BI er god butikk
Medan Handelshøyskolen BI opplever ei kraftig auke i budsjetta sine, har Universitetet i Oslo lite tru på ei god økonomisk framtid.
Handelshøyskolen BI sin første halvårsrapport for 2008 er klar. Resultatet er 19 millionar høgare enn forventa, og utsiktene for den totale årsrekneskapen gode. Det budsjetterte overskotet for heile 2008 er sett til 240 000 norske kroner, noko institusjonen sjølv trur vil bli nådd med god margin. BI nemner fleire årsaker til oppturen.
Særleg framhevar rapporten ei positiv utvikling i studentopptaket. Tilgangen innan etter- og vidareutdanningsmarknaden har vore god, og det blir forventa ei auke i studiepoengsproduksjonen samanlikna med fjoråret. BI meiner målretta arbeid med studentar i faresona er årsaka til mindre fråfall frå bachelorstudia, og opptakstala for hausten 2008 blir også vist til som «svært lovande».
Medan BI hittil har eit driftsunderskot på 8,4 millionar, kan Universitet i Oslo (UiO) vise til eit tilsvarande tal på 7 millionar. Forventningane framover er derimot mindre optimistiske. I rapporten for 2. tertial 2008 viser universitetet til at store delar av løyvingsauken frå departementet har gått til øyremerka tiltak og stigande lønskostnader. Samstundes blir det uttrykt uroing omkring delfinansiering av eksternt finansierte forskingsprosjekt.
Også BI har opplevd å få fleire eksternt finansierte oppdrag, men meiner dette har styrka økonomien. Når også gjennomstrøyminga av doktorgradsstudentar har auka, slår BI i rapporten fast at «tendensen for en positiv utvikling for hele 2008 er klar». Rett nok vedgår den vitskapelege høgskolen at delar av årsaka til den gode driftsrekneskapen kan koma av utsette kostnader. Naudsynte IT-investeringar er enno ikkje gjennomført.












