MEIR FRAMPÅ: Studentunionane vil auke forskarrekrutteringa med tettare kopling mellom studentar og forskarar. (Arkivfoto: Aksel Kjær Vidnes)

– Fråverande universitet

Norske universitet og høgskolar tapar kampen når dei kloke hovuda skal ut i arbeidslivet, meiner studentorganisasjonane.

Publisert Sist oppdatert

– Vi vil at alle forskarar som er offentleg finansiert også skal undervise, sa leiaren for Studentenes Landsforbund (StL), Øistein Ø. Svelle.

Saman med Ingvild Reymert, leiaren i Norsk Studentunion (NSU), var han tilstades på Kunnskapsdepartementet (KD) sin kontaktkonferanse for høgare utdanning 2009. Dei presenterte båe tiltak for å auke forskingsrekrutteringa.

Hovudtema for konferansen var forskingsmeldinga 2009 med vekt på institusjonelt og fagleg samarbeid. Reymert og Svelle held felles innleiing om forsking og rekruttering frå studentperspektiv, og kasta fram fleire forslag, mellom anna tettare kopling mellom studentar og forskarar. Reymert viste til tilfelle på amerikanske universitet, der dei fremste forskarane ofte vart nytta til å undervise dei ferskaste studentane, og etterlyste ei tilsvarande satsting for å auke forskingsinteressa blant norske studentar.

– Med forskingsbasert undervisning kan vi vera med å gjera studentar nysgjerrige på eit tidleg stadium, sa ho.

Fråverande institusjonar

NSU-leiaren meinte institusjonane generelt hadde å mykje å gå på når det gjaldt rekruttering. Ho uttrykte ønskje om eit meir offensivt akademia i jakta på kloke hovud.

– Spør du studentar i dag om dei vil jobbe i akademia, er svaret som oftast nei, hevda ho. Reymert meinte dette hang saman med den labre aktiviteten på rekrutteringssida.

– For det første blir vi i svært liten grad oppmoda til å gjera ei akademisk karriere gjennom studieløpet. På mange av lærestadane våre står bedrifter dagleg med informasjon, medan institusjonane sjølv er heilt fråverande. Skal sektoren vera med og rekruttere studentar, må dei vera meir frampå. Dei må koma med informasjon, fortelja kva ein arbeidsdag i akademia inneber og la det bli ein integrert del av utdanninga vår, sa studentpolitikaren.

Powered by Labrador CMS