ofte var det temafest, og Rotevatn har vore å sjå i mange slags habittar, frå Hawaii- til pimps-and-hoes-kostyme. Dei likar visst slikt, juristane.

At valet fall på juss for hans eigen del, meiner han er litt tilfeldig. Han deler jusstudentane i tre kategoriar. Strebarane får A i alt, og så er det ein gjeng som går der berre fordi dei var smarte nok til å koma inn, men eigentleg ikkje bryr seg. Sjølv meiner han han høyrer til idealistane.

– Jusstudiet er ein av fleire moglegheiter for å få innsikt i politikk og samfunn. Eg kunne sikkert like gjerne studert på SV- eller HF-fakultetet. Eller neeei …

Han dreg på det.

– ... ikkje HF.

Tre år er gått sidan Rotevatn vart leiar i Unge Venstre, søkte permisjon frå Det juridiske fakultet i Bergen og flytta over fjellet for å driva med politikk på heiltid.

– Det var litt godt, eigentleg. Det siste året eg studerte sov eg nesten meir på nattoget mellom Bergen og Oslo enn eg gjorde heime på hybelen min. Det var ikkje snakk om sovekupé, og du veit korleis Bergensbanen er: Dørane går opp heile tida, og det kaldt på Finse.

Heldigvis for Rotevatn har han eit godt sovehjarte, og er ikkje tapt bak ei vogn kva gjeld temperaturregulering heller.

– Trikset er å ha med sovepose. Ein kryp inn i han, snører heilt att, og set seg ned og søv.

– Kor lenge rakk du eigentleg å studera før politikken tok deg?

– Eg studerte i tre år. Det kunne jo vore ein bachelor, men sidan eg gjekk eit profesjonsstudium har eg ingen grad.

Rotevatn vedgår at han som student gjorde flittig bruk av skippartaksmetoden.

– Eg er litt sånn som trivst godt med deadlines, og var korkje den som kom først eller den som gjekk sist frå lesesalen. Samstundes er jusstudiet i Bergen ganske strukturert, så litt måtte ein jobba. Og det gjekk bra. Stort sett.

Etter ei veke i vestlandshovudstaden vart nordfjordingen medlem i Unge Venstre, og etterkvart hamna han også i studentparlamentet ved UiB.

– Studentpolitikken er ein nyttig arena. Ein får organisasjonskunnskap og vert kjend med mykje hyggelege folk. Men det er lite reell politikk ein driv med.

Han fortel at han stifta kjennskap med fleire andre av dagens ungdomspolitikarar gjennom studentparlamentet, og det har vore viktig. Politikk er nettverksbygging.

Går det vegen for Venstre ved stortingsvalet i haust, er det på Løvebakken Rotevatn skal halda til dei neste fire åra. Men vert han nokon gong jurist?

– Ja, det har eg lova mamma. Men ein må gripa sjansane når dei er der. Om fire år kan det vera for seint å koma seg på Stortinget.

Powered by Labrador CMS