Annonse

annonser i Universitas

Studentar kan bli streikeramma

Dersom universitetet vert tatt ut i streik på torsdag, kan avgangsstudentane ved odontologi sjå langt etter autorisasjon som ferdige tannlegar.

– STUDENTAR VIL VERTE RAMMA: – Det er heilt klart at avgangskullet vil verte ramma av ein streik, seier odontologidekan Pål Brodin.

– All klinisk undervising vil verte stansa, og om lag femti prosent av dei munnlege eksamenane vil ikkje la seg gjennomføre, seier odontologidekan Pål Brodin.

Dersom lønnsforhandlingane i årets hovudoppgjer ikkje fører fram, kan det føre til at 171 tilsette ved Universitetet i Oslo vert tatt ut i streik frå torsdag denne veka. Det er avgjort at det er tilsette ved opptakskontoret sentralt og Det odontologiske fakultet som vert tatt ut. Størsteparten av desse er Unio-medlemar som er tilsette ved Institutt for klinisk odontologi.

– Det er heilt klart at avgangskullet vil verte ramma av ein streik. Vi vil ikkje kunne gjennomføre dei avsluttande eksamenane, og dermed vil studentane heller ikkje få autorisasjonen sin som tannlegar, seier Brodin.

Meklinga i hovudoppgjeret i staten har frist til klokka 24.00 natt til torsdag 27. mai. Ved odontologi hadde dei tysdag møter blant anna med studentrepresentantar og fagansvarlege for å informere om kva som kan kome til å skje.

– Det var stressa tendensar i kantina i dag når ein forstod kva konsekvensane kom til å verte, seier Ragnhild Henriksen, leiar i studentutvalet ved Det odontologiske fakultet. Henriksen meiner at den største konsekvensen av ein streik vil vere at klinikkane stenger for studentane. Dei får dermed ikkje utføre klinisk arbeid.

– Vi håper sjølvsagt at det ikkje vert streik. Til dømes er det eitt kull som har praktisk eksamen over to dagar denne veka, og dei kan då risikere og måtte ta halvparten av eksamenen no, og neste i sommar eller neste semester. Og denne eksamenen er påkrevd for å utføre klinisk arbeid på pasientane, som dei skal starte med til hausten, seier Henriksen.

Dersom det blir streik så vil det bli arrangert eit allmøte på torsdag, der meir informasjon for studentar og tilsette vil kome.

– Dersom det er teknisk mogleg, vil vi forsøke å avvikle eksamenar i løpet av juli. Vi vil strekke oss langt for å få gjennomført eksamenar for avgangskullet, seier Brodin.

Men om det blir streik eller ikkje, er endå vanskeleg å seie.

– I morgon natt er fristen, og det er jo ein viss tradisjon for at forhandlingar går på overtid. Partane sit framleis i forhandlingar, og eg kan ikkje sei noko meir på dette tidspunktet, seier Gro Jorunn Holmen, infoansvarleg i Unio.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Vil kaste ut 4700 trege studenter

UiO-ledelsen vil stramme inn kravene til studieprogresjon. Det vil i praksis føre til at studenter kan miste studieretten hvis de stryker på én eneste eksamen.

Disse studentene har flest sexpartnere

Nesten halvparten av studentene som stemmer Krf har ikke hatt sex det siste året. De rødeste og de blåeste har flest forkjellige partnere.

Ny kritikk mot høyskoleledelsen

Ledelsen ved HiOA vil fusjonere med forskningsinstitusjonene AFI og NOVA, som en del av planene om å bli universitet. Det møter massiv motstand blant de ansatte ved Høgskolen.

Brei motstand mot universitetsplanane

Stortingspolitikarane støttar Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) sin kritikk av høgskuleleiinga.

Bystudenter drikker mest

Studenter i byene drikker mye mer enn studenter på landet. Byjentene er aller verst.

Høyskolegrossister kan bli gransket

Brødrene Nicolai og Peder Løvenskiold styrer Norges største privateide utdanningskonsern.

Riksrevisjonen reagerer på komplisert konsernstruktur og vurderer gransking av skolene.

Utdanningskrise i Europa

Gjeldskrisa gjør at europeiske universiteter rammes hardt av statlige sparetiltak. I Storbritannia opplever universitetene samtidig den største nedgangen i antall søkere på 30 år.

Avviser pyramidepåstander

– World Ventures betaler ikke for å rekruttere representanter, men bare for introdusering av kunder. Planen er ikke komplisert og følger et format som er vanlig for mange MLM-selskaper, sier sjef for internasjonal kommunikasjon i World Ventures.

Advarer mot ny pyramide

Flere studenter har allerede blitt vervet til pyramideselskapet World Ventures.

Førstelektor ved BI, Gorm Kunøe, advarer sterkt mot å la seg verve.

Derfor stiller hun bakerst i turnuskøen

Norske studenter med medisinutdannelse fra utlandet må stille bakerst i køen når de søker turnusplass, foreslår Helsedirektoratet i ny rapport. Medisinstudentene i utlandet må i så fall skaffe seg praksis i landet de studerer i.


Flere saker fra nyhet »

Annonse

Kjøp bok

Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt