Annonse

annonser i Universitas

KRØLL: På grunn av rot frå Studentsamskipnaden i Oslo tok det fleire dagar før utvekslingsstudent Pauline Darvey fekk flytte inn på Sogn. Ennå er det over seksti studentar som bur på hotell, i påvente av bustad.
FOTO: Stéphane Lelarge

Internasjonale studentar utan bustad

Grunna overbooking hos Studentboligene sto 219 internasjonale studentar utan bustad i førre veke, sjølv om depositum var betalt og kontrakta signert.

In English

- For å sørgje for at flest mogleg får bustad, så overbooka vi i år. Tom Olstad, direktør i Studentboligene

- På måndagen var det kaotiske tilstandar, innrømmer Tom Olstad, direktør ved Studentboligene.

Førre veke starta dei internasjonale studentane å kome til Oslo. Ved oppmøte på bustaddivisjonen ved Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) fekk dei fleste beskjed om at det ikkje var plass til dei på bustadane ved Sogn og Kringsjå - på trass av at det formelle, depositum og kontrakt, allereie var ordna på førehand. Internasjonale studentar har nemleg krav på bustad etter SiO sin bustadgaranti for internasjonale studentar.

- Informasjonen var utruleg dårleg. Då eg møtte opp på kontoret og spurte om når eg kunne flytte inn på Sogn, fekk eg til svar: «Det kan ta ei veke, eller det kan ta ein månad», seier Pauline Darvey, fransk utvekslingsstudent gjennom ERASMUS-programmet.

Overbooka bustadar

Ifølgje Olstad var det berre eit fåtal av dei internasjonale studentane som vart ramma av bustadmangelen, i alt 219 studentar.

- Frå tidligare år har vi erfart at mange med kontrakt ikkje dukkar opp til semesterstart. For å sørgje for at flest mogleg får bustad, så overbooka vi i år. Men så viste det seg at dei aller fleste kom, og det var då det vart vanskeleg, fortel Olstad.

Etter den norske husleigelova har dei internasjonale studentane krav på erstatning for forsinka levering av det avtalte husværet. Den franske studenten fekk tilbodet om å flytte inn på ein hybel på Vestgrensa, men denne hybelen var umøblert og kosta 1 000 kroner meir enn den ho hadde kontrakt på.

- Det er ikkje rettferdig å verte behandla på denne måten. Spesielt fordi vi ikkje er norske og ikkje kjenner til kva vi har krav på, meiner den franske studenten, som etter å ha tatt kontakt både via telefon og e-post, no omsider har vorte innkvartert på Sogn.

- Sett studentane på gata

Darvey var heldig, og hadde ei venninne som tidlegare hadde vore utvekslingsstudent i Oslo. Ho kom dermed i kontakt med Vilde Aas Jakobsen, som ho kunne bu hos inntil ho fekk hybelen sin, og fekk hjelp til å kontakte SiO.

- Eg spurde om det ikkje var mogleg å innkvartere studentane på hotell, men då fekk eg til svar at alle hotella i Oslo var fullbooka. I praksis tyder dette at SiO har satt studentane på gata, meiner Vilde Aas Jakobsen.

Olstad fortel at fleire av studentane måtte sove på midlertidige fellesrom på Sogn studentby dei første nettene. SiO har ein avtale med Rica-hotella om at studentar kan bo der dersom det skal skje noko, men det var ingen rom som var ledige før på onsdag i førre veke.

- Dersom dei ufrivillig bur i ein bustad eller på eit hotell som er dyrare enn det dei har kontrakt på, er det Studentboligene som dekker mellomlegget. Vi arbeider på spreng for å løyse dette, og eg kan garantere at studentane skal få dei hyblane dei har kontrakt på innan første september, seier Olstad, og forsikrar om at ingen av leigetakarane vil verte økonomisk skadelidande.

Olstad opplyser om at på noverande tidspunkt er det ingen av studentane som bur på fellesrom, 32 bur i kontraktleilegheiter, 64 på hotell og 123 har fått ein annan bustad enn dei hadde kontrakt på.

2 kommentarer

Nisse

At semesteravgiftspengene sløses bort på denne måten er horribelt. Udugelighet i planleggingen. Hotell i Oslo er heller ikke fullbooket, da det finnes andre hotell enn de i Rica-kjeden. Grand Hotel for eksempel. Alstå helt unødvendig at studenter måtte sove på midliertidige fellesrom.

Skremt

Løsning: begå en moderat kriminell handling. I fengselet får du gratis mat, vasking av tøy og elektrisitet + lønna 2000 nkr i mnd, + tilgang på eget kulturhus og treningssenter.

Studiene vil være en del av rehabiliteringen på vei ut i samfunnet igjen.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »