Annonse

annonser i Universitas

LØNNAR SEG IKKJE: Å ta utdanning i Noreg er ikkje like lønnsamt som i andre OECD-land. -- Det er sjølvmotseiande, seier leiar av fagforeninga Unio Anders Folkestad.

Slunken vinst for utdanning

Det lønnar seg stadig mindre økonomisk å ta høgre utdanning i Noreg i forhold til andre OECD-land, syner ny rapport. - Kritisk, meiner Akademikerne, Forskerforbundet og Unio.

In English

- Det er ganske alvorleg at Noreg, som i festlege høve vil kalle seg ein kunnskapsnasjon, ikkje lønnar høgre utdanna betre, meiner Anders Folkestad, leiar i Unio, hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede.

OECD-rapporten Education at a Glance, lagt fram tysdag, avdekker at Noreg er eit av dei landa der høgre utdanning har minst å seie for inntekta når ein kjem ut i arbeidslivet. Noreg kjem nedst på lista av dei 30 OECD-landa, langt under gjennomsnittet og berre slått av New Zealand. Den relative verdien av å ta utdanning har gått ned dei siste åra, ifølgje rapporten.

- Det er sjølvmotseiande at det ikkje skal lønne seg med høgre utdanning. Og ein får ei dobbel effekt fordi det rammar så mange kvinner i offentleg sektor, seier Folkestad, og får støtte av Akademikerne.

- Det synast å vere ei trend at avkastinga av høgre utdanning utviklar seg i feil retning i forhold til andre land. Denne trenden må snu, seier Knut Årbakke, leiar i Akademikerne.

Vil få mangel på kompetanse

Politikarane let seg imidlertid ikkje uroe av tilstandane.

- For å jamne ut forskjellane mellom Noreg og dei andre OECD-landa må ein sette ned skatten på lønnsinntekta, slik Høgre vil. Det er eit paradoks at ein i Noreg er så opptatt av at så mange skal ta høgare utdanning, samtidig som det lønnar seg så lite, seier stortingsrepresentant Svein Flåtten (H).

Flåtten meiner imidlertid at ein ved låg løn til høgt utdanna vil få eit konkurransefortrinn internasjonalt, då kompetanse er rimelig i Noreg samanlikna med andre stadar.

Men både Akademikerne og Unio meiner at ein vil slite med å få tak i dei beste folka i eit stadig meir internasjonalisert arbeidsmarknad – både i akademia og i næringslivet.

- Eg er kritisk til haldningar om at dårlig betaling er positivt for konkurranseevna, og eg trur det vil straffe seg. Både miljø og klimautfordringar avhenger av vilje til å satse på kunnskap, meiner Anders Folkestad, leiar i Unio.

Verst for offentleg sektor

Heikki Holmås frå Sosialistisk Venstreparti (SV), meiner det vert feil å sjå på lågare lønsforskjellar som noko negativt, då han ser på økonomisk utjamning som eit gode.

- Mykje av forskjellen mellom lønnsnivået til dei med vidaregåande utdanning og dei med høgare utdanning, vert jamna ut ved at mange vel å ta ut inntekta si i ferie eller permisjonar, meiner han.

Då ein i Noreg har offentleg forvalting med eit betydelig tal på tilsette med akademisk bakgrunn, meiner Akademikarane det kan gå mot ei nedbygging av velferdsstaten om ingenting vert gjort.

- Vi slit allereie med at det er dårleg betalt for akademikarar som arbeider i offentleg sektor. Myndigheitene prioriterar ikkje dei med høgre utdanning, og må snart innsjå at det er riktig å gjere meir, meiner Årbakke.

Utdanning aktuelt til alle tider

- Det er klart at låg utbetaling av løn til høgt utdanna har noko å seie for om folk vel høgre utdanning eller ikkje. Det er for gale at det må ei finanskrise til for at folk søker seg til høgre utdanning. Det kan ikkje vere slik at det berre er i dårlige tider ein satsar på utdanning, seier Anders Folkestad, leiar i Unio.

Tala frå OECD syner Noreg er i ferd med å miste si posisjon som ein høgt utdanna nasjon. Andelen av eit årskull som tek høgare utdanning har stagnert på om lag 65 prosent sidan 2000, medan dei øvrige nordiske landa framleis har ei auking.

Holmås har likevel inga tru på at lønsnivået til høgt utdanna har ført til at færre tek til med høgare utdanning.

- Når ein vel utdanning, tenker ein ikkje løn. Det er noko ein gjer når ein er ferdig utdanna, seier Holmås.

Dei med høgre utdanning i Tsjekkia, Polen, Portugal og USA held fram med å få høg lønning for åra på skulebenken. På toppen tronar Tyskland, Ungarn og Italia, som har hatt den største aukinga i profittmaksimering etter enda utdanning.

- Vi kan ikkje fortsette med underbetalt arbeid. Fagforeningane og styresmaktene har eit stort ansvar i denne saken, og det må verte ei endring, meiner Bjarne Hodne, leiar i Forskarforbundet.

Ein offensiv lønningspolitikk skal utarbeidast i Forskarforbundet i løpet av hausten – ein skal utarbeide tiltak som kan bidra til å løfte Noreg opp på eit anstendig nivå i forhold til resten av OECD-landa.

Fakta

Education at a Glance 2009:
  • Undersøkinga viser at utdanning gjev størst økonomisk avkastning i Tyskalnd, Ungarn og Italia.
  • Utdanning gjev minst økonomisk avkastning i Canada, Sverige, Noreg og New Zealand.
  • Education at a Glance er ein årleg rapport om internasjonal statistikk om utdanning i OECD-landa.
  • OECD er organisasjonen for økonomisk samarbete og utvikling, og har 30 medlemsland.
    Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).

En kommentar

Flørrmar Sølviksebo

En skal jo ikke ta høy utdanning for å få høy lønn. Høy utdanning skal en ta fordi en vil utvikle seg som menneske og bli en dannet person med utsyn og overblikk. Men det må være som et offer at en tar høyere utdanning og å tape store penger i prosessen synes jeg er et riktig moralsk offer for å bli et dannet menneske. For å overvinne den generelle primitive menneskelige villmannsnatur (som alle har som basis i sin personlighet) må vi nettopp ofre mye for å bli dannede, og det er helt riktig at en høyt utdannet må leve langt under fattigdomsgrensen på eksistensminimum.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »