RIKTIG UTVIKLING: – Det er mykje som skal gjerast før Mali oppnår full skuledekning, og god nok undervisningskvalitet. Men viljen er der, og utviklinga går i riktig retning, sier Live Roaldseth. Hun har nyleg skrive masteroppgåve om utdanning i Mali.

Kampen for utdanning

70 prosent av Malis innbyggjarar kan verken lese eller skrive. 21 år gamle Hama er ein av dei yttarst få som får studere.

Publisert Sist oppdatert
ALFABETISERING: Med iver og stoltheit vert namnet skrive på tavla for første gong. Foto: Vegard Tjørhom.
STORFAMILIE: Som eldstemann av åtte sysken kan det bety mykje at Hama lukkast med studia. Her er han med yngstebror Oumarou på armen og resten av familien i bakgrunnen. Foto: Vegard Tjørhom.

Mali og utdanning

Mali er eit vestafrikansk land utan kystlinje, der store delar av landet består av ørken.

Har over 11 millionar innbyggjarar.

Under ein prosent av befolkninga har tatt høgare utdanning.

Landet har i mange år figurert heilt i botnen av SN sin levekårsindeks. Dei siste åra har landet derimot opplevd framgang. I 2010 var dei på 160. plass av 169 land.

Landet har eit universitet, l’Université de Bamako, som vart bygd i 1996.

Kjelder: Globalis.no, SN, Strømmestiftelsen

– Draumen er å kunne jobbe som advokat her i Mali, seier Hama Dicko.

Han er eldstemann av åtte sysken. Familien deler på faren si vaktmannsløn, og ressursane er avgrensa. Hama har likevel kome seg gjennom det maliske skulesystemet, og fekk vitnemålet på tredje og siste forsøk. No håper han den økonomiske biten også kan falle på plass, slik at han kan flytte til hovudstaden Bamako for å studere.

Under én prosent har utdanning

Statistikkane taler likevel mot Hama og draumane hans. Godt under ein prosent av landets befolkning er utdanna. Og sjølv om landet har over 11 millionar innbyggjarar, så finnes det berre eit universitet.

Det er som oftast dei rikaste ungdommane som finn vegen til fakulteta i Bamako. For Hama har den same vegen vore lengre. Begge foreldra hans er blant dei 70 prosentane i Mali som er analfabetar, og han har difor fått lite gratiskunnskap som ung. Som eldstemann av åtte sysken er det i tillegg eit stort ansvar som ligg på skuldrene hans.

– Om eg er heldig, og får meg jobb etter endt utdanning, så skal eg hjelpe familien min. Dei har jo hjelpt meg, seier Hama, som er fullt klar over at småsyskna sine sjansar for vidare utdanning kan stå og falle på at han sjølv lukkast.

Analfabetisme

Hama kjem frå den lille byen Douentza i Mopti-regionen, nord i Mali. Området er det fattigaste i landet, som igjen er ein av verdas minst utvikla nasjonar. Talet på analfabetar er skyhøgt i området rundt byen, og mange bistandsorganisasjonar har satsa på kurs for å få opp andelen lese- og skrivekyndige.

Eit av dei mest brukte og anerkjente programma er kalla «Speed School», og er utvikla av Strømmestiftelsen i Vest-Afrika. Programmet har som mål å hjelpe dei mange tusen som har falt ut av skulesystemet som unge, til å ta att det tapte på raskast muleg vis.

Regjeringsstøtte

Regjeringa i Mali har åleine gitt stønad til drift av 30 Speed Schools, og det berre i fjor. Satsinga held fram i stor skala utover det nye året. Salikou Sanogo, minister for utdanning, alfabetisering og nasjonale språk i Mali, peika på det store behovet for hjelp då han skreiv under på ein samarbeidsavtale med Strømmestiftelsen i sommar:

– Me har framleis store utfordringar innan utdanning i Mali. Det er berre 40 prosent av alle ungdommar som fullfører ni års skulegang, og nesten 20 prosent får aldri høve til å gå på skule, seier Sanogo.

– Vanskeleg å få jobb

Live Roaldseth er ei av dei i Noreg som kjenner utdanningstilhøva i Mali best. Ho har nyleg skrive masteroppgåve om utdanning i landet.

Roaldseth meiner utdanningsnivået i Mali er i stadig vekst, og at tilhøva for høgare utdanning er relativt godt utvikla, om ein tar i betraktning at landets einaste universitet berre er 20 år gamalt. Samstundes peiker ho på at det finnes utfordringar.

– Det er vanskeleg å få seg jobb etter avslutta studier. Mali er eit land i utvikling, og den offentlege sektoren er ennå ikkje stor nok til å kunne absorbere alle dei som er ferdige på universitetet, seier Roaldseth.

Trass i utfordringane meiner ho det er god grunn for maliarar å være optimistiske.

– Det skjer mykje positivt i Mali, både med skulegang, demokrati og økonomisk utvikling. Det er mykje som skal gjerast før Mali oppnår full skuledekning, og god nok undervisningskvalitet. Men viljen er der, og utviklinga går i riktig retning.

Må kanskje heim att

Ute på gardstunet, under ein klar stjernehimmel sit Hama og familien og reinskar dagens jordnøttavling medan dei ser nyhendene på TV. Sendingane er på fransk, og Hama omset det aller viktigaste til foreldra sine. Om få dagar ventar eit svært annleis liv i millionbyen Bamako. Og om han er flink og heldig, vil kanskje livet endre seg endå meir når han har klart å oppnå advokatdraumen om fem år. Men også Hama er klar over utfordringane som ventar når utdanninga endeleg er i boks.

«Det er veldig vanskeleg å få seg ein god jobb etter utdanninga. Kanskje eg må flytte heim og hjelpe til her medan eg søkjer på jobbar.»

Hama Dicko, malisk student

– Det er veldig vanskeleg å få seg ein god jobb etter utdanninga. Kanskje eg må flytte heim og hjelpe til her medan eg søkjer på jobbar, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS