Whiskeyland: Whiskyen frå Campbeltown blir laga med vatn frå Crosshill Loch (venstre) og lagra i sjølufta frå Campbeltown Loch.

Melding hjem: Ein dram i timen

Har du smaken på salt og oljete whisky, er Campbeltown i Skottland ditt Mekka.

Publisert Sist oppdatert

Whisky

  • Bland byggmalt med varmt vatn
  • Tilset gjær
  • Destiller på eit brennesapparat
  • Lagra på eikefat i minst tre år, gjerne tolv

– Me brukte å kalla dette ein damewhisky, seier whiskyguiden medan han skjenkjer oss ein 10 år gamal Hazelburn single malt frå Springbank-brenneriet litt lenger nedi gata.

– Men då fekk me ei rasande melding på TripAdvisor. Dessutan var det flaut for menna som likte Hazelburn. No kallar me det ein frukostwhisky, og då likar alle det, legg guiden til.

Det er lett å forstå kva han meiner. Til forskjell frå dei andre whiskyane me får smaka, alle med varierande innslag av torvrøyk, tang og tjære, er Hazelburn rund og lett å drikka.

Me er i Campbeltown, ein sliten hamneby på halvøya Kintyre vest i Skottland. Om du er god til å kasta stein, kan du i dag treffa tre whiskybrenneri frå Cadenhead’s Whisky Shop, der smakinga føregår: Glen Scotia, Glengyle og nemnte Springbank, som er det eldste og mest anerkjente. I tillegg til Hazelburn produserer dei whiskymerka Longrow og (nettopp) Springbank, og alt blir gjort handverksmessig her i Campbeltown – frå malting av bygg til lagring på fat og tapping på flasker – omtrent som det har blitt gjort sidan starten i 1828.

På 1800-talet, då byen var kjent som verdas whiskyhovudstad, var det rundt 30 brenneri her. Etter andre verdskrigen var det berre to att, men då høge herrar i whiskyindustrien truga med å ta frå byen statusen som eit eige whiskydistrikt, tok folka bak Springbank initiativ til å liva opp att det gamle Glengyle-brenneriet (lokala var knapt gjort noko dei siste 80 åra). Det skjedde i 2004, og i august i år hadde den første whiskyen deira endeleg stått lenge nok på fat til at han var klar for å bli tappa på flasker og lagt ut for sal, under namnet Kilkerran. Som Springbank-whiskyen har Kilkerran tatt preg av den salte sjølukta som du kjenner overalt i Campbeltown.

Etter å ha smakt på bortimot ti whiskyar hos Cadenhead’s tar eg turen opp til sjølve kjelda. Crosshill Loch, på høgda bak byen, er der det heile startar: Det går røyr direkte frå innsjøen ned til brenneria i sentrum, og vatnet går rett inn som råvare i whiskyen. Litt høgare oppe, ved foten av Beinn Ghuilean, står ein benk som gir nydeleg utsikt over byen, som snor seg som ein våt sokk langs buktinga av Campbeltown Loch. Ein kjærkomen stad for ein rast – og ein liten dram.

Powered by Labrador CMS