BROR ALKOHOL: Vår journalist velger seg Bjørneboe-fylla.
FOTO: Stéphane Lelarge
Vil ha fyllefest på campus
- Har du nytta sprit i dag?
Universitetsdirektør ved Universitetet i Oslo (UiO), Gunn-Elin Aa. Bjørneboe
Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, universitetsdirektør Universitetet i Oslo (UiO).
- Sprit? Kva meiner du? Eg har nytta både dispenser og våtserviettar…
- Eg siktar nettopp til spritdunkane som står spreidd rundt på campus. Brukar du svineinfluensaen som unnskylding for å få i gang ein skikkeleg fyllefest?
- Nei, absolutt ikkje! Hovudmålet er å setje fokus på handhygiene.
- Ja, ja, samma det. Det osar heimbrent av spriten, og eg som er frå bygda får abstinensar av slikt. Men det verste er at det fungerar jo ikkje! Eg smurte inn heile kroppen med desinfiseringsgel, men kjente ingenting. Kvifor er det ikkje sterkare alkoholprosent i smørja?
- Det har eg ingen kommentar til.
- Spriten fungerte ikkje eingong når eg brukte ein tampong som eg hadde dyppa i den. Det er utruleg dårleg!
- Dette er ei humoristisk tilnærming til ein svært alvorleg sak.
- Hallo!? Vi er studentar. Gløym svineinfluensa, det er jo alkohol vi bryr oss om. Studentar festar meir enn nokon andre, det må jo du også skjønne. Skal ikkje du liksom vere her for studentane sin del?
- Jo, absolutt. Og når det gjeld beredskap så vil vi jo hindre studentane i å verte utsett for smittespreiing.
- Ja, særlig. Du har jo til og med plassert ein dispenser utanfor SiO-barnehagen på Blindern. Greitt nok at du driv og fristar studentane, men det der er litt vel uansvarleg syns eg, dei er jo berre barn! Kva har du å sei til ditt forsvar?
- Det er viktig å ha fokus på handhygiene også for dei små.
-- Eg skjønar ingenting. Eg vil kjenne eufori og beruselse! Og du svarar framleis ikkje på det eg spør om. Held du godsakene for deg sjølv?
- Hehe. Eg har ikkje noko sprit på kontoret, men eg har ein kolbe med sprit ståande på gangen utanfor kontoret. Den nyttar eg flittig.
- No synest eg du er egoistisk og utruleg lite imøtekomande. Dette gidd eg ikkje. Vil du vurdere stillinga di etter dette?
- Eg er så stolt av å vere ein del av eit universitet som har så god beredskap. Vi har blant anna fått svært god tilbakemelding frå Kunnskapsdepartementet. Det er morosamt å drive med beredskap!
«NRK kaller oss talentfabrikken», skrøyt Radio Novas påtroppende redaktør i forrige ukes Universitas. Marius Lillelien, radiosjef i NRK, mener utspillet er en fornærmelse. Lyver du, Gøte Strindler?
Etter braksuksessen med å pakke forrige nummer av Universitas i plast, lurer redaksjonen på om plasten er kommet for å bli. Men under redaktør Magnus Lysbergs terrorregime er det ingen som tør å spørre direkte. Så vi utgir oss for å være trykkeriet: – Hei, det er Magnar fra repro. Hvor mange sider skal Universitas ha denne uka, Lysberg?
BI-ledelsen har vært litt utilgjengelig for Universitas i det siste. Vi tenker de kanskje synes vi har vært litt treige med sitatsjekker. Derfor var vi ekstra tidlig ute med å høre om vi hadde sitert prorektor ved BI, Dag Morten Dalen, korrekt. Men vil han egentlig ha sitatsjekk?
Forrige uke fikk vi vite at «magic mushrooms» er en viktig del av studiehverdagen til Gateway-studentene på Bali. Vi spør Gateway infoservice om man trenger «shrooms» for å forstå ex.phil bedre?
Høgskolen i Telemark (HiT) presenterer «Heltene fra Telemark» og lokker med «ro til faglig fordypning». Vet informasjonssjef Per Magnus Holtung hvorfor Blindeforbundet har flere «likes» enn HiT?
Mat-Nat-studenter flykter unna doktorgradsstillinger. Har leder for institutt for informatikk, Morten Dæhlen, vært realistisk i sine forhåpninger om antall doktorgradsstudenter?
Studentersamfundets kommunikasjonsleder skrev i forrige ukes Universitas at Chateau Neuf holdt 516 arrangementer bare i 2011. Kan formann Siriann Bekeng svare på hvorfor ingen studenter har fått det med seg?