I RETTEN: Arnved Nedkvitne har saksøkt UiO for å få jobben som middelalderprofessor attende.

– Ville berre UiO sitt beste

Sparka professor: – Eg har ikkje omtala mine kollegaer på måtar som er uvanleg for miljøet.

Publisert Sist oppdatert
UIO SIN REPRESENTANT: Universitetsdirektør Gunn Elin A. Bjørneboe representerte Universitetet i Nedkvitne-rettssaka.
UENIGE: Arnved Nedkvitne (i midten) hevder hans uttalelser er til UiO sitt beste. Det synet deler han ikkje med Gunn-Elin A. Bjørneboe (til venstre).

*Nedkvitne-saka:*

  • Arnved Nedkvitne har i over 15 år vore tilsett som professor i middelalderhistorie ved UiO.
  • Professoren vart sagt opp av styret ved Det humanistiske fakultet i juni 2008, og klaga vedtaket vidare til universitetsstyret.
  • Ei endeleg avgjersle om å gi Nedkvitne sparken vart tatt av universitetsstyret i februar i fjor, då han ikkje fekk medhald.
  • Oppseiinga er gjort på grunnlag av gjentakande skriftleg kritikk og, etter UiO sitt skjønn, krenkande utsegn, som Nedkvitne har retta mot sine kollegaer via e-post og media. Nedkvitne skal også ha utøvd ordrenekt, ved å ikkje møte opp på møter han har vore plikta å delta på.

Universitetets advokat: – Akademisk fridom betyr ikkje fritak frå vanleg folkeskikk.

UENIGE: Arnved Nedkvitne (i midten) hevder hans uttalelser er til UiO sitt beste. Det synet deler han ikkje med Gunn-Elin A. Bjørneboe (til venstre).

Måndag denne veka satt tidlegare professor Arnved Nedkvitne ansikt til ansikt med fakultets- og universitetsleiinga i Oslo tingrett, for å få jobben sin attende.

Til grunn for saka ligg 14 år med konfliktar ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH), og mange brev frå Nedkvitne, som styret ved Universitetet i Oslo (UiO) og fagfellar fann krenkande.

– Leiinga har nytta verre språk. Måten eg uttalte meg på er vanleg ved instituttet. Leiinga reagerte vanlegvis ikkje på dette, sa Nedkvitne i si forklaring tysdag.

Leiinga ved Det humanistiske fakultet (HF) meiner at dei opp gjennom åra har forsøkt å løyse konflikten med Nedkvitne. Dei har hatt fleire møter, gitt åtvaringar, ordensstraff, og mulegheit til frivillig avgang.

Universitetsstyret sa i februar 2009 opp stillinga hans, og han gikk deretter til søksmål mot styret. Sjølv meiner Nedkvitne at han berre har gjort plikta si som professor, og nytta den akademiske fridommen til å kjempe for sitt forskingsfelt.

Ville ikkje utlyse ny stilling

Fleire av breva som har vorte sendt frå og til Nedkvitne, vart lest opp i retten. Eit av breva stammer frå eit allmøte i mai 2007, der administrasjonen tok opp problema rundt Nedkvitne.

På møtet kom det fram at instituttet ikkje ville utlyse ei ny stilling i middelalderhistorie så lenge Nedkvitne var tilsett ved universitetet.

– Ein har ikkje ønska å utsette endå ein nytilsett for Nedkvitnes sjikaner, ein har ikkje ønska endå ein ny mobbesak, sa historieprofessor Åsmund Egge, som då representerte administrasjonen ved instituttet.

– Ikkje eit nytt problem

Nedkvitne vert frå fleire hald skulda for å vere hovudgrunnen til eit dårleg arbeidsmiljø ved Institutt for arkeologi, konservering og historiske studier (IAKH). Hans advokat Preben Mo Fredriksen viste til ei arbeidsmiljøundersøking frå 1993 som viste at HF hadde hatt eit dårleg arbeidsmiljø heilt attende til tida før Nedkvitne vart tilsett i 1994, og meinte at ein ikkje løyste arbeidsmiljøproblema ved å fjerne Nedkvitne.

– Leiinga vil gjere meg til syndebukk for problem som eksisterte ved instituttet før eg byrja, sa Nedkvitne i si rettsforklaring tysdag.

Nedkvitne har, via fellesmail til alle tilsette ved IAKH, karakterisert nokre av sine kollegaer mellom anna som «marginaliserte antiintellektuelle element» og «faglig inkompetente». Han har også kalla leiinga ved IAKH ein «vestkantklikk med overklassemenneske og kapitalistborn frå Oslo vest, som har ei unaturleg stor interesse for pengar».

Akademisk fridom

I forklaringa si innrømte Nedkvitne at han kanskje ikkje burde ha ordlagt seg slik han hadde gjort i «vestkantklikkbrevet».

Påstandane frå Nedkvitne gjorde at fleire vitskaplege tilsette ved instituttet gjekk saman om å skrive brev til instituttleiinga, der dei omtaler Nedkvitnes utsegn som «forsøpling av arbeidsmiljøet» og at «leiinga må få ein stopp på uvesenet».

– Det er bra, og heilt vanleg, at vitskaplege tilsette kjempar for faget sitt. Men det går an å omtale kollegaer og leiing på ein måte som ikkje er sårande, og som går på sak og ikkje person, sa UiO sin advokat, Elisabeth Stenwig, i retten.

Stenwig meiner at Nedkvitne forsømte lojalitetsplikta si, og at handlingane hans kvalifiserer til brot på Tenestemannslova.

Nedkvitne forklarer bruken av felles e-post, med at han oppfatta denne forma for masseutsending som ein rett til å fremje akademisk fridom, og kritisere leiinga i det offentlege rom.

Nedkvitne krev 586 667 i tapte inntekter og professorstillinga attende. 33 vitne skal uttale seg, før sluttprosedyren til rettssaka etter planen kjem førstkommande måndag. Dom i saka ventes å komme i byrjinga av februar.

Powered by Labrador CMS