Annonse

annonser i Universitas

Her blør dei

Velferdstinget har take fram sparekniven. Radio Nova, Studentforeningen ved Handelshøyskolen BI i Oslo og Inside er blant dei hardast råka.

KUTT:Her ser leiaren av SBIO, Lennart Lie-Havstein, og redaktør i BI si studentavis Inside, Jeanette Hammer, at Velferdstinget kuttar. SBIO søkte om 600 000 kroner og fekk 450 000. Inside gløymde å søke og fekk dermed null kroner.
FOTO: Robin Røkke Johansen

KUTT: Her ser ansvarleg redaktør i Radio Nova, Anette Holth Hansen, at Velferdstinget kuttar stønaden til studentradioen for andre året på rad. Årets stønad vart på 1,2 millionar.
FOTO: Robin Røkke Johansen

- Å kutte pengar er nærast ei oppmoding til å få færre lyttarar, seier ansvarleg redaktør i Radio Nova, Anette Holth Hansen.

Studentradioen fekk 1,2 millionar til drift i 2009, 200 000 kroner mindre enn det dei hadde søkt om frå Velferdstinget (VT). Dette er også 95 000 mindre enn i fjor. No fryktar Hansen både for programtilbodet og marknadsføringa.

- Ved kutt er det lettast å ta frå marknadsføringspotten, men det er ikkje det vi ønskjer. Budsjettet for 2009 skal reviderast av styret 20. oktober og det er sannsynleg at det vil gå ut over stillingar samt vedlikehald av utstyr og studio, meiner ho.

Medlem av VT, Idar Brekke, var ein av dei som stod bak kuttframlegget. Han fortel at fraksjonen hans, Sosialdemokratene, ønska å prioritere annleis.

- Studentane står overfor ein del viktige utfordringar, spesielt på bustad og helse. Da blir da feil å nytte så mange pengar på Radio Nova, som berre 1,2 prosent av studentane til dagleg høyrer på, hevdar han.

Hansen seier det er ønskjeleg med fleire lyttarar og meiner kanalen hennar har gjort mykje for å betre situasjonen. Ho trur likevel at radioen har ein eigenverdi uavhengig av publikumstalet.

- Oslo er Norges største studentby og det må vera meir enn eitt medium som stiller kritisk søkelys på studentdemokratiske organ, andre studentmedium og lærestadene. Vi er det einaste ikkje-skriftlege studentmediet, og det er behov for mangfald i dekking av studentpolitiske saker, seier Radio Nova-redaktøren.

Brekke meiner derimot at det er snakk om kva flest studentar får glede av. At større budsjett eventuelt ville ført til sterkare marknadsføring og høgre lyttartal meiner han er irrelevant.

- Dei får 1,2 millionar i stønad, og det er mykje pengar for det tilbodet dei leverer. Om dei vel å nytte pengane til marknadsføring eller noko anna, vil ikkje eg leggje meg opp i, seier han.

SBIO under kniven

Også Studentforeningen ved Handelshøyskolen BI i Oslo (SBIO) fekk kjenne sparekniven på strupen. Søknaden deira lydde på 600 000, men summen som VT enda opp på var 450 000. Leiaren i SBIO, Lennart Lie-Havstein, stiller seg uforståande.

- Vi har store prosjekt framover som krev mykje middel. Nettsidene må utbetrast og Studentenes Hus i Nydalen er dyrt å drifte. Vi får jamleg nye interesseforeiningar som opprettar eigne budsjett som del av hovudforeininga sin økonomi, seier han.

Tildelingsreglane for studentdemokrati- og medium er i år endra. I staden for at søknaden går direkte til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), er det no Velferdstinget som innstiller på løyvingane, før samskipnaden tek dei endelege avgjerdene. Rommet for å vise skjønn er større og det er høve til å ta omsyn til faktorar som eigenkapital. Andreas Snildal frå Sosialdemokratane (SD), som fremja kuttframlegget, seier dette var avgjerande.

- Det er viktig at det blir utvist moderasjon slik at søknaden frå VT til SiO blir mindre og samskipnaden i staden kan nytte ressursane sine på bustader, tannhelse og miljø, som også vil koma BI-studentane til gode, meiner Snildal.

Lie-Havstein deler ikkje det synet.

- Ein må sjå kvar pengane kjem frå. Dette er SiO-middel som våre studentar har betalt inn. Eg meiner det er rett med ei stykkprisfinansiering slik det var tidlegare, forklarar han.

Inside på sidelina

Studentavisa Inside på BI fekk ingenting frå Velferdstinget denne gongen. Dei hadde ikkje levert søknaden innan fristen, som var 19. september, og oppfylte heller ikkje alle krava VT har for å gje mediestønad. På møtet vart det halde appell av dagleg leiar i Inside, Erlend Wessel Carlsen, som la vekt på frivilleg engasjement hos dei tilsette og bortfall av andre inntekter på grunn av finanskrisa. Ingen av fraksjonane fremje framlegg om å gje stønad. Studentavisa ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Universitas.

Nullkutt i VT-pott

Ved revidering av Velferdstinget sitt eige budsjett for 2008 samt vedtak av 2009-budsjett, kom det ikkje opp eit einaste endringsframlegg. Ifølgje Sten J. McNeil Ånnerud, som representerer Moderat Gruppe (MG), var fraksjonen hans nøgd med det arbeidet AU hadde gjort i budsjettinnstillinga. Venstrealliansen (VA) var av eit anna syn, men valte å ta slaga på andre frontar.

- Vi har vore tydelege på at vi ønskjer kutt i utgiftene, men prioriterte i denne omgangen å kutte talet på stillingar. Vi fremja ei vedtektsendring, der talet på løna stillingar i AU blir redusert med ei. Framlegget blir handsama på neste møte, forklarar Solveig Tesdal, representant for VA.

VT valte også nye representantar til SiO sitt hovudstyre. Idar Brekke (SD) gjekk inn på varaplassen som Benjamin E. Larsen frå Venstrealliansen tidlegare i haust fråtredde. Guro Svenkerud Fresvik, Marianne Høva Rustberggard og Fredrik Øren Refsnes, stilte til faste plassar i hovudstyret. Fresvik og Refsnes vart valt og går inn i hovudstyret frå nyttår for ei toårs periode.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »