Annonse

annonser i Universitas

PÅ FRIERFØTTER: Her er det nye arbeidsutvalet som skal ivareta dine interesser det neste året. F. v. Karen Oldervik Golmen, Magnus Malnes, Anne Karine Nymoen (leder), Ingjerd Lindeland og Pål Preede Revheim.

Frir til Studentenes Landsforbund

Norsk Studentunion vil bli eitt med Studentenes Landsforbund, men samanslåing tyder ikkje nødvendigvis større politisk gjennomslagskraft, meiner Tora Aasland.

- Eg får assosiasjonar til Berlinmuren sitt fall. Ine Marie Eriksen Søreide, stortingspolitiker.

Under Norsk Studentunion (NSU) sitt landstingsmøte laurdag fekk ein det endelege ja-vedtaket med 74 mot åtte stemmer for samanslåing. Ingvild Reymert, avtrappande leiar i NSU, meiner at éin stor studentorganisasjon vil gje større truverd og større gjennomslagskraft enn to separate, når dei skal kjempe for auka løyvingar til høgre utdanning og studentvelferd.

- Vi vil kunne stå sterkare i den norske samfunnsdebatten når vi er samkjørte, meiner Reymert.

Entusiasmen når heilt til Stortinget.

- Dette er noko som kjem til å ende i historiebøkene. Eg får assosiasjonar til Berlinmuren sitt fall, seier Ine Marie Eriksen Søreide (Høyre), leiar i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité (KUF).

Tora Aasland, minister for forsking og høgre utdanning, er òg positiv til samanslåing, men meiner at det ikkje er ein garanti for betre gjennomslag hjå henne.

- Det treng ikkje ha med storleik å gjere. Det handlar om måten ein jobbar på.

Intern usemje i NSU

Fleire av NSU-representantane frå dei mindre institusjonane fryktar å miste påverknad når organisasjonen veks, då det kjem til å verte større konkurranse om posisjonar i sentrale verv og komitear. Fem av dei 15 representantane frå NSU-Bergen, og alle representantane frå lokallaget ved Handelshøgskulen i Bergen (NSU-NHHS), stemte mot samanslåinga.

- Sjølv om to parti er samde på nokre område, så vil ikkje det gjere at dei slår seg saman, seier Eirik Tennfjord frå NSU-NHHS.

Tennfjord meiner at det i prosessen har vore lite openheit rundt det å få fram kritiske røster. Reymert ser at samanslåinga kan oppfattast som problematisk.

- Det vil bli større forskjellar, men det er allereie ulikskapar internt i NSU. I ein større organisasjon vil alle medlemslag verte mindre, også dei store. Studentenes Landsforbund (StL) har god erfaring med mange små medlemslag, og vil kunne dra med seg desse erfaringane inn i den nye organisasjonen, seier Reymert.

Svar torsdag

Komande torsdag får ein det avgjerande vedtaket frå StL. Dersom svaret blir ja, skal den nye studentorganisasjonen, Ny nasjonal studentorganisasjon (NSO), etter planen ha sin første operative dag 1. juli 2010.

- Det har vore ibuande motsettingar mellom organisasjonane, og mellom meg og Ingvild (Reymert, journ.anm), som har gjort eit samarbeid vanskeleg. Men vi hatt ein open tone oss imellom som har gjort det lettare, seier Øistein Svelle, leiar i StL, som vonar at hans organisasjon også vil stemme ja til samanslåinga.

NSU har dei siste månedane fått mykje kritikk, blant anna på grunn av eit stort økonomisk underskot, og for utføringa av ei undersøking av partiprogramma sin utdanningspolitikk. Det gjenstår å sjå om StL let seg friste.

Fakta

Norsk studentunion (NSU):
• Avtrappande leiar: Ingvild Reymert.
• Ny leiar: Anne Karin Nymoen.
• Representerer omkring 93 000 studentar.
• Interesseorganisasjon for studentar ved universiteta, kunst- og vitskaplege høgskular.
• Har åtte medlemslag i Oslo (2), Bergen (2), Trondheim, Stavanger, Ås og Tromsø.
Studentenes landsforbund (StL):
• Leiar: Øistein Svelle.
• Representerer 100 000 studentar.
• Noregs største studentorganisasjon.
• Har medlemslag ved 31 private og statlege utdanningsinstitusjonar.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »