Annonse

annonser i Universitas

LEGG TIL RETTE: Oslostudentanes Idrettsklubb (OSI) informerer på engelsk, men ingen internasjonale studentar tok del på OSI sitt swingkurs då Universitas var innom Domus Athletica tysdag kveld.
FOTO: Stéphane Lelarge

Varierande medvit blant studentforeiningane:

Internasjonale studentar hamnar utanfor

Språklege barrierar og dårleg tilrettelegging gjer at få internasjonale studentar tek aktivt del i studentforeiningane ved Universitetet i Oslo.

In English

Dei siste to åra har inkludering av internasjonale studentar vore eit av satsingsområda til Kulturstyret når dei skulle fordele pengar. Tala viser likevel at ingen av studentforeiningane har mottatt integreringskroner.

- Vi tildeler ekstra pengar til studentforeiningane dersom dei oppgjev i søknaden sin at dei vil satse på tiltak direkte retta mot internasjonale studentar. I år er det få eller ingen studentforeiningar som spesielt har søkt om støtte til bestemte prosjekt, seier Erlend Sand Bruer, leiar for Kulturstyret.

Bruer fortel at Kulturstyret støttar foreiningar for utanlandsstudentar, men at ein i budsjettoversikta ikkje skil mellom dei etniske studentforeiningane, og dei som ikkje er det. Kulturstyret hadde satt av 50 000 kroner til prosjekt som inkluderte internasjonale studentar.

Få unnatak

Universitas har snakka med tretten av dei største studentforeiningane knytt til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO). Foreiningane hadde jamt over dårlig oversikt over talet på internasjonale studentar knytt til foreininga, og kunne fortelje om få konkrete tiltak satt i gang for å tiltrekke denne gruppa. Men fleire av foreiningane understreka at internasjonale studentar sjølvsagt er velkomne.

Tre av foreiningane hadde tiltak retta direkte mot internasjonale studentar: Oslostudentenes idrettsklubb (OSI), The European Law Students’ Association Oslo (ELSA Oslo) og Realistforeningen (MatNat). Foreiningane har blant anna arbeida med å vere flinkare til å gi ut informasjon på engelsk. Dei to sistnemnte arrangerer også sosiale treff for utvekslingsstudentane.

- Vi har internasjonale studentar i dei fleste gruppene. Spesielt i gruppene for dans, klatring og fjell. Friluftstreffet i slutten av september er eit arrangement som plar vere populært blant utvekslingsstudentane, fortel Gunhild Digernes, daglig leiar i OSI.

Språkhindring

Alle studentane ved Det juridiske fakultet i Oslo er medlem av ELSA. Foreininga sitt formål er å arbeide for samarbeid mellom jusstudentar i Europa. Henrik Dingsør, president i ELSA Oslo, meiner at det er dei norske studentane sin tilbakehaldne oppførsel som er den største utfordringa.

- Mange føler seg ukomfortable med å skulle kommunisere på eit anna språk enn norsk over lengre tid. Ved sosiale arrangement der både norske studentar og utanlandsstudentar deltek, føretrekk fleire å berre sosialisere med dei norske studentane, seier Dingsør, men legg til at situasjonen har betra seg dei siste åra.

Av dei om lag tretti aktive medlema i ELSA, er det fem av dei som er internasjonale studentar.

- Det er klart at språk kan vere ei barriere, men ein bør prøve å ha fleire kontaktpunkt. Møteplassar som til dømes debattmøte med internasjonale tema kan det sikkert vere mange internasjonale studentar som kan tenke seg å vere med på, seier Marte Sendstad, internasjonalt ansvarlig i Norsk Studentunion (NSU).

Erlend Sand Bruer frå Kulturstyret meiner foreiningane bør tenke på kor mykje dei sjølve kan få ut av å appellere til dei internasjonale studentane.

- Dei internasjonale studentane har ofte eit mindre sosialt nettverk, og mykje ledig tid. For foreiningar som slit med lite arbeidskraft må jo dette vere ein gigantisk marknad for frivillige, seier Bruer.

- Eit problem

Meral Erogan er tidlegare leiar i Kurdisk studentforeining, og no vikarierande tilsett som konsulent ved Mangfald i Fokus i Akademia (Mifa). Ho meiner at det er viktig at ingen grupper fell utanfor, og at alle føler seg inkludert.

- Det er ei utfordring for mange å finne seg til rette og få eit nettverk. Det er vanskelig å få kontakt med foreiningane og den norske majoriteten, og ein føler større tilhørsle bland sine eigne.

Erogan meiner at dette er eit problem som alle i samfunnet må ta fatt i, og at dei som tilbyr tenester må ha det i hovudet heile tida.

Tiltak for å betre integreringa

Studieavdelinga ved Universitetet i Oslo (UiO) har fått augo opp for at det har vore behov for fleire tiltak for å betre integreringa ved institusjonen.

- I forhold til integrering har vi ein lang veg å gå før dei internasjonale studentane føler at dei blir ein del av studielivet. Og ein lang veg å gå før dei norske studentane føler at dei er ein del av ein internasjonal campus, seier Guri Vestad, seksjonssjef ved Seksjon for internasjonalisering av studie.

- Dette er noko vi i større grad tar tak i no. Tidligare behandla vi dei internasjonale studentane i ei gruppe for seg sjølv, og ferdig med det.

Studieavdelinga har satt i gang tiltak som «Language tandem» (omtalt i Universitas 9. oktober) og ein aktivitetskalender som skal hjelpe til med tilrettelegging for studentane. Vestad legg likevel vekt på at det er studentforeiningane og fagmiljøa som må ta ansvaret for dei sosiale aspekta ved integreringa.

- Vi er opptatt av at det skal vere tilstrekkelig tilrettelegging og støttesystem som gjer at studentar på utveksling kan bli inkludert i studiemiljøet og få ein enklare studiekvardag. Hovudansvaret for integreringa ligg ikkje på studentane, men hos universiteta på sentralt hald, meiner Sendstad i NSU.

Presidenten i International Students Union (ISU) Oslo, Sven Torstensen, meiner at det er opp til universitetet å tilby moglegheitene, og opp til studentane å ta dei.

- Eg veit ikkje om nokon studentar som ikkje vil bli integrert. Det er heller ein mangel på felles arenaer der norske og utanlandske studentar kan møtast, seier Torstensen.

ISU prøver å integrere dei internasjonale studentane ved å organisere festar, turar og felles aktivitetar som inkluderer norske studentar.

Fakta

Internasjonale studentar ved UiO høsten 2007:
Avdeling/Fakultet:
  • Det humanistiske fakultet : 202
  • Det juridiske fakultet: 129
  • Det matematisk-naturvitskapelege fakultet: 88
  • Det medisinske fakultet : 99
  • Det odontologiske fakultet: 7
  • Det samfunnsvitskapelege fakultet: 214
  • Det teologiske fakultet: 5
  • Det utdanningsvitskapelege fakultet: 51
  • Sentre: 3
  • Sum: 798
Kjelde: Database for statistikk om høgre utdanning

2 kommentarer

Lille meg

Viktig tema! Det slår meg imidlertid at ingen internasjonale studenter er intervjuet... Kanskje det kunne gitt oss noen gode svar på hvorfor?

Martin

Det finnes en gruppe i Oslo Kristelige Studentlag som er spesielt rettet mot internasjonale studenter. Denne heter "Christian Union":http://www.oksl.no/cu/ og her foregår alt på engelsk.

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »