Annonse

annonser i Universitas

Forfølgd av Franco

KVEN: Erik Fosse
STUDERTE: Medisin
NÅR: 1972-76
AKTUELL MED: Knivstikk i Gaza

– Det kirurgiske lynnet har alltid tiltala meg. Å vise handlekraft, ta raske avgjersler og stole på dei, seier Erik Fosse.

Dermed vart det medisinstudium på den etter kvart så vidgjetne kirurgen. I første omgang kom han ikkje inn i Oslo, og valte difor å reise til Madrid i Spania. Men det fascistiske diktaturet sette ikkje større pris på eksotiske akademikarspirer. Våren 1972 kom studentopprøra til Spania, og tendensane vart valdelege.

– Myndigheitene i Spania ønskte ikkje utlendingar. Universitetet vart stengt og fleire nordmenn vilkårleg arrestert. Det vart umuleg å fullføre studiet i Madrid, minnest Fosse.

Dermed reiste han atter mot nord. Medisinstudia held fram ved Universitetet i Oslo, og den komande legen fann seg godt til rette der. Han nølar ikkje med å framheve festing som ein essensiell del av studentlivet, men fortel også om mykje hard jobbing. Han tok vakter som pleiemedhjelpar og meiner det er ei røynsle alle medisinstudentar burde ha med seg.

– Du må pleie og ta i pasientar, jobbe med hygiene og snakke med pasientane på ein annan måte. Det er med og styrkar legar sin respekt for andre helsearbeidarar, meiner medisinprofessoren.

Fosse flytta inn på Bjerke studentby i 1973 og budde der i tre år. På denne tida kom det mange chilenske flyktningar til Noreg, som også vart også innlosjert på den nybygde studentbyen. Medisinstudenten skulle dermed få venekrinsen sin kraftig utvida.

– Eg fekk veldig god kontakt med chilenarane fordi eg prata spansk. Slik lærte eg masse om Chile og latin-Amerika, fortel Fosse.

Sidan har verda vore grenselaus, både for solidaritetsarbeid og medisinsk innsats. Fosse har jobba for Palestinakomiteen, Afghanistankomiteen og Norsk folkehjelp, og leier den humanitære organisasjonen NORWAC. I regi av NORWAC tok han seg som kjent inn på Gaza-stripa under det israelske åtaket i 2008 for å hjelpe såra palestinarar. Det var studiekameratar i Madrid som første gongen opna augene hans for Midtausten-konflikten.

– Mange palestinske studentar fortalde meg om situasjonen. Eg hadde vel vore litt ung og naiv, og trudd at Israel var den demokratiske staten og redninga for heile området der, vedgår Fosse.

Palestinarane fekk han til å endre oppfatning.

– Dei tok meg i skule og spurde korleis eg ville reagert om nokon hadde teke halve Noreg og gitt det bort til ei religiøse rørsle. Det fekk det meg til å tenkje, seier kirurgen.

Han tilrår også dagens studentar å reise ut.

– Studentane bør løfte blikket. Medisinstudentar bør tenkje på at legerolla er meir enn å tene pengar og drive med medisin. Mange av dei vi kjem i kontakt med i helsevesenet er ofte taparane i samfunnet, og da er det viktig å ha perspektiv på ting, meiner den samfunnsengasjerte legen.

Sjølv om han ikkje er i tvil om at medisinstudentane i dag har perspektiv.

– Studentmassen har vorte multikulturell, og det er ei flott utvikling. Dette er ofte ungdomar som kjenner andre kulturar, og har ein heilt annan erfaringsbakgrunn. Det må også påverke medisinen, spår Erik Fosse.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i studietid

Elvelangs

Det er vilt, vakkert, vått og inni margen kaldt. I elvepadling er det ikke alltid like lett å følge strømmen.

Menneskejunkien

HVEM: Reidar Hjermann (43) STUDERTE: Psykologi ved NTNU og Åbo akademi NÅR: 1991-1997 AKTUELL: Avtroppende barneombud

Kongene av tørriscurling

Hva har menn i kvinneklær, gullbelagte dobørster og CO2 i fast form til felles? De er alle representert i kjemikernes årlige curlingstevne.

Piker, hvin og salg

De er vakre, unge kvinner i korte skjørt, på jakt etter oppmerksomheten til middelaldrende forretningsmenn. Men vertinnene i Regina Promotion er ikke det du tror de er.

Dissekerte lik på mahogni

HVEM: Jørgen Skavlan (55)

STUDERTE: Medisin ved Royal College of Surgeons i Dublin NÅR: 1979–1982 (I Oslo til 1985) AKTUELL MED: Norges mest populære allmennlege

Fengslende studier

Det er langt fra Blindern til Bredtveit. Uten studiekamerater og fagmiljø er studenter i fengsel ensomme ulver.

Fredsmegler i paradis

HVEM: Nina Svorkås (21) STUDERER: Rettsvitenskap ved Folkeuniversitetet i Trondheim NÅR: 2009- d.d.
AKTUELL SOM: Deltager i Paradise Hotel på TV3

Ex.phil med heksedoktor og magic mushrooms

De norske studentene på Bali lever godt, men hva er det egentlig de driver med der nede?

Makt og motstand i Moskva

Russarane har på ny vald Vladimir Putin til president. Demokratisering ser ikkje ut til å vera deira førsteprioritet.


Flere saker fra studietid »