I RETTEN: Arnved Nedkvitne.

Nedkvitne angrar ordbruken

– Hadde eg visst kvar dette førte, ville eg ha ordlagt meg annleis, seier den tidlegare professoren i mellomalderhistorie.

Publisert Sist oppdatert

*Nedkvitne-saka:*

  • Etter 15 år som professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Oslo (UiO), vart Arnved Nedkvitne sagt opp. Grunnen er ordrenekt og, etter UiO si oppfatting, krenkande utsegn om kollegaer.
  • Etter vedtaket om oppseiing av Nedkvitne i fakultetstyret, vart saka klaga til universitetsstyret. Der vart den endelege avgjersla om å seie opp Nedkvitne tatt i februar 2009.
  • Nedkvitne gjekk til sak mot UiO. Ei sak som byrja måndag 11. januar og gjekk over 6 dagar, med 33 innkalla vitne og stor mediemerksemd.
  • Nedkvitne skal i fleire e-postar og brev ha kalla sine medtilsette mellom anna «antiintellektuelle», «kapitalistborn» og «fagleg inkompetente».
  • Ein stipendiat skal ha blitt sjukmeld etter trakassering frå Nedkvitne.
  • Arnved Nedkvitne har fått støtte frå andre professorar ved UiO som er samde i ytringane hans.
  • Nedkvitne krev 586 667 kroner i tapte inntekter, og professorstillinga si attende.

Det var ein sliten Nedkvitne Universitas snakka med i Oslo tingrett førre fredag. Det var satt punktum etter tre dagar med vitneforklaringar, der ein stor del av vitna var kritiske til måten Nedkvitne hadde ytra sine meiningar på.

Universitas skreiv førre veke at [Nedkvitne meinte at ordbruken i breva hans var vanleg å bruke i historikarmiljøet](1), og at han i breva nytta sin akademiske fridom. Nedkvitne har fått støtte frå kollegaer, men dei fleste er samd i at han har brukt ein i overkant krass ordbruk. Nedkvitne sjølv meiner han måtte jobbe for å redde faget sitt.

– At eg var krass i ordbruken eller ikkje, har ikkje ført til nokon skilnad for faget. Mellomalderhistorie ville uansett ha blitt marginalisert.

– Sett i etterkant av saka. Hadde du kome lengre om du hadde ordlagt deg på ein annan måte? Angrar du på ordbruken?

– Jo, eg er jo nøydt til å angre. Det førte berre til ein ting, og det er at eg vart oppsagd, og no får eg ikkje til nokon ting. Eg forsøkte på ein taktikk som var mislukka, seier Nedkvitne.

Vart kalla inn på teppet

Haakon Benestad, som var prorektor i perioden då Nedkvitne vart oppsagd, hadde forsøkt å finne alternative forslag til løysning på konflikten.

– Eg sendte e-post til rektor Geir Ellingsrud, og føreslo å gjere noko mindre drastisk enn å seie opp Nedkvitne. Det vakte ein enorm reaksjon som eg enno ikkje forstår. Eg vart kalla inn på teppet, og fekk skriftleg åtvaring om at dette kunne få følgjer for meg og mi rolle som prorektor, forklarte Benestad i si rettsforklaring.

Geir Ellingsrud seier til Universitas at han sendte ein tenestleg tilrettevising til Benestad, fordi prorektoren hadde snakka med utanforståande om denne saka.

– Det var aldri meininga at tilrettevisinga skulle oppfattast som ein trussel. Den handla om at han hadde brote teieplikta, forklarer Ellingsrud.

– Motsetnad i leiinga

Arnved Nedkvitne seier til Universitas at utsegnene til Benestad er det han synes var mest overraskande ved rettssaka.

– Det Benestad sa, avslørte ein motsetnad mellom prorektor og rektor. At ueininga gjekk så langt opp i systemet, var nytt for meg, seier Nedkvitne.

Rettsprosedyren vart avslutta måndag denne veka. Universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe ville ikkje kommentere saka før dommen kjem i veke seks.

Powered by Labrador CMS