Annonse

Bli med i nordens største studentavis

Dagrun Eriksen, leiar for Utdanningskomiteen på Stortinget for Kristeleg folkeparti.

Krf: 2000 studentbustadar i året

...og meir enn hundre tusen i året i studielån.

Vi vil ha ein forpliktande opptrappingsplan for å nå målet om at tre prosent av bruttonasjonalprodukt skal gå til forsking og høgare utdanning.

Vil Krf gå ut med nokre garantiar i forskings- og utdanningssaker, om partiet kjem i regjering?

- Det vi er klare på er at vi vil ha ei satsing på høgare utdanning og forsking gjennom auka basisfinansiering. Vi vil ha studiestøtte i elleve månader, og jobbe med ein forpliktande opptrappingsplan for å nå målet om at tre prosent av bruttonasjonalprodukt skal gå til forsking og høgare utdanning.

Tusenvis av studentar står kvar haust i kø for studentbustad i Oslo. Kva vil Krf gjere for at fleire skal få ein stad å bu?

-Vi vil bygge 2000 studentbustadar i året, og oppheve kostnadsramma for bygging av studentbustadar.

Kor mange gongar grunnbeløpet i Folketrygda bør tilskot frå staten i form av stipend og lån ligge på?

-Studielånet bør ligge på grunnbeløpet gonger 1,5, dvs om lag 109 321 kr i året.

Er Noreg tent med at store høgskular vert gjort om til universitet?

-Det bør ikkje vere eit mål i seg sjølv å verte universitet. Ein bør satse på å styrke høgskulene som sjølvstendige institusjonar. Dei har ein viktig funksjon knytt til profesjonsutdanninga. Det bør leggast inn insitament som gjer at det lønner seg både faglig og økonomisk å vere høgskule.

Kva kan gjerast for å sikre internasjonalisering ved dei norske institusjonane for høgare utdanning?

- Internasjonalisering må verte ein naturlig del av høgare utdanning. Vi har mellom anna foreslått støtte til det såkalla freshman year ved utanlandske universitet og studiar i ikkje-vestlige land, heve stipenddelen i skulepengestøtta for heilgradsstudentar på bachelornivå til 70 prosent og å styrke kvoteordninga for studentar frå utviklingsland.

I kva grad bør det foregå undervisning på andre språk enn norsk på norske utdanningsinstitusjonar?

- I takt med den aukande internasjonaliseringa er det ikkje unaturlig at for eksempel engelsk vert eit viktig språk. Det er likevel viktig å verne om det norske språket også i akademia.

Kor skal desse pengane eventuelt hentast frå?

- Dette vil vere ei heilskapsvurdering ut frå den konkrete budsjettsituasjonen. Krf ser ikkje føre seg kutt i sektoren for forsking og høgare utdanning om den økonomiske situasjonen fortset som no. Det er eit behov for satsing, og det gjer ein ikkje gjennom å løyve mindre pengar.

Kva andre av Krf sine kjernesaker trur du studentar er opptekne av?

- Eg trur studentvelferd gjennom gode ordningar ved fødsel og graviditet, psykisk helse og ved sjukdom er viktig for studentar. Studentar er i ein fase kor dei er eller skal verte småbornsforeldre, og vi meiner å ha den beste familiepolitikken. Eg trur óg at miljø og bistandspolitikken vår er viktig for studentar sidan dei er engasjerte og opptekne av rettferd og framtida.

Fakta

HØYERE UTDANNING PÅ DAGSORDEN Universitas vil hver uke fram mot Stortingsvalget presentere to partiers politikk for forskning og høyere utdanning. Denne uken: Kristelig folkeparti og Fremskrittspartiet.
Neste uke: Sosialistisk venstreparti og Venstre
Frå valprogrammet:
Krf vil:
  • Prioritere forsking innan energi og klima og nordområda.
  • At støtta frå Statens lånekasse for utdanning leggast til grunn som oppteningsgrunnlag for trygdeordningar dersom studenten ikkje får arbeid etter ferdig utdanning.
  • Stimulere til auka kommersialisering av forskingsresultat ved universitet, høgskular og andre forskingsmiljø. Institusjonane må gjevast incentiv til å auke denne aktiviteten.
  • At det opprettast fleire stipendiat- og postdoc-stillingar og fleire faste vitskapelege stillingar.
  • Auke løyvingane til avansert utstyr.
  • Sikre at utanlandsstudentar med born har same rettar til kontantstøtte som studentar i Noreg.
  • Styrke helsetilbodet til studentane, særleg når det gjeld psykisk helsevern.
  • At bibelskular og andre skuleslag som ikkje naturleg høyrer inn under privatskulelova eller fagskulelova, skal sikrast like gode rammebetingelsar og utviklingshøve som i dag.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Brei motstand mot universitetsplanane

Stortingspolitikarane støttar Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) sin kritikk av høgskuleleiinga.

Bystudenter drikker mest

Studenter i byene drikker mye mer enn studenter på landet. Byjentene er aller verst.

Høyskolegrossister kan bli gransket

Brødrene Nicolai og Peder Løvenskiold styrer Norges største privateide utdanningskonsern.

Riksrevisjonen reagerer på komplisert konsernstruktur og vurderer gransking av skolene.

Utdanningskrise i Europa

Gjeldskrisa gjør at europeiske universiteter rammes hardt av statlige sparetiltak. I Storbritannia opplever universitetene samtidig den største nedgangen i antall søkere på 30 år.

Avviser pyramidepåstander

– World Ventures betaler ikke for å rekruttere representanter, men bare for introdusering av kunder. Planen er ikke komplisert og følger et format som er vanlig for mange MLM-selskaper, sier sjef for internasjonal kommunikasjon i World Ventures.

Advarer mot ny pyramide

Flere studenter har allerede blitt vervet til pyramideselskapet World Ventures.

Førstelektor ved BI, Gorm Kunøe, advarer sterkt mot å la seg verve.

Derfor stiller hun bakerst i turnuskøen

Norske studenter med medisinutdannelse fra utlandet må stille bakerst i køen når de søker turnusplass, foreslår Helsedirektoratet i ny rapport. Medisinstudentene i utlandet må i så fall skaffe seg praksis i landet de studerer i.

Setter gutta i skammekroken

Stine Bredal Oftedal leverte to eksamener fire dager før hun vant håndball-VM i Brasil. Jenter er best i stand til å gjøre flere ting samtidig – også i idrettsverdenen.

Slått i trynet av knockout-loven

I regi av Det norske studentersamfund dengte profilerte studentledere løs på hverandre rett før jul. Stikk i strid med knockoutloven, og med økonomisk støtte fra UiO.

– Ikke behov for handikapboliger

Lederen for Velferdstinget i Oslo og Akershus mener det bør kuttes i antallet tilrettelagte studentboliger. Det provoserer organisasjonen Unge funksjonshemmede kraftig.


Flere saker fra nyhet »

Annonse


Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt