FrP krev tiltak mot høgare utdanning utan opphaldsløyve
Fremkrittspartiets Per-Willy Amundsen reagerer kraftig på manglande tiltak for å hindra at personar utan lovleg opphald i Noreg får tilgang på høgare utdanning.
– Det er fullstendig uakseptabelt at ulovlege innvandrarar tek studieplassar frå norske studentar, seier Per-Willy Amundsen.
Bakgrunnen for Amundsens engasjement er boka Ulovleg norsk der forfattar Maria Amelie ikkje har lovleg opphaldsløyve i Noreg, men likevel har ei mastergrad ved eit norsk universitet. I eit skriftleg brev til Kunnskapsdepartementet forlangar han gjennomgang av rutinane til både Samordna opptak og høgare utdanningsinstitusjonar, då det i dag ikkje er påkrevd å oppgje fullt personnummer når ein søkjer om høgare utdanning.
– I dagens IT-samfunn bør det vera ein smal sak å til dømes kopla Samordna opptak opp mot UDI sine register, og på den måten kontrollera at den som søkjer har lovleg opphald i landet, seier Amundsen.
Han krev også studiestadane må følgja opp og kontrollera at studentane deira er norske statsborgarar.
– Uansett eit problem
Minister for forsking og høgare utdanning, Tora Aasland, slo i svaret til Amundsen fast at det ikkje er Samordna opptak sitt ansvar å kontrollera om søkjarar til høgskular og universitet har norsk statsborgarskap. Aasland understrekar at dette fyrst og fremst er ein sak for utlendingsstyresmaktene.
Statssekretær Pål K. Lønseth i Justisdepartementet, som handsamer søknader om opphaldsløyve, seier at dersom ein person har skaffa seg falske papir, er dette eit problem uavhengig av om vedkomande ynskjer å ta høgare utdanning eller ikkje.
– Om ein person oppheld seg ulovleg i Noreg, så har ein rett og slett ikkje lov til å vera her. Når det kjem til den konkrete saken som har vore oppe i media, så har KD varsla at dei vil ta initiativ til å vurdera om rutinane i universitets- og høgskulesektoren knytt til denne problemstillinga er tilfredsstillande, seier Lønseth.
Ingen rutinar på UiO
Monica Bakken, avdelingsdirektør for Studieavdelinga ved Universitetet i Oslo (UiO), kan på si side avkrefta at UiO har nokon form for rutiner for å sjekka studentars lovlege opphald.
– Gyldeg opphaldsløyve er ikkje eit opptakskriterium ved norske lærestader. Det betyr at det heller ikkje er UiO si rolle å etterprøva om ein student har lovleg opphald i Noreg eller ikkje. Dette er ei sak mellom den enkelte student og utlendingsmyndighetene, seier Bakken.
Ho opplever at stortingsrepresentant Amundsen prøver å tilleggja utdanningsinstitusjonane ei oppgåva dei ikkje har heimel for.
Ingen konkrete tal
– Eg har forstått det slik at Marie Amelie sitt tilfelle ikkje er eineståande, seier Per-Willy Amundsen.
Han meiner det såleis ikkje er grunn til å avfeie gleppen som ei enkelthending.
Ifølgje Norsk Organisasjon for Asylsøkere finnast det ikkje konkrete namn eller tal over personar med ulovleg opphald i Noreg som har fått tilgang på høgare utdanning.
Maria Torkilsen HorveiFakta
- Nær 32 000 menneske oppheld seg illegalt i Noreg, ifølgje Statistisk Sentralbyrå
- I september i år kom boka «Ulovleg norsk». Forfattaren, 25 år gamle Marie Amelie, har ikkje lovleg opphald i Noreg. Ho har likevel teke mastergrad ved eit norsk universitet.
- Boka har ført til debatt, og stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen har reagert med å senda spørsmål til skriftleg besvaring til Tora Aasland.













