Illustrasjon: Øivind Hovland
Illustrasjon: Øivind Hovland

Kor er alle studentpolitikarar hen? Stå opp igjen

Dersom studentpolitikarane ikkje orkar å ta stilling til høge leiarlønningar i SiO, er det ikkje vits i å ha dei.

Det er mykje som er urettferdig når du er student, spesielt når det gjeld pengar. Det er urettferdig at du får så lite i stipend, og at hektoprisen i Frederikke-kantina på Blindern ikkje tek høgde for at du har eit dårleg augemål. Det er også urettferdig at direktøren for Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) skal tena så godt på at du brukar den slanke summen du får kvar månad på mat, trening og andre tenester der du faktisk studerer.

Mange av tinga studentar irriterer seg over er irrasjonelle. Det er godt mogleg at raseriet over dei rause 1,7 millionane SiO-direktør Lisbeth Dyrberg fekk utbetalt i 2015 kan vera ein av dei, men kritikken er absolutt er på sin plass når talet er så høgt. Faktisk tente ho meir enn Statens vegvesen-sjef Terje Moe Gustavsen, som sat att med 1,5 millionar i fjor. Løna til dei begge er mellom anna finansiert av ei avgift frå privatpersonar – studieavgift og vegavgift – men Moe Gustavsen har ansvar for over 7500 tilsette og vegane i heile landet der Dyrberg styrer knappe 600 tilsette og har ansvar for 65 000 studentar.

Argumenta for at Dyrberg skal få godt betalt er at SiO treng gode leiarar med konkurransedyktig løn, men det finst grenser. At denne løna har auka med 400 000 dei siste to åra gjer det vanskelegare å tolerera. Likevel kan eg kjøpa argumentet for høge leiarlønningar på ein god dag, men først vil eg sjå at studentpolitikarane kjempar berre bittelitt for at SiO-leiinga skal forsvara den høge lønna si.

Det er i saker som dette representantane på Velferdstinget (VT) får ei litt uklar rolle. VT er «det øvste politiske organet i velferdsspørsmål for studentar knytt til SiO», som det står på deira eigne heimesider. Det betyr dei skal verna om studentanes rettar og sikra velferda. Då Dyrberg-lønna vart ei sak i studentmedia, tok Universitas kontakt med alle dei 37 studentrepresentantane på Velferdstinget. Av desse var det 17 me ikkje fekk tak i, og 13 som ikkje ville kommentera saka. Til slutt var det berre fire av representantane på VT som uttalte seg – knappe elleve prosent i ei sak som engasjerer studentar.

Biletet blir verre når me tek med at leiaren for VT, Aleksander Gjøsæter, i utgangspunktet ikkje ville dela kontaktinformasjonen til resten av representantane med Universitas. Då sit me med eit politisk organ som skal representera studentane, men som ikkje vil uttala seg om viktige saker eller i det heile vera tilgjengelege for studentpressa.

Om VT-representantane vil vera usynlege når studentar fryktar for kor pengane deira hamnar, er det ikkje vits i å ha dei. Det blir som at Stortinget skulle reagert med eit skuldertrekk dersom folket mistenkte at litt for mykje av skattepengane hamna i lomma til statsministeren sjølv.

VT-leiaren sjølv, Aleksander Gjøsæter, er ein av veldig få som har uttalt seg i saka, og han forsvarar stillheita til dei andre. Det er eit teikn på eit godt demokrati at representantane vil setta seg inn i sakene før dei uttalar seg, sa han til Universitas. Det har han heilt rett i, men om berre eit lite mindretal av studentrepresentantane har energien til å setta seg inn i denne saka i løpet av dei siste tre vekene, står det heller ganske stusseleg til. Gjøsæter forsvarar altså at representantane ikkje gjer jobben sin ved å peika på ein annan del av jobben sin dei ikkje gjer.

Det gjer meg ikkje spesielt trygg på at det berre er irrasjonell irritasjon som gjer at det smakar vondt når eg ser at SiO-direktøren tenar så mykje som ho gjer.