ØL MOT EKSAMENSANGST: Frode Meinich lover juleøl på såpedispenserane på Blindern etter 16:00 i dagane fram til jul, men vil ikkje henge opp misteltein så det er mogleg å få seg noko billeg førjulsklinings.
FOTO: Aslak Johannesen
ØL MOT EKSAMENSANGST: Frode Meinich lover juleøl på såpedispenserane på Blindern etter 16:00 i dagane fram til jul, men vil ikkje henge opp misteltein så det er mogleg å få seg noko billeg førjulsklinings.
FOTO: Stéphane Lelarge
Frode Meinich, Direktør for Teknisk Avdeling, UiO
- Nei, det har ikkje vore endå, så det har ikkje kosta oss ei krone. Korleis det?
- Noko må de jo ha brukt pengane på for pengar til julepynt har visst universitetet ikkje. Alt vi får er nokre glisne julelys på puslete tre rundt på Blindern. Trur du dette er nok til at vi skal greie å hugse på Jesus?
- Ja, vi håpar jo det. Vi vil spare miljøet og ikkje bruke så mykje på ekstra pynt.
- Dei her julelysa utanfor SV kom forresten urovekkande tidleg opp. Vart dei hengt opp for å markere den muslimske festivalen Eid heller enn jul?
- Vi i Teknisk avdeling har lyst å markere alt vi. Vi har så mange nasjonalitetar og religionar som arbeider hos oss, så vi har lyst å feire så mykje som mogleg.
- Eg såg i dag ein vaktmeister som jobba utan nisselue. Han verken plystra eller nynna på ein juletonar. Kan dette forsvarast?
- Kva religion hadde han? For viss han er muslim slepp han å gå med nisselue. Vi tvinger ikkje jula på nokon.
- Kvifor tek ikkje reinhaldspersonalet vare på alle dorullar slik at alle studentane kan samlast siste dagen før jul for ein heidundrandes juleverkstad? Det er jo noko som kunne ha hjelpe på sosiale problem mellom både studentar og tilsette. Det er som kjend ingenting som skapar eit godt sosialt miljø som juleverkstad.
- Det er ein kjempeidè for tomme dorullar er ein undervurdert ressurs. Om i tillegg studentane kan ta med seg mjølkekartongar heimefrå, kan vi få ein skikkeleg juleverkstad. Men trur du studentane er edru og villeg til å stille på universitetet slik etter eksamen?
-Viss du gir oss juleverkstad kjem vi.
- Okei, men då seier vi det.
- Bra! Men burde det ikkje vere juleøl i staden for såpe i såpedispenserane no før jul?
- Det har det faktisk komme vedtak på at vi skal byrje med no. Men det vert ikkje før klokka 16:00 om dagen.
- Vi har ein fyr i redaksjonen som prøver å få til det første kysset med ei dame han dater. Er det for mykje forlanga at Teknisk avdeling heng opp eit par misteltein rundt på campus så det er mogleg å få seg noko klinings?
- Eg trur det er nok mørke studentkjellarar her på Blindern til at studentane kan ordne seg klinings sjølv.
- Du nektar å gje studentane julestemning, og forsurar såleis eksamenslesinga ytterlegare …
- Nei, nei, nei! Vi vil berre gjere det på ein rimeleg og miljøvennleg måte!
Men vil du vurdere stillinga di?
- Det gjer eg kvar dag når vekkarklokka ringer.
Tora Systad Tyssen • Stephane Lelarge (fotomontasje)
«NRK kaller oss talentfabrikken», skrøyt Radio Novas påtroppende redaktør i forrige ukes Universitas. Marius Lillelien, radiosjef i NRK, mener utspillet er en fornærmelse. Lyver du, Gøte Strindler?
Etter braksuksessen med å pakke forrige nummer av Universitas i plast, lurer redaksjonen på om plasten er kommet for å bli. Men under redaktør Magnus Lysbergs terrorregime er det ingen som tør å spørre direkte. Så vi utgir oss for å være trykkeriet: – Hei, det er Magnar fra repro. Hvor mange sider skal Universitas ha denne uka, Lysberg?
BI-ledelsen har vært litt utilgjengelig for Universitas i det siste. Vi tenker de kanskje synes vi har vært litt treige med sitatsjekker. Derfor var vi ekstra tidlig ute med å høre om vi hadde sitert prorektor ved BI, Dag Morten Dalen, korrekt. Men vil han egentlig ha sitatsjekk?
Forrige uke fikk vi vite at «magic mushrooms» er en viktig del av studiehverdagen til Gateway-studentene på Bali. Vi spør Gateway infoservice om man trenger «shrooms» for å forstå ex.phil bedre?
Høgskolen i Telemark (HiT) presenterer «Heltene fra Telemark» og lokker med «ro til faglig fordypning». Vet informasjonssjef Per Magnus Holtung hvorfor Blindeforbundet har flere «likes» enn HiT?
Mat-Nat-studenter flykter unna doktorgradsstillinger. Har leder for institutt for informatikk, Morten Dæhlen, vært realistisk i sine forhåpninger om antall doktorgradsstudenter?
Studentersamfundets kommunikasjonsleder skrev i forrige ukes Universitas at Chateau Neuf holdt 516 arrangementer bare i 2011. Kan formann Siriann Bekeng svare på hvorfor ingen studenter har fått det med seg?