Prøver for tredje gong
Landsstyret i Norsk Studentunion gav fornya tillit til ei samanslåing med sin større søsterorganisasjon Studentenes Landsforbund.
Forhandlingsutvalet for samanslåinga av Norsk Studentunion (NSU) og Studentenes Landsforbund (StL) fekk positiv tilbakemelding på NSU sitt landsstyremøte sist laurdag. Sidan 2002 har NSU og StL forsøkt å få til ei samanslåing av dei to organisasjonane. Samanslåinga vart nedstemt hos organisasjonane både i 2002 og 2007. Det noverande forhandlingsutvalet tok til med arbeidet våren 2008.
På landsstyremøtet til NSU stilte styret seg bak forhandlingsutvalet. Fleire av styremedlema uttalte at dei var svært opptatt av at forhandlingane no måtte gå i boks. Ansvarleg i NSUs forhandlingsutval, Egil Heinert, kan imidlertid fortelje at det framleis er mykje som skal avklarast før det avsluttande møtet i november.
- Alle i forhandlingsutvalet er svært positive. Vi har ramma inn ganske mykje, men det er opp til landsmøta i dei to organisasjonane å ta den endelege avgjerda, seier Heinert.
Organisering, ikkje politikk
Øistein Svelle, leder i StL, meiner viljen er stor for å få til ei samanslåing dersom forhandlingsresultatet er godt nok.
- Det er ikkje lenge sidan sist forhandlingsrunde. Når vi tek att saken allereie no viser det at det er mange som er villige til å jobbe vidare med å få det til, seier Svelle.
Forslaget til ein ny gigantstudentorganisasjon, slik det ser ut no, inneber eit landsstyre med 42 delegater. Seks av desse delegatane vil vere representantar frå Studentsamskipnaden i Oslo (SiO).
- Personleg synes eg at det er for mange landsstyrerepresentantar, men eg står inne for forhandlingsresultatet, seier Heinert.
- Så diskusjonen dreier seg ikkje om politikk, men om organisering?
- Jepp.
Valførebuing
Landsstyret vedtok òg at NSU fram mot valet 2009 skal få dei politiske partia til å forplikte seg på områda:
- Satsing på utdanning og forsking.
- Studentvelferd og studentbustadar.
- Likestilling (kjønnsbalanse, men også i forhold til lesbiske/homofile, og minoritetar).
- Utvikling av eit trygt læringsmiljø.
Fakta
- Leiar: Ingvild Reymert
- Representerer om lag 93 000 studentar.
- Interesseorganisasjon for studentar ved universitet, kunst- og vitskaplege høgskular.
- Har medlemslag i Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Ås og Tromsø.
- Leiar: Øistein Svelle.
- Representerer 100 000 studentar.
- Noregs største studentorganisasjon.
- Har medlemslag ved 31 statlege og private utdanningsinstitusjonar.














