Lesestund: Å bli lest for er spanande - uansett målform.

Tidleg krøkast...

..den som god nynorskbrukar skal bli. Studentmållaget i Oslo fyller 110 år, og feirar med å spreie det glade nynorske bodskap til studentbarnehagane.

Publisert Sist oppdatert

– Me ynskja å feira jubileet, og tenkte: «Kva med å gjera noko for dei aller yngste studentane?», seier Jens Kihl, leiar for Studentmållaget i Oslo og nestleiar for Noregs Mållag.

Som tenkt, så gjort. Studentmållaget er i desse dagar i full sving med å dela ut til saman 110 nynorske barnebøker i studentbarnehagane, samt å snakka med tilsette om medviten bruk av språk og dialekt. Nyss var turen komen til Eilert Sundt Studentbarnehage, kor pedagogiske leiarar Hilde Johnsrud og Anna Skagefjord tok vel imot vitjinga.

– Det er gildt å læra meir om nynorsk. Eg må innrømma at me har hatt liten fokus på dette før, seier Johnsrud.

Viktig målgruppe

– Barnehagane er vorten ein særs viktig institusjon i samfunnet vårt. Me ynskjer å introdusera borna for nynorsk så tidleg som mogleg, seier Kihl.

Vona er å gjera nynorsk til noko morosamt og naturleg, slik at borna seinare i livet ikkje ser på målforma som framand. Ved å dela ut barnebøker skrive på nynorsk, ynskjer Kihl å knyta positive røynsler til det nynorske skriftspråket. Samstundes vert dei tilsette ved barnehagane oppmuntra til å ta i bruk fleire songar, rim og regler på nynorsk.

– Mange tenkjer ikkje over kor mykje nynorsk dei allereie nyttar. «Blåmann» og «Hanen stend på stabburshella» er døme på populære nynorske songar.

Kjærkomen gåve

Ved Eilert Sundt Studentbarnehage har ein likevel vanskar med å koma på nokre nynorske borneklassikarar.

– Eg kjem ikkje på nokon songar eller bøker sånn på ståande fot – men sjølv las eg «Få meg på for faen» i helga, seier Johnsrud.

Skagefjord er svensk og har berre lest éin nynorsk tekst i sitt liv, medan Bente Andersen, styrar for bornehagen, meiner «Gubben og gamla» må vera det næraste ein kjem. Gåva frå Studentmållaget er såleis ein kjærkomen supplering av barnehagebiblioteket.

Powered by Labrador CMS