Annonse

Bli med i nordens største studentavis

MEIR FRAMPÅ: Studentunionane vil auke forskarrekrutteringa med tettare kopling mellom studentar og forskarar. (Arkivfoto: Aksel Kjær Vidnes)

- Fråverande universitet

Norske universitet og høgskolar tapar kampen når dei kloke hovuda skal ut i arbeidslivet, meiner studentorganisasjonane.

- Vi vil at alle forskarar som er offentleg finansiert også skal undervise, sa leiaren for Studentenes Landsforbund (StL), Øistein Ø. Svelle.

Saman med Ingvild Reymert, leiaren i Norsk Studentunion (NSU), var han tilstades på Kunnskapsdepartementet (KD) sin kontaktkonferanse for høgare utdanning 2009. Dei presenterte båe tiltak for å auke forskingsrekrutteringa.

Hovudtema for konferansen var forskingsmeldinga 2009 med vekt på institusjonelt og fagleg samarbeid. Reymert og Svelle held felles innleiing om forsking og rekruttering frå studentperspektiv, og kasta fram fleire forslag, mellom anna tettare kopling mellom studentar og forskarar. Reymert viste til tilfelle på amerikanske universitet, der dei fremste forskarane ofte vart nytta til å undervise dei ferskaste studentane, og etterlyste ei tilsvarande satsting for å auke forskingsinteressa blant norske studentar.

- Med forskingsbasert undervisning kan vi vera med å gjera studentar nysgjerrige på eit tidleg stadium, sa ho.

Fråverande institusjonar

NSU-leiaren meinte institusjonane generelt hadde å mykje å gå på når det gjaldt rekruttering. Ho uttrykte ønskje om eit meir offensivt akademia i jakta på kloke hovud.

- Spør du studentar i dag om dei vil jobbe i akademia, er svaret som oftast nei, hevda ho. Reymert meinte dette hang saman med den labre aktiviteten på rekrutteringssida.

- For det første blir vi i svært liten grad oppmoda til å gjera ei akademisk karriere gjennom studieløpet. På mange av lærestadane våre står bedrifter dagleg med informasjon, medan institusjonane sjølv er heilt fråverande. Skal sektoren vera med og rekruttere studentar, må dei vera meir frampå. Dei må koma med informasjon, fortelja kva ein arbeidsdag i akademia inneber og la det bli ein integrert del av utdanninga vår, sa studentpolitikaren.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Brei motstand mot universitetsplanane

Stortingspolitikarane støttar Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) sin kritikk av høgskuleleiinga.

Bystudenter drikker mest

Studenter i byene drikker mye mer enn studenter på landet. Byjentene er aller verst.

Høyskolegrossister kan bli gransket

Brødrene Nicolai og Peder Løvenskiold styrer Norges største privateide utdanningskonsern.

Riksrevisjonen reagerer på komplisert konsernstruktur og vurderer gransking av skolene.

Utdanningskrise i Europa

Gjeldskrisa gjør at europeiske universiteter rammes hardt av statlige sparetiltak. I Storbritannia opplever universitetene samtidig den største nedgangen i antall søkere på 30 år.

Avviser pyramidepåstander

– World Ventures betaler ikke for å rekruttere representanter, men bare for introdusering av kunder. Planen er ikke komplisert og følger et format som er vanlig for mange MLM-selskaper, sier sjef for internasjonal kommunikasjon i World Ventures.

Advarer mot ny pyramide

Flere studenter har allerede blitt vervet til pyramideselskapet World Ventures.

Førstelektor ved BI, Gorm Kunøe, advarer sterkt mot å la seg verve.

Derfor stiller hun bakerst i turnuskøen

Norske studenter med medisinutdannelse fra utlandet må stille bakerst i køen når de søker turnusplass, foreslår Helsedirektoratet i ny rapport. Medisinstudentene i utlandet må i så fall skaffe seg praksis i landet de studerer i.

Setter gutta i skammekroken

Stine Bredal Oftedal leverte to eksamener fire dager før hun vant håndball-VM i Brasil. Jenter er best i stand til å gjøre flere ting samtidig – også i idrettsverdenen.

Slått i trynet av knockout-loven

I regi av Det norske studentersamfund dengte profilerte studentledere løs på hverandre rett før jul. Stikk i strid med knockoutloven, og med økonomisk støtte fra UiO.

– Ikke behov for handikapboliger

Lederen for Velferdstinget i Oslo og Akershus mener det bør kuttes i antallet tilrettelagte studentboliger. Det provoserer organisasjonen Unge funksjonshemmede kraftig.


Flere saker fra nyhet »

Annonse


Eks: «Rørlegger» Mer info
Brilleland, 15% studentrabatt