Eit utbrot
Betre bør du ber ikkje i vegen enn manntal stort. Troppane har samla seg på sagaøya, og studentane er klare til kamp.
- Folk overalt er forbanna. Studentar får 80 000 islandske kroner i månaden i lån, noko som eigentleg er utruleg lite. Og no begynner prisane å stige, seier Helga Thórey Jónsdóttir.
Den islandske studenten har gitt seg med i eit opptog. Alt frå hylande spedbarn til haltande besteforeldre har gjort det same, og gatene i Reykjavik er fulle og tronge. Menneske på fortaua vinkar iherdig, pressefolk frå heile verda har fått los. Med islandske flag og ustemt hornmusikk kan det heile minna om ei nasjonaldagsfeiring. Det omtrent så langt frå sanninga som ein kan koma.
- Regjeringa må gå av. Det er det plakatane her tyder, forklarar Jónsdóttir.
Ho meiner kritikken er rettvis.
- Det blir som om nokon kjem heim til deg og rotar på rommet ditt, og så nektar å rydde opp att.
- Regjeringa har laga eit miljø for finansfolka til å spela med pengar dei ikkje har eller pengar som tilhøyrar vanlege folk, seier ho.
Flag og ulluer
Jónsdóttir studerer litteratur og film ved Universitet på Island. I følgje henne er det vanleg at islandske studentar har både familie og huslån, og dei økonomiske utfordringane er i ferd med å gi ein pressa studiesituasjon.
- Det kom ein diskusjon i timen. Mange meinte at pensumet måtte kuttast ned på, for at studentane skulle greie å koma gjennom det. Men det gjekk ikkje forelesaren med på. Han ville ikkje la dei som har ansvar for studiefinansieringa diktere pensummengda, fortel Jónsdóttir.
Raude flag vaiar blant fargerike ulluer, og trailerar tutar ustanseleg. Også Marta Jónsdóttir, saman med sonen Matteus Hjórtur, er med og demonstrerer. Som åleinemor og sjukepleiarstudent set ho liten pris på økonomisk turbulens, men det finst også lyspunkt i det som skjer.
- Sjukpleiarar har alltid hatt dårlege løner og arbeidskår. Men no er det faktisk vi som går trygge tider i møte. Dei jobbane kjem jo ikkje til å forsvinne, seier Jónsdottir nøgd.
- Ekstremt roleg folk
Det islandske folket går i motbakke. Sakte, men framover. Dei er saman, lyfter i flokk, og det er alt anna enn ein nasjon i oppløysing som gir seg til syne den soleklare haustdagen på ei øy vest i havet. Men aggresjonen må ut.
- Regjeringa gjer ingenting, det er ikkje akseptabelt, seier Sveinn Phórhallsson.
Han studerer biologi og bur i Keflavik, litt utanfor hovudstaden. Den unge mannen går litt for seg sjølv, ser ned i bakken, og det er elles lite ved han som minnar om ein overdriven trong til å gjera opprør. Phórhallsson synes det er vanskeleg å seia nøyaktig kva regjeringa skulle ha gjort, men er klar på at han forventar meir enn det han ser i dag.
- Dei kunne begynt med å seia noko. No er dei heilt tause. Studentar i utlandet blir hive på dør, men vi høyrer ingenting frå regjeringa, seier han.
Som ein ropar til ei mengd frustrerte islendingar får ein svar. Ved demonstrasjonstoget sin endestasjon, ei tilkjørt scene i ein rimfrosen park, har folketalarane stige fram. Høgttalarane ber ut små jordskjelv av kamprop, og massane gir åtgaum.
- Einskap er ei kraft ingen kan motstå, ropar Larus Pall Birgisson i det han avsluttar.
Birgisson jobbar som pleieassistent og er forbanna over langvarige nedskjeringar i sjukehussystemet. I toretalen har regjeringa fått gjennomgå for å bruke pengar på NATO-øvingar i staden for helse. Han er overvelda over oppmøtet på demonstrasjonen.
- Eg har aldri sett liknande. Islendingar protesterer ikkje. Vi er eit ekstremt roleg folk, seier han.
Helga Jonsdottir går heimover. Ho har huslån der rentene er iferd med å stige, og i den vanlege deltidsjobben som frilansjournalist er det lite pengar å hente om dagen.
- Har du begynt å hamstre varer?
- Nei, eg vil ikkje vera med på panikken. Ein må ikkje bli gal av dette. Og så har eg ikkje fryseboks heller, ler den islandske studenten.
- Men det kjem ikkje til å bli eit bra semester, dette her, legg ho til.
Fakta
- Island har sju universitet og høgskolar med, omlag 20 000 studentar.
- Universitet på Island er den største høgare utdanningsinstitusjonen.
- Omlag 3000 islandske studentar tek heilgradsstudiar i utland. Rundt 40 prosent av desse i Danmark.
- Vekslingskursen hos Noregs Bank er for tida 2,84 norske kroner for 100 islandske kroner.
















