Studentar utprisa
Amerikanske studentar går tronge tider imøte. Dersom dei da ikkje studerer i Noreg.
Den amerikanske nettavisa usnews.com melder om finanskrise, også i utdannings-USA. Ei undersøking gjort i oktober blant meir enn 500 private college tydar på at amerikanske studentar går magre tider i møte. 46 prosent av collega kunne melde om studentar som måtte avbryte eller byte til deltidsstudiar på grunn av økonomiske årsaker. Og situasjonen kan bli verre, skriv usnews.com.
Ifølgje tilsette innan føderal finansieringshjelp er det fleire kjelder til dei økonomiske vanskane hos studentar. Auka levekostnader vil gi foreldre problem med å legge opp sparepengar til seinare college-utdanning for barna, samstundes som stipend frå bedrifter og velferdsorganisasjonar minkar og det blir vanskelegare å få lån. I tillegg er offentlege universitet og college i ferd med å auke studieavgiftene på grunn av minka skatteinntekter og overføringar.
Espen R. Henriksen, postdoktor ved økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo, meiner hovudproblemet er verdifallet i dei oppsparte midla hos foreldre.
- Ein representativ amerikansk familie sparar i ei blanding av bankinnskot, obligasjonar og aksjar. Det er spesielt aksje- og obligasjonsbiten som blir ramma, seier Henriksen til Universitas.
Økonomen forklarar at dersom poden berre er fem år er det ikkje så mykje å uroe seg for, sidan dette er langsiktig sparing og verdien truleg vil stige igjen innan dei begynner på college. For dei som derimot nett har byrja eller skal byrje på høgre utdanning kan det vera dramatisk. Henriksen meiner likevel ikkje at studentar vil lide meir enn andre grupper av finanskrisen.
- Vi må hugse på at ein har studielånsordningar i USA, og det finst offentlege universitet, som trass i alt tek lågare studieavgifter enn private universitet, seier han.
Heller ikkje amerikanske utvekslingsstudentar i Noreg hamnar i ein urimeleg vanskeleg situasjon, ifølgje Henriksen.
- Nei, tvert om. Dersom dei har pengane sine i banken, så har dei vunne. Dollaren har styrka seg mot den norske krona med førti prosent dei siste månadene, så dei får mykje meir for dollar sin når dei bur i Noreg. Dette blir motsett situasjon av det islandske studentar i Noreg opplever, opplyser han.
Buplikt for røysterett
Ikkje alle studentar som vil gjera borgarplikta si blir møtt med opne armar.
Fleire stader i USA blir det meldt om vanskar for studentane i samband med røystinga. New York Times refererer til reglar i delstaten Virgina, som krev at alle oppgjer ein bustad for å få røyste. Dersom du er student, kan denne bustaden vera ei permanent adresse, eller det kan vera eit mellombels husrom på college. Om du oppgjer college-bustaden, og dermed delstaten, som permanent adresse, blir du åtvara om at du kan bli rekna som økonomisk uavhengig av foreldra dine, og dermed stå i fare for å miste utdanningsstipend.
Borgarrettsadvokat John Greenbaum seier til New York Times at han tolkar dette som ei oppmoding til ikkje å røyste. Kevin Griffis, Virginia-talspersonen til Barack Obama, som blir rekna for å trekkje flest unge røyster, meiner likevel det ikkje ser ut som noko politisk motivert handling, men ein godtruande måte å formidle dei statlege retningslinene på.
Også South Carolina har ifølgje den amerikanske avisa gitt studentane klare meldingar i samband med valet. Nettsida for registrering av veljarar opplyser at den som ønskjer å røyste i delstaten må demonstrere ein klar intensjon om å bli verande i det samfunnet vedkomande no lever i. New York Times minnar også om at USA har ei lang historie på dette området. Mellom anna ei høgsterettsavgjerd i Texas på 70-talet mot Waller county, for å hindra studentar i å røyste.












