Studentkjellarane får vaffelhjelp frå Øyafestivalen
Får tips om korleis dei skal innfri krava frå Mattilsynet.
Det har lenge råda stor tvil om korleis vaffelsalet ved studentkjellarane skal handterast. No har Studentsamskipnaden i Oslo spurt eksterne aktørar korleis ein skal forholde seg til krava frå Mattilsynet. Deriblant personar involvert i catering til Øyafestivalen.
– Det går blant anna på at dersom ein skal oppbevare ferskvarer, så må ein kontrollere temperaturen i kjøleskapa, og så må ein sjekke kor lenge maten ligg framme. Dei som handterer maten kan heller ikkje ha noko med pengane å gjere, på grunn av bakteriar, fortel Øyvind Wedøe, kjellarmeister på Uglebo ved Det humanistiske fakultet.
LES OGSÅ: Full vaffelrøre på Blindern
– Heldigast med fasilitetane
Hovudsakelig går dei skjerpa rutinane på at dei sanitære forholda skal ligge til rette for matsal. RF-kjellaren er ein av dei studentkjellarane som har kome lengst.
– Det er ikkje til å stikke under eit teppe at vi er heldigast med fasilitetane. Vi har både vifte og personaltoalett og har den største kafédrifta. Det vi har jobba med går mykje på rutinar og internkontroll av hygiene og utstyr, fortel leiaren i Realistforeningen Liv-Elisif Kalland.
Men det er ikkje like lett for alle studentkjellarane.
– Det er ei utfordring å etterkome krava til Teknisk Avdeling fordi vi har liten plass. Dessutan er kjellaren godkjent som tilhaldsrom av Forsvaret, og det er derfor avgrensa kva vi kan gjere med lokalet, seier Wedøe.
Dei ulike kjellarane må derfor sjå på forskjellige måtar å møte krava frå Teknisk Avdeling. Og no er dei i gang med å kartlegge kva som finnast av moglegheiter, for å forsøke å finne løysingar som passar dei enkelte.
– Vi gjer så godt vi kan, og så får vi sjå om vi får nokre innvendingar. Men vi fortset som vanlig med vaffelsalget, fortel Wedøe.
LES OGSÅ: Nektes å selge vafler
Må ha viftar og personaltoalett
At studentkjellarane må ha vifter og personaltoalett har vore strengt formidla av Universitetet i Oslos driftsjef Astri Ottesen tidlegare. Ho kan bekrefte til Universitas at kravet framleis står.
– Vi kjem til å sjå nærmare på vaffelsaken, men vi har fått råd om kva vi skal krevje av stadane som får lov til å servere vaflar. Vi kjem til å møte kvar einaste av kjellarane for å høyre korleis dei rettar seg etter krava frå Mattilsynet, seier Ottesen.
Teknisk Avdeling har imidlertid ikkje sett noko tidsavgrensing på utbetringa av dei sanitære forholda ved studentkjellarane, og har ikkje avtalt nokre nye møter med studentane.
Anna WerenskjoldEn kommentar
Morsomt å se at det eneste de har å bekymre seg over nede på Blindern, er vaffelstekeproblemer :-)













