KUTT:Her ser leiaren av SBIO, Lennart Lie-Havstein, og redaktør i BI si studentavis Inside, Jeanette Hammer, at Velferdstinget kuttar. SBIO søkte om 600 000 kroner og fekk 450 000. Inside gløymde å søke og fekk dermed null kroner.

Her blør dei

Velferdstinget har take fram sparekniven. Radio Nova, Studentforeningen ved Handelshøyskolen BI i Oslo og Inside er blant dei hardast råka.

Publisert Sist oppdatert
KUTT: Her ser ansvarleg redaktør i Radio Nova, Anette Holth Hansen, at Velferdstinget kuttar stønaden til studentradioen for andre året på rad. Årets stønad vart på 1,2 millionar.

– Å kutte pengar er nærast ei oppmoding til å få færre lyttarar, seier ansvarleg redaktør i Radio Nova, Anette Holth Hansen.

Studentradioen fekk 1,2 millionar til drift i 2009, 200 000 kroner mindre enn det dei hadde søkt om frå Velferdstinget (VT). Dette er også 95 000 mindre enn i fjor. No fryktar Hansen både for programtilbodet og marknadsføringa.

– Ved kutt er det lettast å ta frå marknadsføringspotten, men det er ikkje det vi ønskjer. Budsjettet for 2009 skal reviderast av styret 20. oktober og det er sannsynleg at det vil gå ut over stillingar samt vedlikehald av utstyr og studio, meiner ho.

Medlem av VT, Idar Brekke, var ein av dei som stod bak kuttframlegget. Han fortel at fraksjonen hans, Sosialdemokratene, ønska å prioritere annleis.

– Studentane står overfor ein del viktige utfordringar, spesielt på bustad og helse. Da blir da feil å nytte så mange pengar på Radio Nova, som berre 1,2 prosent av studentane til dagleg høyrer på, hevdar han.

Hansen seier det er ønskjeleg med fleire lyttarar og meiner kanalen hennar har gjort mykje for å betre situasjonen. Ho trur likevel at radioen har ein eigenverdi uavhengig av publikumstalet.

– Oslo er Norges største studentby og det må vera meir enn eitt medium som stiller kritisk søkelys på studentdemokratiske organ, andre studentmedium og lærestadene. Vi er det einaste ikkje-skriftlege studentmediet, og det er behov for mangfald i dekking av studentpolitiske saker, seier Radio Nova-redaktøren.

Brekke meiner derimot at det er snakk om kva flest studentar får glede av. At større budsjett eventuelt ville ført til sterkare marknadsføring og høgre lyttartal meiner han er irrelevant.

– Dei får 1,2 millionar i stønad, og det er mykje pengar for det tilbodet dei leverer. Om dei vel å nytte pengane til marknadsføring eller noko anna, vil ikkje eg leggje meg opp i, seier han.

SBIO under kniven

Også Studentforeningen ved Handelshøyskolen BI i Oslo (SBIO) fekk kjenne sparekniven på strupen. Søknaden deira lydde på 600 000, men summen som VT enda opp på var 450 000. Leiaren i SBIO, Lennart Lie-Havstein, stiller seg uforståande.

– Vi har store prosjekt framover som krev mykje middel. Nettsidene må utbetrast og Studentenes Hus i Nydalen er dyrt å drifte. Vi får jamleg nye interesseforeiningar som opprettar eigne budsjett som del av hovudforeininga sin økonomi, seier han.

Tildelingsreglane for studentdemokrati- og medium er i år endra. I staden for at søknaden går direkte til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), er det no Velferdstinget som innstiller på løyvingane, før samskipnaden tek dei endelege avgjerdene. Rommet for å vise skjønn er større og det er høve til å ta omsyn til faktorar som eigenkapital. Andreas Snildal frå Sosialdemokratane (SD), som fremja kuttframlegget, seier dette var avgjerande.

– Det er viktig at det blir utvist moderasjon slik at søknaden frå VT til SiO blir mindre og samskipnaden i staden kan nytte ressursane sine på bustader, tannhelse og miljø, som også vil koma BI-studentane til gode, meiner Snildal.

Lie-Havstein deler ikkje det synet.

– Ein må sjå kvar pengane kjem frå. Dette er SiO-middel som våre studentar har betalt inn. Eg meiner det er rett med ei stykkprisfinansiering slik det var tidlegare, forklarar han.

Inside på sidelina

Studentavisa Inside på BI fekk ingenting frå Velferdstinget denne gongen. Dei hadde ikkje levert søknaden innan fristen, som var 19. september, og oppfylte heller ikkje alle krava VT har for å gje mediestønad. På møtet vart det halde appell av dagleg leiar i Inside, Erlend Wessel Carlsen, som la vekt på frivilleg engasjement hos dei tilsette og bortfall av andre inntekter på grunn av finanskrisa. Ingen av fraksjonane fremje framlegg om å gje stønad. Studentavisa ønskjer ikkje å kommentere saka overfor Universitas.

Nullkutt i VT-pott

Ved revidering av Velferdstinget sitt eige budsjett for 2008 samt vedtak av 2009-budsjett, kom det ikkje opp eit einaste endringsframlegg. Ifølgje Sten J. McNeil Ånnerud, som representerer Moderat Gruppe (MG), var fraksjonen hans nøgd med det arbeidet AU hadde gjort i budsjettinnstillinga. Venstrealliansen (VA) var av eit anna syn, men valte å ta slaga på andre frontar.

– Vi har vore tydelege på at vi ønskjer kutt i utgiftene, men prioriterte i denne omgangen å kutte talet på stillingar. Vi fremja ei vedtektsendring, der talet på løna stillingar i AU blir redusert med ei. Framlegget blir handsama på neste møte, forklarar Solveig Tesdal, representant for VA.

VT valte også nye representantar til SiO sitt hovudstyre. Idar Brekke (SD) gjekk inn på varaplassen som Benjamin E. Larsen frå Venstrealliansen tidlegare i haust fråtredde. Guro Svenkerud Fresvik, Marianne Høva Rustberggard og Fredrik Øren Refsnes, stilte til faste plassar i hovudstyret. Fresvik og Refsnes vart valt og går inn i hovudstyret frå nyttår for ei toårs periode.

Powered by Labrador CMS