Annonse

annonser i Universitas

Lanserte falsk kandidat

KVEN:Ottar Hellevik
STUDERTE: Master i sosiologi, med statsvitskap og sosialøkonomi som støttefag.
NÅR: Frå 1962-1968
AKTUELL MED: Har gjeve ut boka «Jakten på den norske lykken»

(Foto: Privat)

Heilt frå Hellevik var med i eit radikalt miljø på «Katta», var han oppteken av å forstå og endre samfunnet. Og med sosiologen Johan Galtung som førebilete var det ikkje vanskeleg å velje fag på universitetet.

- Eg såg opp til Galtung og sidan han var sosiolog, tenkte eg at det kunne vere eit interessant fag å ta sjølv, fortel han.

Berre ni andre byrja på grunnfaget saman med han. Det gjorde at forholdet til forelesarane, Ørjan Øyen og Erik Grønset, vart nært og godt.

- Noko av det eg hugsar, er kor gamle vi synast dei var. I røynda var dei i slutten av tredveåra. Så eg lurer på kva studentar i dag tykkjer om meg og mine jamaldrande kollegar, seier han.

Til trass for godt forhold til undervisarane på Blindern, vart Hellevik lokka mot andre institusjonar òg. Han byrja tideleg som assistent på Institutt for fredsforsking, og enda opp med å vere der meir enn på Blindern. Noko han trur gjorde studietida hans trivelegare.

- På den måten unngjekk eg å verte dregen inn i dei ørkesløse diskusjonane med marxist-leninistane på sekstitalet, ler han.

Men det var ikkje berre diskusjonane han slapp unna som var kjekt med assistentjobben.

- Galtung, som arbeidde på instituttet, kasta oss ut på djupt vatn før vi hadde lært å symje. Takket vere han fekk eg inn den første artikkelen min i Tidsskrift for samfunnsforsking berre 21 år gamal. Seinare opplevde eg at Jens Christophersen synte til artikkelen i ei førelesning då eg etter kvart tok grunnfag i statsvitskap. Det var jo morosamt, fortel Hellevik.

Som student var han med i redaksjonen av Pax og aktiv i Sosialistisk studentlag og Studentersamfunnet. Begge stadar gjekk han ikkje av vegen for uortodokse forslag.

- Eg gjorde meg til allmenn latter i studentlaget ved å foreslå røykeforbod på møta i Studentersamfunnet, fortel han.

Hellevik forklarar at på den tida var det intens konkurranse om makta mellom høgre og venstresida i Studentersamfunnet. Innad i venstresida var det mykje diskusjon. Venstresida stilte ofte kandidatar på Studentersamfunnet saman for å vere sterkare. Kandidaten som var vald ut eine gongen, tykte Hellevik og hans gjeng var så keisam at dei var redde «deira folk» ikkje ville gidde å møte på generalforsamlinga.

- Difor vart det lansert ein fiktiv kandidat, Åke Baidoff. Namnet lånte vi frå ein svensk fotballspelar. Han hadde styre, spennande program og det heile. Det var kanskje ikkje så overraskande at påfunnet forsura samarbeidet på venstresida etter det, ler han.

Til trass for mykje moro og sosialt engasjement på Studentersamfunnet, var Hellevik og nøydd å ta eksamenar. Kjensla etter å vere ferdig med den siste hugsar han godt.

- Eg hugsar ei kjensle av enorm lettelse då siste eksamen var avlagt. Aldri meir, var ein herlig tanke, avsluttar han.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i studietid

Elvelangs

Det er vilt, vakkert, vått og inni margen kaldt. I elvepadling er det ikke alltid like lett å følge strømmen.

Menneskejunkien

HVEM: Reidar Hjermann (43) STUDERTE: Psykologi ved NTNU og Åbo akademi NÅR: 1991-1997 AKTUELL: Avtroppende barneombud

Kongene av tørriscurling

Hva har menn i kvinneklær, gullbelagte dobørster og CO2 i fast form til felles? De er alle representert i kjemikernes årlige curlingstevne.

Piker, hvin og salg

De er vakre, unge kvinner i korte skjørt, på jakt etter oppmerksomheten til middelaldrende forretningsmenn. Men vertinnene i Regina Promotion er ikke det du tror de er.

Dissekerte lik på mahogni

HVEM: Jørgen Skavlan (55)

STUDERTE: Medisin ved Royal College of Surgeons i Dublin NÅR: 1979–1982 (I Oslo til 1985) AKTUELL MED: Norges mest populære allmennlege

Fengslende studier

Det er langt fra Blindern til Bredtveit. Uten studiekamerater og fagmiljø er studenter i fengsel ensomme ulver.

Fredsmegler i paradis

HVEM: Nina Svorkås (21) STUDERER: Rettsvitenskap ved Folkeuniversitetet i Trondheim NÅR: 2009- d.d.
AKTUELL SOM: Deltager i Paradise Hotel på TV3

Ex.phil med heksedoktor og magic mushrooms

De norske studentene på Bali lever godt, men hva er det egentlig de driver med der nede?

Makt og motstand i Moskva

Russarane har på ny vald Vladimir Putin til president. Demokratisering ser ikkje ut til å vera deira førsteprioritet.


Flere saker fra studietid »