MÅ YTE KRISEHJELP: Dekan ved Det juridiske fakultet, Hans Petter Graver, meiner fakultetet sjølv må betale for fagstoff som biblioteket har løyving til å handle inn for fakultetet.

Droppar utanlandsk fagstoff

Universitetsbiblioteket tapar millionar på grunn av svak kronekurs, og har ikkje råd til å kjøpe inn nye bøker frå utlandet. Fakultetsdekanane fryktar for kvaliteten.

Publisert Sist oppdatert

Valutaendringar gjer at Universitetsbiblioteket (UB) må kutte ut nyteikningar på tidsskriftsabonnement, og kutte i bokkjøp frå utlandet. Dermed kan ikkje biblioteket halde seg oppdatert på den nyaste faglitteraturen. UB har varsla at Jussen, saman med Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) og Det humanistiske fakultet (HF), er dei einingane som vil lide mest. Hans Petter Graver, dekan ved Juridisk fakultet, ser alvorleg på situasjonen.

– Vi er uroa for ei slik utvikling, da bibliotektenester står i ei særstilling for oss. Litteratur utgjer direkte empiri, og vi er derfor veldig avhengige av eit godt, og ikkje minst ajourført, bibliotek. Nye rettsavgjerder og lovgjeving kjem heile tida, seier han.

Graver reknar med at fakultetet må spe på av eigne middel til bokkjøp, etter at Universitetsbiblioteket har fått strammare rammer som følgje av svekka kronekurs.

– Vi er berre nøydd til å ha det vi må ha, seier Graver, vel vitande om den hardt pressa økonomiske situasjonen ved fakultetet.

Også Knut Heidar, dekan ved SV er uroa. Sidan forsking er basert på god tilgang på litteratur, fryktar han at kutta kan få alvorlege konsekvensar, men seier samstundes at dei ikkje kjem til å nytte eigne budsjett for å dekkje inn.

– Det ingenting å hente. Det har diverre allereie gått hardt ut over budsjetta våre, og vi har ikkje mulegheiter til å supplere bokkjøpa der, seier han.

Sårbart for svingingar

Kostnadsauken er ikkje ubetydeleg. Bibliotekdirektør Bente Andreassen skriv i eit brev til rektor og universitetsdirektøren at meirkostnaden vil koma på omlag 7 millionar kroner i høve til 2008, av eit totalt innkjøpsbudsjett på 68 millionar. Bibliotekdirektøren trur kutta vil koma på bøker, samt nye tidsskrift og databasar.

Økonomidirektør ved Universitetet i Oslo, Marianne Mancini, lovar ingenting.

– Dollarkursen har vore uvanleg låg dei siste åra. No er han oppe på eit meir normalt nivå att. Men UB må ha planer for korleis dei handterer det. Vi går ikkje inn og dekker dette, seier Mancini.

Assisterande bibliotekdirektør, Randi Rønningen, meiner UB ikkje har hatt føresetnader for å gardere seg mot situasjonen dei no er oppe i.

– Vi har ikkje hatt høve til å leggje opp nokon buffer. Prisauken på bøker og tidsskrift har vore høgare enn den generelle løns- og prisauken vi får kompensert for over budsjetta våre. Den gode kronekursen har vore med og dempa utslaga av dette, seier ho.

Rammar studentane

Hovudtillitsvalt i Forskarforbundet ved UiO, Kristian Mollestad, meiner UB bør få hjelp til å prøve å finne inndekning. Universitetsdirektøren har høve til å omdisponere middel i sentraladministrasjonen, og Mollestad seier ein må sjå på mulegheitene for å gjera det. Han peikar også på liknande situasjonar som har oppstått tidlegare.

– For nokre år tilbake opplevde vi ei kraftig auke i straumprisar. Da fekk Teknisk avdeling ekstraløyvingar. Eg er ser ingen prinsipiell skilnad på det og at valutakursane stig. Begge deler er utanfor vår kontroll, seier han.

Mollestad meiner studentane har grunn til å frykte kutta.

– Bokkjøp er til studentane sin fordel, kanskje særleg på masternivå. UB har ein del studenttilsette, og det kan bli færre av dei. Ein kan ane mange konsekvensar. Reduserte opningstider er ei mulegheit, sjølv om eg ikkje trur det er sannsynleg, vedgår han.

– Nedprioriterar jussen

Systemet for finansiering er også lagt om. Frå og med 2009 får UB alle middel til mediekjøp direkte frå Universitetsstyret. Tidlegare har ein del av løyvingane koma frå fakulteta, og desse har no fått redusert overføringane sine tilsvarande. Graver fryktar at dette gjer det lettare å nedprioritere juridisk litteratur, og meiner det vil gå ut over alle ved fakultetet.

– Dersom det endar opp med at vi underviser i forelda kunnskap om rettskjeldene vil det også gå ut over studentane. Særleg på fag som dreiar seg om utanlandske og internasjonale rettstilhøve, seier han.

Økonomidirektør Mancini meinar imidlertid biblioteket har vorte tilgodesett ved fleire anledningar tidlegare.

– For nokre år sidan gjekk vi inn med ei styrking av mediekjøpa. Denne har ligge inne i budsjettet kvart år sidan. Biblioteket vart også skjerma i fjor, da alle andre vart kutta, fortel Mancini.

Powered by Labrador CMS