Fleire studentar, færre stemmer

Ved årets studentparlamentsval på Høgskolen i Oslo og Akershus var valdeltakinga kun åtte prosent. Det er soleklart lågast blant dei største institusjonane i landet.

Publisert Sist oppdatert

Valdeltaking 2015

  • 2013: 13,5 prosent
  • 2014: 10,6 prosent
  • 2015: 8,4 prosent
  • Universitetet i Oslo: 14,4 prosent
  • NTNU: 13,3 prosent
  • Høgskolen i Oslo og Akershus: 8,4 prosent
  • Universitetet i Bergen: 22 prosent
  • Høgskolen i Bergen: 31 prosent

For to veker sidan var det val i Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Sjølv om Høgskolenstadig får leire studentar, er det færre og færre studentar som vel å stemme. I 2013 var det 13,5 prosent som stemte, i fjor var valdeltakinga på 10,6 prosent, medan den i år har falt heilt ned på 8,4 prosent. Tal frå nettavisa Khrono viser at 786 færre studentar avga si røyst i år enn i 2013, medan antal røysteføre har auka med 1774.

– Eit alvorleg problem

Christofer Alsvik, leiar av Arbeidsutvaleti Studentparlamentet ved HiOA, er ikkje fornøgd med denne trenden.

– Kvifor er det kun 8,4 prosent av studentane ved Høgskolen i Oslo og Akershus som har røysta?

– At valdeltakinga i det heile tatt er så låg er eit alvorleg problem. Vi har i år satt valdeltaking høgt på prioriteringslista, snakka med folk og brukt sosiale media.

Men vi har bomma på eit par ting, som ved den eine standen vi hadde i Pilestredet 32, der sjukepleiarane hadde lesedag. Stands, bollar og kaffe

– Kva er det Studentparlamentet har gjort for å prøve å få leire til å stemme ved valet?

– Vi har hatt fem stands med kandidatane i dei største bygga med

bollar og kafe, samt ein PC slik at folk får stemme. Vi har prøvd å få kandidatane til å engasjere klassene og bruke sosiale media.

– Kvifor fungerer det ikkje?

– Vi bomma som sagt på den eine standen. Men om vi samanliknar oss med Høgskolen i Bergen så er Arbeidsutvalet like stort, og antal studenter som har stemt er omlag det same. Dessuten er dei 10 000 færre studenter. Det handlar

litt om kor mange mennesker man rekker å nå ut til.

Av tiltak for å betre valdeltakinga nemner Alsvik at Arbeidsutvalet skal utforme ei ny valordning.

– Kan det tenkast at det har noko med sakene ved HiOA som ikkje engasjerer?

– Sakane vi jobbar med engasjerer studentane, problemet er å få kontakt med alle saman. Personleg kontakt vil vere fokuset neste år.

* Les mer: – Vi vil ha undervisningsvideoer på nett som på sikt skal ta over for den klassiske forelesningsmetoden, sier leder Christoffer Alsvik

Nedgang også på UiO

Det er ikkje berre HiOA som har opplevd nedgang. Ved Universitetet i Oslo opplevde dei ein nedgang frå 16,13 prosent i fjor til 14,47 prosent i år.

– Skal valdeltakinga ved UiO ligge på 14,47 prosent?

– Nei, det skal den ikkje, og det jobbar vi med. Vi har blant anna oppretta ein promoteringskomité, svarar Julie Sørlie Paus-Knudsen, leiar i Studentparlamentet ved UiO. Paus-Knudsen seier at den store utfordringa er kontinuitet, og at det difor kan vere vanskeleg å ha ei god evaluering i etterkant

av val. Ho trur mangel på kjennskaptil studentdemokratiet og studentparlamentet er avgjerande årsaker til at så få deltek i val, og

legger til:

– Studenter lest har vel kanskje nok som fyller tida.

Over 30 prosent deltaking

Blant utdanningsinstitusjonane i landet som har opplevd høgst deltaking, troner Høgskolen i Bergen. Der hadde dei ei oppslutnad på over 30 prosent. Internt hadde Fredrik Bødtker, leiar av Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen,

og resten av parlamentet ei målsetning om 40 prosent deltaking, men er likevel glade.

– Vi er veldig fornøgde med valoppslutninga, og ser ut til å ha stabilisert oss på ei veldig høg valdeltaking sett opp mot andre institusjonars resultat.

Han meinar ei oppslutning på 30 prosent gir ei heilt anna legitimitet ovanfor leiinga når dei fremjar synspunkt.

– Ved å bruke nettverka til dei tillitsvalde, medstudenter og kandidatar har vi nådd mange studenter, seier han.

Bødtker trekk fram dialog med studentane som ei av hovudprioriteringane

under valveka.

– Er det saker som engasjerer studentene ved HiB noko spesielt?

– Til saman har vi ca. 200 lesesalsplassar fordelt på 8 300 studenter. Dette skaper sjølvsagt ein meget pressa situasjon for studentene.

Powered by Labrador CMS