Annonse

annonser i Universitas

FOTO: Anders Aa Hagen

Lovar å ikkje snoke

UiO garanterer at leiinga ikkje vil lese e-posten din.

For to veker sidan skreiv Universitas om ei ny forskrift frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet som opna for at studentar ved universitet og høgskular kan kontrollerast på lik line med tilsette (jf. Universitas 4. februar). Forskrifta skulle ta sikte på å klargjere tidlegare retningslinjer for innsyn, men regelverket er framleis uklart. Ved UiO har ein hatt moglegheita til innsyn sidan 1996. Så langt Walter Tveter og Lars Oftedal hugsar, har ho ikkje vorte nytta. Dei er henholdsvis seniorrådgivar og IT-direktør ved Universitetet sitt senter for informasjonsteknologi (USIT).

- Det er berre i ekstreme situasjonar, som til dømes ved begjæring frå politiet, eller dersom nokon døyr og ein får eit påbod frå ein norsk domstol, at ein kan gå inn og sjå i områda til studentar eller tilsette. Politiet har ikkje heimel til å gå inn i systema til brukarane utan ei rettsleg avgjersle først, seier Oftedal.

Seinast i fjor ville eit institutt ved Universitetet i Oslo (UiO) rydde opp i områda til dei tilsette ved instituttet. Lagringsplassen på områda var fulle, og instituttleiinga ville gå inn og fjerne mp3-filer som dei tilsette hadde på områda sine.

- Vi fikk spørsmål om å gjennomsøke områda, men då sa vi kontant nei. For alt vi visste kunne dette vere lovlege filer som var ein del av eit forskingsprosjekt. Vi har ingenting med det å gjere, og vi skal ikkje ha noko med det å gjere, seier Oftedal.

Ved saker som er knytt til opphavsrett, til dømes dersom nokon har skanna ei lærebok og lagt ho ut på nettet, vil ein heller ikkje gå inn i områda, men sette opp ei karantene og ordne opp i saken med vedkomande.

Tveter meiner den nye forskrifta er for vag, og stiller uklare krav til personvernet.

- Forskrifta slik den er no stiller ikkje så harde krav. At ein kan «gjennomsøke, opne eller lese e-post i tilsette si e-postkasse» dersom det er «berettiga interesser ved verksemda», dekker veldig mykje, seier Tveter.

Han ser fram til at ein frå departementet sitt hald skal få fleire retningslinjer for forskriftene som vedrører personvernet til studentar og tilsette.

- Kva ser du for deg at desse retningslinjene skal innehalde?

- Vi ønskjer å skru igjen moglegheita til å foreta denne typen driftsinngrep. Vi ser ikkje for oss at ein treng ei slik form for innsyn, og spesielt ikkje for studentar.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »