Forbanning? Direktør på Chateau Neuf, Thorstein Sjursen lurer på om det kviler ein forbanning over huset.

Chateau Neufs turbulente år

Igjen er Chateau Neuf i hardt vêr. Dette føyer seg inn i ei lang rekke av uheldige hendingar dei siste åra.

Publisert Sist oppdatert

– Det hender eg lurer på om det kviler ei forbanning over denne staden her. I fjor var det to rettssaker som sugde livskrafta ut av mange på huset her, seier Thorstein Sjursen, direktør ved Det Norske Studentersamfund (DNS).

Det er stille i gangane på Chateau Neuf. [På fredag gjekk leiaren av DNS av etter det som er kalla ein alvorleg hending på eit nachspiel.](1) Det er den andre formannen som har måtte gå av på under to år, og det er ikkje det einaste DNS har slitt med.

Chateau Neuf har dei siste åra nemleg vore prega av konkurstrussel, økonomisk krøll, og ei Facebook-side som vart kuppa.

Ei mørk framtid

I 2014 var økonomien i DNS kriseramma. Framtida for studentane på Chateau Neuf var trua. [Den dåverande formannen, Martin Tveten, i DNS varsla medlemmane om moglegheita for at Chateau Neuf kunne gå konkurs.](2)

– Eg må orientere om den alvorlege tilstanden Chateau Neuf AS er i, og mogelege konsekvensar dette vil ha, skreiv Tveten i ein e-post til medlemmane.

Reddningsmannen

Den skakkøyrde økonomien hadde nådd brestepunktet då Markus Knutsen blei valt som formann i 2016. Han vart visstnok headhunta frå BI for å gjere grep om den slitne økonomien på huset. [Gjennom millionkutt såg det ut som om Knutsen fekk økonomien på betringas veg.](3)

– Det er ein grunn til at vi får mail frå manageren til Snoop Dog nesten månadleg, sa Knutsen til Universitas etter han hadde tiltredd som ny leiar.

Trass den økonomiske optimismen, murra det i kulissene. [Knutsen blei fort lagt merke til, og det blei særleg oppstyr då han ga ei strippestang til Feministisk Forum etter at dei hadde arrangert feministveke på huset.](4)

Økonomisk rot

Berre eit halvt år etter at Knutsen blei valt til leiar, [trådde han frå stillinga som formann. Årsaka var personalkonfliktar og økonomisk rot.](5)

Det vart mellom anna stilt mistillitsforslag mot Knutsen. Der kom det fram alvorlege klager og han blei skulda for å «sabotere husets drift».

Då Linn Cecilie Andresen tok over som ny dagleg leiar i DNS, fant ho økonomiske uregelmessigheiter då ho gjekk igjennom rekneskapen. Feila gjaldt manglande kvitteringar og utbetaling av styrehonorar som ikkje såg ut til å følje budsjettet sin utbetalingsplan.

– Summen består av to styrehonorar, manglande kvitteringar på diverse utgifter, i tillegg til at Knutsen har overført pengar til seg sjølv etter at han gjekk av som formann, sa den då nyvalte leiaren av DNS, Trygve Bernhardt Moen Haaland, til Universitas i mars i fjor.

Knutsen hadde dermed to val: anten betale attende summen eller ta saka vidare til tingretten.

I august 2017 hamna saka for retten. [Her blei Knutsen dømt til å betale attende delar av summen.](6)

Oslo tingrett: DNS møtte tidligare formann Markus Knutsen i retten. Møtet vart beskrive som ubehageleg av Universitas-journalist Ingrid Ekeberg. Foto: Hanna Hjardar.

Facebooksidekupp

Det tok midlertidig ikkje lang tid før det storma igjen på Chateau Neuf. I mars 2017 byrja nemleg opptakta til endå ei rettssak der DNS var involvert. Bakgrunnen var at Facebook-sida til DNS sitt oktoberfest-arrangement var tatt av Heine Strømme. På Facebook-sida annonserte han at den årlege festen var flytta til Youngstorget.

Chateau Neuf gjekk rettens veg for å få attende administratorrettane til sida. Chateau Neuf fekk medhald, og Strømme måtte gi frå seg facebooksida med 15 000 følgjarar til Chateau Neuf. Strømme var ikkje særleg nøgd med dommen.

– Dette er ingen endeleg dom, det er ei midlertidig forføyning som er fatta utan at eg har fått høve til å gi tilsvar. Kjennelsen er full av faktafeil basert på Chateau Neufs feilaktige påstander, og vi held no på med å skrive eit tilsvar og krevje ei munnleg forhandling, sa Strømme til Universitas.

[Strømme fekk ikkje medhald i ankinga av saka.](7)

Mektig: Trygve Berhardt Moen Haaland vart i haust kåra til den tredje mektigaste studenten i Oslo i Universitas si maktkåring.

Økonomisk optimisme

Det ser ikkje ut til ulykka har gitt seg på Chateau Neuf. [Førre tysdag blei det kjent at Studentersamfunnet stoppar alle nachspiel på Chateau Neuf etter ei alvorleg hending natt til førre tysdag. No trekk Haaland seg som følge av hendinga.](8)

Dagleg leiar for Chateau Neuf, Linn Christin Andresen, ynskjer å presisere at felles for alle sakene sidan 2016, er at dei har blitt tatt tak i.

– Vi har dessverre ikkje godt nok innblikk i korleis liknande saker har blitt handterte tidlegare, men vi som jobbar i administrasjonen nå, ynskjar å ta fortlaupande tak i uynskja hendingar og slå ned på misbruk av organisasjonens ressursar, seier ho.

Ho fortel vidare at ein ikkje kan heilgardere seg mot uynskja hendingar i ein så stor organisasjon.

[Trass dei turbulente åra kunne DNS likevel skryte på seg eit overskot på 800 000 kroner i 2016.](9) Auka salsinntekter og kutt i løningar er mellom anna det som har bidratt til overskotet.

– Økonomisk er vi veldig positive for framtida. Vi har gode resultat og mykje aktivt på huset, seier Thorstein Sjursen, direktør på Chateau Neuf.

Powered by Labrador CMS