Hit kjem studentbustadane
Det vert bygga 421 nye studentbustadar i Oslo om SiO får gjennomslag for søknaden sin til Kunnskapsdepartementet.
Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) har søkt Kunnskapsdepartementet (KD) om tilskot til å bygge 421 nye studentbustadar i 2009. I statsbudsjettet for 2009 foreslo Regjeringa å bygge om lag 1000 nye studentbustadar på landsbasis. Fordelinga av bustadane vert offentleggjort i byrjinga av februar 2009.
– Halvparten av alle studentane som sto i kø for bustadar i sommar, søkte i Oslo. I tillegg meiner vi det bør leggast vekt på at 38 prosent av studentane som i dag bor i ein studentbustad i SiO er internasjonale studentar, seier direktør i SiO, Lisbeth Dyrberg.
SiOs prioriteringar
I søknaden sin til KD har SiO prioritert studentbustadar ved Vestgrensa, Sogn og Bjølsen. I tillegg skal Fagerborg Utleigebustadar konverterast til studentbustadar, og fellesarealet ved Sogn, Kringsjå og Enerhaugen ombyggast. På noverande tidspunkt disponerer SiO om lag 6000 utleigebustadar.
– Konkrete prosjekt som kan realiserast, eventuelt starte opp i 2009, går fram av vår søknad om tilskot i 2009, sier Dyrberg.
Disse er:
Prioritert bland desse er fullfinansiering av Vestgrensa II, fortel Dyrberg.
Leiaren i Velferdstinget, Fredrik Refsnes, meiner at det som er mest gledeleg ved søknaden frå SiO er at bygginga av bustadane kan ta til allereie i 2009.
– Ved semesterstart i haust var det lange køar til studentbustadane rundt om i landet. Halvparten sto i kø i Oslo og til bustadane ved SiO, seier Refsnes.
Refsnes håper at Oslo får så mange av bustadane som mogleg av dei som vart lova til pressområda då statsbudsjettet vart offentleggjort 7. oktober.
- 96 bustadar ved Vestgrensa Studentby.
- 16 bustadar ved Bjølsen Studentby.
- 33 bustadar ved Fagerborg Utleigebustadar.
- 221 bustadar ved Sogn Studentby.
- 55 bustadar fordelt mellom Sogn, Kringsjå og Enerhaugen Studenthus.
Fordeling av bustadar
Når bustadane skal fordelast frå Kunnskapsdepartementet er det fleire faktorar det skal takast omsyn til. I tillegg til at byggeprosjekta må følgje retningslinjer og føreskrifter om tilskot til studentbustadar vert det lagt vekt på behovet for studentbustadar ved studiestaden.
– I årets invitasjon til å søke om tilskot til studentbustadbygging går det fram at ein også skal legge vekt på talet internasjonale studentar ved studiestaden og kor mange hybeleiningar som leigast ut til internasjonale studentar, seier Monja Marie Evdahl, seniorrådgivar i KD.
Det er totalt 16 studentsamskipnadar som har søkt om tilskot til studentbustadbygging. Frå universitetsstadene Oslo, Bergen, Trondheim, Tromsø, Stavanger og Agder er det til saman søkt om tilskot til å bygge 1631,5 bustadar. Fordelinga av tilskot vert offentliggjort i ei pressemelding frå KD som plar kome i byrjinga av februar. Datoen er enno ikkje fastsett.