LEIARSTRID: Trygve Wyller har ikkje nemnt noko om valt eller tilsett universitetsleiing i plattforma si, slik den andre kandidaten, Ole Petter Ottersen, har gjort.

Den store leiingsdebatten

Rektorkandidat Ole Petter Ottersen meiner dagens ordning med valt leiing er det beste. Motkandidat Trygve Wyller er open for å debattere nye formar. – Kandidatane forstår ikkje si eiga rolle, meiner tidlegare universitetsdirektør Hanne Harlem.

Publisert Sist oppdatert

Rektorvalet 2009

  • Alle studentar har røysterett, og studentrøystene tel 25 prosent. Vitskapleg tilsette sine røyster tel 58 prosent, medan teknisk og administrativt tilsette sine røyster tel 17 prosent.
  • Valet føregår elektronisk frå 30. mars til 2. april 2009, via Uio.no.
  • Det nye rektoratet går på 1. august 2009.

Kandidatane

  • Medisinprofessor Ole Petter Ottersen med prorektorkandidat Inga Bostad (viserektor i dag) og viserektorkandidatar Doris Jorde, professor ved Utdanningsvitskapleg fakultet, og Ragnhild Hennum, jussprofessor.
  • Dekan ved Det teologiske fakultet Trygve Wyller med prorektor-kandidat Guro Valen, medisinprofessor og viserektor-kandidat Arne Bugge Amundsen, instituttleiar ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS).

– Reint prinsipielt ser eg få grunnar til at universitet skal leiast annleis enn andre viktige samfunnsinstitusjonar. Eg ville synes det var heilt gale om til dømes legane skulle velja leiar for sjukehus eller polititilsette for politietaten, seier Hanne Harlem.

Harlem var universitetsdirektør da styret ved Universitetet i Oslo (UiO) i 2005 avgjorde at rektor framleis skulle vera valt. Ho meiner universitetet manglar orientering mot samfunnet rundt seg.

– For meg er det store demokratiet viktigare enn det såkalla universitetsdemokratiet. Fagleg fridom er ein grunnleggjande premiss, men det betyr ikkje at ein må velja den øvste leiaren, seier ho.

Innsyn for karriere

Norsk Tjenestemannslag (NTL) ved UiO inviterte måndag til ope møte om universitetsdemokratiet. Rektorkandidatane måtte svare for seg på ei rekkje utfordringar, og særleg spørsmålet om valt eller tilsett rektor og dekanar var sentralt. Mens Wyller sa han ønskte ein debatt velkomen, var Ottersen på vegne av sitt lag meir avvisande til dette.

– Vi ønskjer å bruke kreftene våre på heilt andre ting, slo han ettertrykkeleg fast.

Til Universitas utdjupar han:

– Vi vil ha systemet som det er i dag. Eit val gir størst legitimitet til den som blir rektor. Universitetet har enormt mange utfordringar framover, og da treng vi ein veldig sterk lagånd, meiner Ottersen.

Ottersen hevdar også at valt leiarskap er med på å gi tryggleik i forskingskarrieren. Han meiner dei tilsette på den måten får betre innsyn i avgjerder knytt til ressursfordeling og stillingsstruktur.

– Skal ein vera kreativ og utvikle potensialet sitt, er det ein føresetnad at visse kriteria er på plass. Det må vera transparens og muleg å etterspore av avgjerdene blir tatt. Ein må kunne medverke i demokratiske prosessar, meiner han.

Uforståeleg argument

Argumentet om innsyn møter motførestillingar. Eksternt oppnemnt styremedlem ved UiO, Paul Chaffey, har tidlegare stemt imot ordninga med valt rektor som styreleiar, og går imot denne grunngjevinga.

– Kvifor innsynet skulle bli styrka av å ha valt leiing, forstår eg ikkje. Måten ein involverer folk på i avgjerder vil vera uavhengig av om ein har tilsett eller valt leiar, seier han.

Marit Arnstad, styreleiar ved NTNU, der rektor og dekanar er tilsett, ser heller ikkje problemstillinga.

– Det er viktig at dei som utgjer sjølve basisen i universiteta har innsyn. Men eg trur det er muleg å oppnå innsyn både ved valt og tilsett leiing, seier ho.

Ottersen er ikkje samd i dette.

– Ein valt leiar vil per definisjon koma frå det miljøet som vedkomande vil bli leiar for, og vil derfor ha større føresetnader enn ein tilsett leiar for å forstå miljøet sin eigenart og behov. Ein valt leiar vil også i mange tilfelle utøve større lojalitet nedover i organisasjonen enn ein tilsett leiar. Ikkje minst blir innsyn sikra ved at avgjerder blir fatta i organ som er valt og representativt samansett, seier han.

Manglar verkelegheitsforståing

Trygve Wyller vil ikkje kontant avvise ein debatt om leiingsstrukturar, men er klar på at han sjølv går inn for valte leiarar. Han trekkjer fram universitetet si autonome stilling i samfunnet som argument.

– Universiteta må ha fridom til å stille faglege spørsmål. Desse spørsmåla må ikkje vera formulert av politikarar, media eller andre. Valt leiing er viktig for å markere at eksterne krefter ikkje skal bestemme universitet sin måte å forske på, seier han.

Hanne Harlem har lite til overs for denne argumentasjonen, og meiner det er uttrykk for manglande forståing for kva rolle ein rektor faktisk har.

– Da har dei eit bilete av toppleiingsoppgåver som ikkje stemmer med verkelegheita. Det viktige for leiinga av universitetet er å leggje rammene til rette. Toppleiinga si oppgåve er ikkje å styre den frie forskinga. Det er veldig mange andre ting enn forskinga som er deira oppgåve, seier ho.

At den frie forskinga skal lide dersom rektor blir tilsett avviser ho kontant.

– Det er heilt uriktig. Ved NTNU er det tilsett rektor, men ingen kan dokumentere at den frie forskinga lir under det, hevdar ho.

I ein undersøking ved NTNU kjem det fram at berre 11 prosent av dei tilsette meiner ordninga med tilsatt rektor har styrka den faglege styringa. Førti prosent er ueinige.

Marknadsfrykt

NTL uttrykkjer i ei brosjyre i samband med valet uroing for «en sterk ikke-valgt leder som kan tilpasse seg markedet og for eksempel raskt nedlegge enheter med få studenter».

– Å leggje ned små fag er ikkje nødvendigvis ei dårleg avgjerd. Men når det blir dårleg studenttilstrøyming som blir utslagsutgjeving, så er det ei marknadstilpassing, meiner leiaren i NTL ved UiO, Ellen Dalen.

Paul Chaffey ser ikkje at dette er relevant problemstilling.

– Kvifor skulle ein matematikar som er valt meine noko anna om til dømes nedlegging av tsjekkisk språk enn ein matematikar som er tilsett? Det skjønar ikkje eg, seier han.

Men NTL-leiaren meiner det ikkje er så enkelt.

– Har ein tilsette leiarar jamt over, der leiarerfaring i staden for den faglege autoriteten står i fokus, vil ein få eit system som gjennomgåande prioriterer gode rekneskapstal, seier ho.

Dalen peikar på at UiO i dag nyttar store ressursar på administrative system, og at god administrasjon blir uttrykt å vera eit mål i seg sjølv. Da har ein kome for langt, meiner ho.

– Tilsette leiarar har ein større hang til å overdrive den administrative betydningen. Men UiO har ikkje gått konkurs den tida vi har hatt valte leiarar. Vi har klart oss bra fagleg og økonomisk, meiner ho.

Uheldig rolleblanding

Hanne Harlem er overtydd om at tilsett rektor er den beste måten å kvalitetssikre ved universitetet på.

– Leiar og tillitsvalt er ulike roller, og begge deler blir dårlegare utført når ein blandar rollene. Ein kan også få gode kandidat ved å velja, men er eg overtydd om at sjansen er større dersom det er ein tilsetjingsprosess. Da vil ein få ei grundig vurdering av eigenskapar og kompetanse, seier ho.

Wyller meiner på si side at kandidatane blir grundig nok vurdert i valkampen.

– Det er derfor ein har val, at ein kan finne ut gjennom valprosessen kven som er best eigna. Det vi no skal bli vurdert på er at vi har faglege kompetanse, i tillegg til dei leiingseigenskapane som gjer oss i stand til å vera gode faglege og strategiske leiarar for heile universitetssamfunnet, seier han.

Powered by Labrador CMS