Annonse

annonser i Universitas

Lovar å te seg pent

Kandidatane vil ha ein sakleg og ryddig valgkamp.

- Det viktigaste er å møte kvarandre med verdigheit og respekt. Det vil vise seg at det er ein del ting vi er usamde om, elles ville det ikkje vore ein valkamp. Men det bør bli ein sakleg debatt, som universitetet tener på. Dei som følgjer valkampen bør få auge på ulike profilar og modellar for kva som er sentralt ved universitet, seier Trygve Wyller.

Han meiner det finst klare etiske grenser for korleis ein valkamp skal gå føre seg.

- Det er viktig at begge kandidatane snakkar om sin eigen profil, og prøver å tydeleggjera den på ein positiv og offensiv måte. Men eg trur grensa går ved å seia at den andre har eitt eller anna motiv for det han seier og meiner. Det synes eg er respektlaust, seier han.

TF-dekanen var også aktiv under førre valkamp, og seier han tek til seg det som har kome fram i omdømeundersøkinga. Han meiner det legg eit stort ansvar på dei som skal ut i elden no.

- Vi må unngå personkarakteristikkar. For universitetet si skuld må vi la det handle om visjonar for UiO si framtid, meiner han.

- Så dette blir ikkje ein ny valkamp med skitkasting?

- Nei, overhovudet ikkje.

Ole Petter Ottersen tenkjer heller ikkje akkurat å gå i strupen på sin motkandidat.

- Det har eg sagt frå fyste augeblikk. I eit tidligare intervju sa Wyller at plattforma mi er utydeleg. Da sa eg at eg ønskjer ein sakeleg diskusjon om kvart enkelt punkt. Vi har eigentleg sama mål, begge vil bruke vår tid og kompetanse på å gjere UiO enda betre. Derfor vil eg at vi skal sjå på kvarandre som medkandidatar, ikkje motkandidatar.

- Kan ikkje kandidatura bli utydelege om dykk skal vere så snille?

- Det er ei misforståing. Respekt kan pares med saklegheit og tydelegheit. Men sjølvsagt er det viktig å definere kvar vi er ueinige, elles blei valet eit spillfekteri. Eg vonar det går fram hoss vi vil vere forskjellige i måta vi profilerer universitetet. Foreløpig er det litt uklart for meg kvar vi vil vere mest forskjellige. Men dette vil komme fram i valkampen. Uansett, ingen tener på å vulgarisere valkampen.

Kandidatane

Fristen for å stille kandidatur til rektorvalet ved Universitet i Oslo gjekk ut måndag 16.februar klokka 16. Følgjande to kandidatar stillar til val:

Namn: Trygve Wyller

Fødd: 4.juni 1950
Stilling: Dekan ved Det teologiske fakultetet frå 2007
Bakgrunn: Studiedekan ved Det teologiske fakultet 2003-2007
Medlem av Pressens faglige utvalg (PFU) 2000-2008
Professor i systematisk teologi og diakoniforskning frå 2000
Førsteamanuensis ved Det teologiske fakultet, UiO, 1996-2002
Dr. theol. 1994
Cand. theol. UiO 1982
Cand. mag. UiO (HF) 1976

Prorektor-kandidat: Guro Valen, medisinprofessor Viserektor-kandidat: Arne Bugge Amundsen, instituttleiar ved Institutt for kulturstudium og orientalske språk (IKOS)

Frå den foreløpige plattforma:

  • Auka ressursar til forsking
  • Fleire post.doc.stillingar
  • Leggje vekt på universell utforming
  • Studentrekruttering i eit kulturelt mangfaldsperspektiv
  • Øyremerka post.doc.-stillingar for kvinner

Namn: Ole Petter Ottersen

Fødd: 17.mars 1955
Stilling: Professor i medisin, avdeling for anatomi frå 1992
Direktør ved Centre for Molecular Biology and Neuroscience frå 2002
Bakgrunn: Forskingsdekan ved Det medisinske fakultet 2000-2002
Leiar for EMBIO (styringsgruppe for forsking innan molekylærbiologi, bioteknologi og bioinformatikk ved Universitetet i Oslo) 2001-2002
Førsteamanuensis ved Det medisinske fakultet: 1983-1992
M.D. UiO 1980
Ph.D. UiO 1982

Prorektorkandidat: Inga Bostad, viserektor ved UiO i dag
Viserektorkandidat: Doris Jorde, professor ved Utdanningsvitskapleg fakultet, Doris Jorde, og Ragnhild Hennum, professor ved Det juridiske fakultetet.

Frå den foreløpige plattforma:

  • Meir tid til samanhengande forsking
  • Vidareutvikle likestillingsarbeidet
  • Styrke studierettleiing og fadderordninga
  • Betre studiefinanseringa
  • Styrke samarbeidet med Oslo by

Fakta

Rektorvalet 2009
  • For å stille som rektorkandidat, er det krav om offisiell støtte frå minst 20 røysteføre.
  • Ingen kan underskrive meir enn eitt framlegg.
  • Alle studentar har røysterett, og studentrøystene tel 25 prosent. Vitskapleg tilsette sine røyster tel 58 prosent, medan teknisk og administrativt tilsette sine røyster tel 17 prosent.
  • Valet føregår elektronisk frå 30. mars til 2. april 2009, via uio.no.
  • Det nye rektoratet går på 1. august 2009.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »