Bannerbøll før arbeislivsdagen
Kjem til å kosta 10 000 kroner for Karrieresenteret.
– Dette gjer meg berre oppgitt, seier Karrieresenterets leiar, Gisle Hellsten.
Han blei møtt av eit trist syn mandag morgon. Eitt av Karrieresenterets bannarar, som er hengt opp for å promotera arbeidslivsdagen 28. september, var skåre opp med kniv. Det glade bodskap om nettverksbygging og karrieremuligheter var redusert til eit stusselig «slivsdagen». Hellsten karakteriserar det heile som barnestrekar.
– Slikt som dette høyrer heime på ein ungdomsskole, ikkje på eit universitet.
Ressurssløsing
Hærverket kjem til å kosta Karrieresenteret kring 10 000 kroner, og Hellsten er irriert over å måtte bruka i utgangspunktet svært begrensa midlar på denne måten.
– Dette er kroner me mykje heller ville brukt på å arrangera kurs eller foredrag for studentar.
Karrieresenteret vurderar likevel ikkje å anmelda saka.
– Nei, me ser på dette som ei eingongshending. Forhåpentlegvis les gjerningsmennene dette i avisa og skjemst.
Mistenker ikkje studentar
–Så dette er ikkje karakterisk for Blindernstudentar anno 2010?
– Saka er så til dei grader unntaket som bekreftar regelen. Dette er fyrste gong noko slikt har skjedd etter 15 år med liknande kampanjer.
Hellsten har lita tru på at det er studentar som står bak, og mistenker heller natteranglarar som har vandra over Blindern i løpet av helga.
– Eg velg å tru at studentar ikkje driv med slikt fanteri.
Samtsundes håpar og trur han at hærverket ikkje kjem til å få store konsekvensar for arbeidslivsdagen neste tirsdag.
Maria Torkilsen Horvei • Anna Werenskjold (foto)












