FULLFØRER: Førsteårsstudent Emilie Bryni har ingen planar om å droppe ut av bachelorprogrammet i estetiske fag, men forstår at mange HF-studentar gjer det.

Somlar og surrar med studia

Studentane på humanistiske fag bruker lengst tid på å fullføre studiet og byter oftast studieprogram.

Publisert Sist oppdatert
Emilie Bryni
Emilie Bryni

Systemet legg opp til at du gjer det riktige valet med ein gong, men det er ikkje alltid er tilfelle

Eirik Welo, studiedekan ved HF

Tilstandsrapporten for høgre utdanning 2016:

  • I 2015 var det registrert 245 000 studentar ved norske universitet og høgskular
  • Talet har auka med 27 prosent sidan 2006
  • 2015 var det første året då studentane tok meir enn 10 000 000 studiepoeng
  • Nær tre av ti bachelorstudentar på UiO fullfører graden på normert tid; på HiOA fullfører én av to.

– Mange av faga på HF er tenkefag, og nokon synest kanskje det blir vanskeleg å måtte tenke originalt. Det kan vere frustrerande når du ikkje forstår konsepta.

I den lange korridoren på P. A. Munchs hus på Blindern ventar Emilie Bryni på ei førelesing i litteraturhistorie som seinare viser seg å vere avlyst. Ho går første året på estetiske studium med fordjuping i litteraturvitskap. Av dei ho byrja på studiet saman med i fjor haust, har nokon alt falle frå, og fleire har byta studium – ofte internt på HF, fortel Bryni.

– Vi lærer om mykje forskjellig, som historie og filosofi, og mange finn ut at det interessant og vil gå vidare med det. Mange studentar har kanskje ei meir overordna interesse for HF-fag i utgangspunktet, seier ho.

Brei danningsprofil

Måndag la Kunnskapsdepartementet fram Tilstandsrapporten for høgre utdanning 2016. Den viser at HF-studentane er klasseverstingar når det gjeld å fullføre studia. Av alle som starta på ei treårig bachelorutdanning i humanistiske fag i 2010, kunne berre ein firedel hente ut vitnemålet sitt sommaren 2013. To år seinare hadde framleis berre fire av ti fullført bachelorgraden, medan over halvparten av studentane hadde falle frå.

Eirik Welo, prodekan for studium på Det humanistiske fakultetet ved Universitet i Oslo, meiner som Bryni at eigenarten til humaniora forklarer noko av fråfallet.

– Det kan ha å gjere med at HF har ein brei danningsprofil, utan profesjonsutdanningar. Det kan også ha å gjere med at det er ein del som tar HF-fag av interesse, og ikkje for å ta ein grad som gir grunnlag for vidare arbeid, seier Welo.

– Frustrerande

Han fortel at fakultetet jobbar med å betre mottaket av studentar på førsteåret for å motverke fråfall, og at dei også held på å analysere fråfallsstatistikken nærare for å kunne treffe målretta tiltak.

– Stort fråfall er frustrerande for lærarar fordi ein ser at den innsatsen ein legg ned i undervisninga, ikkje munnar ut i kandidatar med ferdig grad som kan gå vidare til forsking eller arbeidsliv. Nokon typar fråfall kan også vere negativt for læringsmiljøet fordi studentgruppene på høgre nivå blir små og ein mister kontakt med folk ein har gått saman med i byrjinga av studiet, seier Welo, som også er førstelektor i gresk.

GRAF: Tilstandsrapporten viser at alle norske studentar somlar med studia, men studentane på humanistiske fag somlar mest. Grafen viser kor mange av studentane som byrja på eit treårig bachelorprogram hausten 2010 som hadde fullført eller falt frå etter tre og fem år.

Lite fleksibilitet

Tilstandsrapporten stadfestar at mange som fell frå, går over på ei anna utdanning. Innan HF-faga fullfører heile éin av fire til slutt eit anna studieprogram enn det dei byrja på. Studiedekan Welo understrekar at det ikkje er noko nederlag at nokon byter studieprogram, og meiner fråfallsproblematikken til dels handlar om organiseringa av studiet.

– Slik det er organisert no, må studentane ta eit stort val tidleg, når dei melder seg opp til eit studieprogram. Systemet legg opp til at du gjer det riktige valet med ein gong, men det er ikkje alltid er tilfelle, seier Welo.

Dagens system med bachelor- og mastergradar vart innført med kvalitetsreforma i høgre utdanning i 2003, som nettopp hadde som føremål å få gjennomføringa opp. I fjor slo Riksrevisjonen eintydig fast at måla med reforma ikkje er nådd. Welo meiner det er tid for å diskutere om dei strukturerte bachelorprogramma passar til studentane sine behov i dag.

– I det gamle systemet var det for lite struktur, men no har det kanskje blitt for mykje struktur. Kanskje skulle det vore meir fleksibilitet i korleis ein kan setje saman fag og emne i ein grad, slik at ein ikkje må gjere det valet siste året på vidaregåande når ein søkjer opptak, seier Welo.

Uroleg for fråfallet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) seier i ei pressemelding at han er uroleg for det store fråfallet, og varslar at det kjem politiske tiltak i Stortingsmeldinga om utdanningskvalitet neste år. Til Universitas seier han at meir fleksibel studieorganisering må vere opp til universiteta sjølve, og antyder dermed at dette ikkje står på den politiske agendaen.

– I dag har institusjonen fridom til å lage meir fleksibilitet, og har difor høve til å vurdere dette som eitt tiltak for å hindre fråfallet, seier Isaksen.

Powered by Labrador CMS