Annonse

annonser i Universitas

KRITISK: Bjørn Høyland, postdoktor ved Institutt for Statsvitskap ved Det samfunnsvitskapeleg fakultet, er ikkje imponert over nivået på pedagogikkurs for vitskapeleg tilsette ved Universitetet i Oslo. - Eg er kritisk til både kvaliteten og organiseringa

Lærer ikkje å undervise

  • Berre halvparten av dei nytilsette ved Universitetet i Oslo gjennomfører obligatoriske kurs i pedagogikk i tide.
  • - Vi bør passe betre på, innrømmer Gudleik Grimstad, fakultetsdirektør ved Det samfunnsvitskapelege fakultet.

- Pedagogikk har vore sett på som mindre viktig ved UiO. Inga Bostad, viserektor

- Det er ikkje bra nok. At folk har byrja på dette kurset er bra, men det skal vere unnagjort på to år. Her må vi verte flinkare, seier Inga Bostad, viserektor ved Universitetet i Oslo (UiO).

Akademiske tilsette ved UiO må ta pedagogikkurs på til saman 100 timar i løpet av dei to første åra dei er tilsette, om dei ikkje har pedagogisk utdanning frå før. Kursa vert arrangert av Fagområde for Universitetspedagogikk under Det utdanningsvitskapelege fakultetet (UV). Ei kartlegging Universitas har gjort syner at berre halvparten av dei som no har vore tilsett i to år, er heilt ferdige med kursa. Dei spurde utgjer 10 personar ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet (SV), Det humanistiske fakultet (HF) og Det medisinske fakultet. SV og HF har ikkje kontroll med kven av deira tilsette som gjennomfører kurset.

- Per i dag har vi ikkje full oversikt over kven som har gjennomført. Vi bør passe betre på, og her vil vi følgje opp for å sikre at det skjer, seier Gudleik Grimstad, fakultetsdirektør ved SV-fakultet.

- Viktigast at dei er i gong

Prodekan for forsking ved HF-fakultetet, Mette Halskov Hansen, er forbausa over at berre halvparten er ferdige, men meiner det viktigaste er at dei er i gong med kursa.

- Er dei skikka til å undervise utan kurset?

- Det kan dei vere. Mange av dei nytilsette har undervist mange år før, gjerne i utlandet, kor det ikkje nødvendigvis er krav til formelle kurs. Vi tilset ikkje folk som ikkje er i stand til å undervise, seier ho.

På Det medisinske fakultet fortel personalsjef Astrid Holø at dei har strenge rutinar, iallfall midlertidig vitskapleg tilsette.

- Åremålsstillingane vert gjeve som to års tilsetjing, mot normalt fem år, om dei ikkje har godkjend pedagogisk kompetanse. Vi lagar då vedtak slik at tilsetjinga utvidast til fem år om dei i løpet av dei første to åra har skaffa seg kompetansen, seier ho.

Erik Schreiner Evans, som representerer Humsamlista på Studentparlamentet, meiner at fakulteta utan kontroll ikkje gjer jobben godt nok.

- Det er ingen grunn til at det ikkje skal vere kjempelett å kontrollere at folk oppfyller krav til tilsetjing. Om dei vil, så kan dei det, seier han.

- Lite profesjonelt kurs

Jon Hernes Fiva, postdoktor ved Økonomisk institutt på SV, er ein av dei som vart tilsett for to år sidan. Denne våren har han forsøkt å ta dei pedagogiske kursa. Noko han seier har vore umogleg, grunna lite profesjonell handtering frå kursarrangør si side.

- Rutinane deira er under einkvar kritikk. Det er vanskeleg å finne ut om ein er komme med kurs. Når ein vender seg til dei, får ein berre ein standard-e-post attende kor det står «Hører du ikke fra oss blir du automatisk overført til neste semester H09.» Ein av modulane vart avlyst dagen før oppstart, seier Fiva.

Han får støtte frå Bjørn Høyland, postdoktor ved institutt for statsvitskap på SV, som og er i gong med pedagogikkurset.

- Det faglige nivået er for lågt, og kurset er lagt opp slik at det er vanskeleg å kombinere med dei andre pliktene. Dei fleste som deltek er flinke og motiverte, men kurset betrar ikkje deira pedagogiske evner, seier han.

Høyland har tidlegare delteke på eit pedagogikkurs ved London School of Economics and Political Science, kor undervisninga var knytt tettare opp til fagretningane. Han meiner eit slikt tiltak kunne ha betra pedagogikkursa ved UiO.

Kontinuerleg diskusjon

Helge Strømsø, professor ved Pedagogisk forskingsinstitutt, er koordinator for Fagområde for Universitetspedagogikk. Han seier dei har ein kontinuerleg diskusjon på korleis undervisninga skal organiserast.

- Dei som føretrekk fagspesifikke kurs har gode argument, men det kan vere ei føremon å lære av andre sine erfaringar på tvers av faggrensene, seier han.

Han meiner deltakarane har ulike føresetnadar når dei startar på kurset, som gjer at nokre oppfattar det faglige nivået som for lågt. Strømsø fortel det har skjedd at kurs vert avlyst på kort varsel på grunn av få deltakarar. Han meiner det ikkje er for kort påmeldingsfrist, men at det hender kursa er fulle.

- Det har vore ein periode med overlapping i administrasjonen som har gjort det vanskeleg å få kontakt med oss. Eg kan innrømme at det kan få uheldige utslag innimellom, men vi jobbar for å betre situasjonen, seier han.

- Pedagogikk nedprioritert

Schreiner Evans meiner at det pedagogiske problemet ved UiO går djupare enn berre kvaliteten på kursa.

- For dei fleste akademisk tilsette står nok forskinga som det dei har lyst å drive med, og det å undervise som eit nødvendig vonde, seier han.

Bostad understrekar og kor viktig pedagogikken er.

- Pedagogikk har vore sett på som mindre viktig ved UiO, og har hatt ein lågare status enn forsking og formidling. Mitt inntrykk er at når tilsette deltek på kurset, så endrar dei litt haldning og ser kor viktig pedagogikk er, seier ho.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »