Annonse

annonser i Universitas

VILLA WYLLER: I ein raudmåla tomannsbustad på Nordstrand held tre generasjonar Wyller hus. Rektorkandidaten har vaksne barn, og kona har gitt klarsignal for ei tidkrevjande rektorgjerning.
FOTO: Paul Anthony Wilson

På nett med strøymingane

Rektorkandidat Trygve Wyller har trua. På seg sjølv, på ungdomen og eit avslappande glas raudvin. Dette har så langt gitt han 93 tilhengjarar på Facebook.

PÅ TRAPPENE: -- Eg trur ikkje på religiøse etasjebygg der helvete er kjellaren, det jordiske livet i midten og himmelen øvst, seier teologiprofessor Trygve Wyller. Her ein tur nedom eigen kjellar, etter å ha blitt spurd om han trur på helvetet.
FOTO: Paul Anthony Wilson

VILLA WYLLER: I ein raudmåla tomannsbustad på Nordstrand held tre generasjonar Wyller hus. Rektorkandidaten har vaksne barn, og kona har gitt klarsignal for ei tidkrevjande rektorgjerning.
FOTO: Paul Anthony Wilson

- Rektor må sjølv melde seg inn i samfunnsdebatten. Da må det meir til enn høflege kronikkar i Aftenposten ein gong i halvåret. Kanskje kan vi ha lunsj med rektor, etter modell av frukost med Bernt?

Mannen som kastar det offensive spørsmålet ut i lufta er teologiprofessoren Trygve Wyller. Dekanen som har blogg og utfordraren som sørgja for at Ole Petter Ottersen ikkje vart einaste mulege frontkjempe for Universitet i Oslo dei fire neste åra. Wyller serverer frukt på fat, eplejuice og ei alternativ drikke skjult på ein grøn flaske.

- Det er berre mineralvatn altså. Men ein italiensk type, forklarar han.

Usunn elitisme

Laurdag føremiddag har nett bikka over i ettermiddag. Rektorkandidaten sit velplassert i eigen sofa, og har lagt armane i ein halvstram kross. Det er valkamp og det gjeld å vera på vakt. Men også på hogget.

- Ottersen og eg er usamde om kor sterk stilling dei sjølvstendige sentra for framifrå forsking skal ha ved universitetet. Eg meiner det er ein elitistisk kultur knytt til desse sentra som ikkje er heldig. Dei har for lite kontakt med reisten av universitetet, hevdar teologen.

Wyller held fram med å forklare at han vil ha eit breiddeuniversitet der alle fakultet aktivt blir inkludert i leiingsprosessane. Han vil omfordele innan dagens rammer for å tilgodesjå studentar og gode forskarar, samstundes som han meiner det er naudsynt å vera meir offensiv i kampen om middel frå Storting og «rike onklar». Wyller snakkar roleg og lågt. Og kontinuerleg. Han bankar i bordet med fingrane, men det går ikkje an å høyre det. Ein kan berre sjå og fornemme og lure på om han gjer det av inderleg overtyding eller av eit ørlite innfall av nervøsitet.

- Det er på tide med ein rektor med min bakgrunn, ein frå humaniora, seier han.

Utanom Universitetsbiblioteket

Trygve Wyller har som andre merka seg debatten om danning. Ottersen sin prorektorkandidat, Inga Bostad, har leia det mykje omtala danningsutvalet, men Wyller er skeptisk.

- Det eg har lest frå dei så langt er ei tilbakevending til 60-talet. Når dei snakkar om å gjenoppta Arne Næss sin filosofi, da tenkjer eg «akk og kjære, kva slags danning er det?» Den danninga som kan slå rot, er ein del av samtida si, seier Wyller bestemt.

Han meiner kunsten er ei viktig kjelde til å oppdage denne samtida.

- Unge kunstnarar er dei beste til å skildre livskjensler. Når eg er i storbyar i utlandet, brukar eg å ta taxi til dei ikkje-velståande delane, der dei små kunstgalleria ligg. Det er det artigaste eg veit, da tek ein pulsen på det som eigentleg skjer. Det er ikkje nok å gå på UB for å finne ut kva tankar som blir tenkt i dag, påpeikar han.

Rektorkandidaten gir oppriktig inntrykk av å vera eit menneske i takt med tida. Stova som omgjer han talar likevel eit anna språk, og konfrontasjonen blir uunngåeleg.

- Vi har ikkje lagt vekt på å ha dei mest trendy møblane, om det er det du siktar til, svarar Wyller ein tanke fornærma, etter å ha fått servert ein påstand om at han, gitt interiøret, kanskje er litt nostalgisk likevel.

- Nei da. Eg tenkte først og fremst på dei gamle skåpa, pianoet og måleria.

- Mykje av det er arvegods, og eg er veldig stolt av familietradisjonen min. Skåpet du ser rett fram der har tilhøyrt slekta mi i 250 år. Torill og eg har vore gift i 37 år og det er vår tradisjon du ser, ikkje berre min, seier Wyller.

Vil ri stormane

I tillegg til den teologiske utdanninga, har Trygve Wyller ein cand.mag.-grad frå Humanistisk fakultet og solid bakgrunn som journalist. Han er likevel overtydd om at teologgjerninga var rette vegen å gå.

- Media er ein spennande ting der du er heilt innpå på verda. I teologi kan ein også vera eit steg utanfor verda. Forsking og formidling stimulerer meg meir, vedgår han.

Wyller avviser at det nære bandet til teologien skulle svekke han som rektor.

- Eg trur det å ha kompetanse på religion i vårt samfunn er ei stor føremon. Dessutan må alle rektorar ha ei privat side, og tilfeldigvis er det å vera kristen ein del av mitt private liv, seier han.

Teologidekanen meiner han er budd på å takle leiingsoppgåvene. Han seier han er sjølvsikker, og at han let vera å gå til motåtak om folk blir sinte på han. Men han er klar over at han kjem til å møte sterke personlegdomar.

- Alle på universitetet meiner dei veit best, og ingen trur dei treng leiing. Men så må ein leie likevel, og det er utfordringa, seier Wyller.

Eit liv utanom

Wyller har signalisert at han skal leggje vekt på undervisning. Han har eiga facebookgruppe som avslørar at han er populær blant studentane, og han figurerer som meir moderne for kvar gong han leverer eit intervju.

- Er du studentane sin mann i denne valkampen?

- Eg trur eg blir det. Studentane er ikkje eit tillegg, men ein avgjerande del av universitetet.

Wyller vil understreke at han ikkje ønskjer å vera krampaktig ungdomleg.

- Eg er ikkje på Facebook for å vera kul. Eg er der fordi det er ein del av samtidskulturen, seier han.

Ei solstråle kviler på enden av sofaen. Ei ny og breiare ei er i ferd med å brette seg ut over bordplata. Det er ingen lydar å høyre, og det går ubønnhørleg mot helg.

- Kva gjer du når du skal kople heilt av?

- Sit stile i sofaen og tek eit glas raudvin. Pratar med kona eller ser ein god film.

Rektorkandidaten som for kort tid sidan var så rak i ryggen som nesten berre ein teolog kan vera, har no begynt å flate litt ut. Han nærast ligg i den grå sofaen sin når han seier:

- Eg har da eit liv utanom alle desse greiene også.

4 kommentarer

student

Typisk at en teologi-professor må framheve at han tar seg et glass rødvin. Er ikke avholds sjøl, og heller ikke kristen, så jeg har ingen problemer med at Wyller gjør det. Men det er likevel typisk at preser og andre MÅ framheve det for å poengtere at de ikke er mørkemenn. For alle andre ville det vært en unødvendig opplysning, all den tid artikkelen tross alt ikke handler om mat&drikke, men om univ. politikk.

NN

Dette er rett og slett patetisk. En rektor som har sitt fundament i en bok med dets ritualer og som sitter og drikker rødvin som en aristrokrat. Jeg vil si det ikke tjener UiO sitt omdømme.

NN

Universitetspolitikk, hva er det? Ikke annet enn et møte i foreninga. Det høres bare finere ut, et muppetshow som er til å le av. Gevinsten er 1 million i inntekt til rektor, omtrent det som som gevinsten på et skraplodd (og 3x mer enn hva andre får). Helt utrolig at tilsatte og studenter nedlesses av epost å ta stilling til dette her.

NN

Vi skal på sett og vis være glad at vi har en rektorkandidat som er tilhenger av den kristne tro. Det ville vært vesentlig værre om kandidaten tilhørte ekstrem norsk islamisme.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i studietid

Elvelangs

Det er vilt, vakkert, vått og inni margen kaldt. I elvepadling er det ikke alltid like lett å følge strømmen.

Menneskejunkien

HVEM: Reidar Hjermann (43) STUDERTE: Psykologi ved NTNU og Åbo akademi NÅR: 1991-1997 AKTUELL: Avtroppende barneombud

Kongene av tørriscurling

Hva har menn i kvinneklær, gullbelagte dobørster og CO2 i fast form til felles? De er alle representert i kjemikernes årlige curlingstevne.

Piker, hvin og salg

De er vakre, unge kvinner i korte skjørt, på jakt etter oppmerksomheten til middelaldrende forretningsmenn. Men vertinnene i Regina Promotion er ikke det du tror de er.

Dissekerte lik på mahogni

HVEM: Jørgen Skavlan (55)

STUDERTE: Medisin ved Royal College of Surgeons i Dublin NÅR: 1979–1982 (I Oslo til 1985) AKTUELL MED: Norges mest populære allmennlege

Fengslende studier

Det er langt fra Blindern til Bredtveit. Uten studiekamerater og fagmiljø er studenter i fengsel ensomme ulver.

Fredsmegler i paradis

HVEM: Nina Svorkås (21) STUDERER: Rettsvitenskap ved Folkeuniversitetet i Trondheim NÅR: 2009- d.d.
AKTUELL SOM: Deltager i Paradise Hotel på TV3

Ex.phil med heksedoktor og magic mushrooms

De norske studentene på Bali lever godt, men hva er det egentlig de driver med der nede?

Makt og motstand i Moskva

Russarane har på ny vald Vladimir Putin til president. Demokratisering ser ikkje ut til å vera deira førsteprioritet.


Flere saker fra studietid »