Annonse

Bli med i nordens største studentavis

Anders Anundsen, medlem av Utdanningskomiteen på Stortinget for Framstegspartiet (Frp).

Frp: Vil legge ned Lånekassa

...og gje betre økonomiske vilkår for studentar som studerar raskare enn normert.

Lånekassa har i dag lang ventetid, dårlig service og er prega av monopol.

Vil Frp gå ut med nokon garantiar i forskings- og utdanningssaker, om partiet kjem i regjering?

- Vi gjev aldri garantiar som vi ikkje kan levere gjennom faktisk politikk. Vi ønskjer å stimulere til forsking gjennom å auke forskingsfondet til 100 milliardar og betre rammevilkåra for forsking med investering i utstyr og bygg. Innan høgare utdanning vil vi auke basisløyvingane vesentleg.

Kva må nedprioriterast for å oppnå dette?

- Vi vil i utgangspunktet ikkje kutte i forsking og høgare utdanning. Det er rom for effektivisering og rasjonalisering innan sektoren, men dette er vanskeleg å knyte til særskilde budsjettpostar.

Tusenvis av studentar står kvar haust i kø for studentbustad i Oslo. Kva vil Frp gjere for å sikre dei ein stad å bu?

- Vi vil oppheve kostnadstaket per eining på studentbustadar. Om Frp kjem i ein fleirtalsposisjon, vil mange av dei ikkje-realiserte bustadprosjekta for studentar realiserast.

Frp ønskjer å leggje ned lånekassa, og heller tilby statlige stipendgarantiar. Vil dette sikre rentefritt lån under studietida?

- Betingelsane for lån og stipend vil vere dei same som i dag. Endringa er at studentane skal få lån frå private bankar, men med statleg stipendgaranti.

Kvifor er dette ei betre ordning?

- Dette vil gje best mogleg vilkår til studentane gjennom at private bankar konkurrerar om å tilby studentar lån. Lånekassa har i dag lang ventetid, dårlig service og er prega av monopol. Kostnadane for staten ved at private bankar tek seg av utbetalingane vert dei same.

Frp ønskjer at dei som gjennomfører studie på kortare tid enn normert, skal få betre lånevilkår. Vil ikkje dette føre til at fleire hastar gjennom studiet?

- Mange av studentane som gjennomfører på normert tid i dag arbeider ved sidan av studiane. Om nokon heller vil nytte den fulle kapasiteten sin til å gjennomføre bachelorgraden på to år, vil dette vere av stor vinst både for studenten sjølv og storsamfunnet. Dette skal skje utan at vilkåra for dei som fullfører på normert tid vert dårligare.

Kor mange gongar grunnbeløpet bør studiestøtta ligge på?

- Du får ikkje noko klart tal av meg, sidan dette er noko som vil endre seg. Vårt samla utgangspunkt er at beløpet skal vere så stort at studentane slepp å jobbe ved sidan av studiane.

Frp vil gjeninnføre støtte til «freshman»-året på universitet i utlandet kor bachelorgraden er på fire år. Er ikkje det feil å gje støtte til eit studieår som ligg fagleg nærare avslutningsåret på norsk vidaregåande enn innføringsemner ved norske universitet?

- Eg er ikkje einig i den kvalitetsvurderinga. Om det fører til auka studentutveksling at vi støtter fire år, syns eg ikkje vi skal sei at vi berre støtter tre år fordi det er berre dei som er på høgt nok nivå.

Korleis stiller Frp seg til sponsa forsking?

- Sponsing og samarbeid om forsking mellom næringslivet og forskingsinstitusjonar skjer i stor utstrekning i dag. Eg ser ikkje at det er noko problem å sikre uavhengig forsking, og Frp vil ha meir av slikt samarbeid.

Kva andre av Frp sine kjernesaker trur du studentar er opptekne av?

- Skatte- og næringspolitikken vår er viktig sidan studentane om ikkje lenge skal ut i arbeidslivet. Velferdspolitikken er viktig sidan det handlar om sosial tryggleik. Mange studentar vil snart få born, og mange har foreldre eller besteforeldra som har behov for omsorg frå det offentlege.

Fakta

HØYERE UTDANNING PÅ DAGSORDEN Universitas vil hver uke fram mot Stortingsvalget presentere to partiers politikk for forskning og høyere utdanning. Denne uken: Kristelig folkeparti og Fremskrittspartiet.
Neste uke: Sosialistisk venstreparti og Venstre
Frå valprogrammet:
Frp vil:
  • Kanalisere ein auke av støtta til studentar gjennom stipend, og gje ekstra stipend til studentar som gjennomfører studiet med bestått eksamen på normert tid eller kortare.
  • Gje tillegg i lån/stipend for ekstrakostnadar studenten vert pålagt av lærestaden sin, til dømes studieavgift eller kjøp av særskild kostbart utstyr.
  • At bedrifter i hovudsak finansierer næringsrelatert forsking i samarbeid med forskingsinstitusjonane.
  • At private og offentlege institusjonar innan fagskule- og høgare utdanning etablerast som sjølvstyrte einingar og likehandsamast. Institusjonane bør sjølve avgjere leiarform og talet på eksterne styremedlemmer, og velje styreleiar.
  • At institusjonane skal ha eit særskild ansvar for å etablere eit nærare samarbeid mellom næringsliv, studentar og undervisningsinstitusjonane.
  • Ha eit finansieringssystem som i hovudsak baserast på stykkpris per student målt gjennom avlagte studiepoeng. Basistilskot skal utgjere ein mindre del av totalfinansieringa for å dekke ein nødvendig minimumsbasis for kvar enkelt institusjon.

En kommentar

Bjarne

Dette er til å matt av. Frp kjører på ideologisk autopilot, som vanlig. Det finnes ingen faglig begrunnelse for forslaget, og den eneste utredningen som foreligger (Solbergutvalget) konkluderer slik:

"Overordnede analyser viser at en «Sørge-for-Lånekasse» ikke vil realisere betydelige økonomiske gevinster for staten. I tillegg er det betydelige risikomomenter knyttet til å involvere et større antall aktører (banker) i kundegrensesnittet, samtidig som man gjennomfører en større systemanskaffelse og et endringsprosjekt i Lånekassen. Kvalitetsgevinstene som oppnås gjennom «Sørge-for-Lånekassen» vil ikke veie opp for de kostnader og risiki som knytter seg til modellen."

Når skal Frp begynne å ta til seg FAKTA og KUNNSKAP? Er det rart at tullingpartiet gjør det særdeles dårlig blant studenter?

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Brei motstand mot universitetsplanane

Stortingspolitikarane støttar Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) sin kritikk av høgskuleleiinga.

Bystudenter drikker mest

Studenter i byene drikker mye mer enn studenter på landet. Byjentene er aller verst.

Høyskolegrossister kan bli gransket

Brødrene Nicolai og Peder Løvenskiold styrer Norges største privateide utdanningskonsern.

Riksrevisjonen reagerer på komplisert konsernstruktur og vurderer gransking av skolene.

Utdanningskrise i Europa

Gjeldskrisa gjør at europeiske universiteter rammes hardt av statlige sparetiltak. I Storbritannia opplever universitetene samtidig den største nedgangen i antall søkere på 30 år.

Avviser pyramidepåstander

– World Ventures betaler ikke for å rekruttere representanter, men bare for introdusering av kunder. Planen er ikke komplisert og følger et format som er vanlig for mange MLM-selskaper, sier sjef for internasjonal kommunikasjon i World Ventures.

Advarer mot ny pyramide

Flere studenter har allerede blitt vervet til pyramideselskapet World Ventures.

Førstelektor ved BI, Gorm Kunøe, advarer sterkt mot å la seg verve.

Derfor stiller hun bakerst i turnuskøen

Norske studenter med medisinutdannelse fra utlandet må stille bakerst i køen når de søker turnusplass, foreslår Helsedirektoratet i ny rapport. Medisinstudentene i utlandet må i så fall skaffe seg praksis i landet de studerer i.

Setter gutta i skammekroken

Stine Bredal Oftedal leverte to eksamener fire dager før hun vant håndball-VM i Brasil. Jenter er best i stand til å gjøre flere ting samtidig – også i idrettsverdenen.

Slått i trynet av knockout-loven

I regi av Det norske studentersamfund dengte profilerte studentledere løs på hverandre rett før jul. Stikk i strid med knockoutloven, og med økonomisk støtte fra UiO.

– Ikke behov for handikapboliger

Lederen for Velferdstinget i Oslo og Akershus mener det bør kuttes i antallet tilrettelagte studentboliger. Det provoserer organisasjonen Unge funksjonshemmede kraftig.


Flere saker fra nyhet »

Annonse


Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt