Annonse

annonser i Universitas

NØGD MINISTER: Minister for høgare utdanning og forsking, Tora Aasland, var særs nøgd med det reviderte statsbudsjettet ho kunne legge fram. No etterlyser leiarane i NSU og StL at pengane vert nytta til å rette opp kutta studentane har vore ute for.

143 millionar ekstra over revidert budsjett.

Kven får pengane?

Halvparten av «kvileskjeret» frå 2006 er retta opp over det reviderte statsbudsjettet, men Universitetet i Oslo vil ikkje love at pengane går til å rette opp kutt i undervisning.

In English

Over revidert statsbudsjett som vart lagt fram i førre veke vart det løyva 143,1 millionar ekstra til basisløyvingar til høgare utdanningsinstitusjonar. Etter at basisløyvingane vart kutta med 274 millionar i 2007-budsjettet, og oppretthaldt i budsjettet året etter, har sektoren for høgare utdanning og forsking vore særs unøgd med dei økonomiske rammevilkåra. Det var difor ei tydeleg stolt og glad Tora Aasland, minister for forsking og høgare utdanning, som opna pressekonferansen torsdag.

- Dette er ein stor dag for meg. Eg er veldig glad for at vi fekk til dette, sa ho.

Det er ikkje berre forskarane som har vore unøgd med situasjonen. Studentane har og fått kjenne kutta på kroppen, gjennom færre undervisningstimar, kortare eksamenar, færre sensorar og mindre tilrettelegging ved særskilde behov. Men til trass for mange kutt i undervisning og vegleiing dei siste åra kan ikkje direktør ved Universitetet i Oslo (UiO), Gunn-Elin Aa. Bjørneboe, love at ekstraløyvingane vil rette det opp.

- Vi skal ha ein gjennomgong med dekanane, og så er det opp til styret korleis pengane vert forvalta, seier ho.

Heller ikkje rektor ved UiO, Geir Ellingsrud, kan seie noko om korleis pengane vert fordelt.

- Desse pengane løfter ein spent og stram budsjettsituasjon, men det er alt eg kan sei, seier han.

Studentane må prioriterast

Leiar i Studentparlamentet, Heine Skipenes, er derimot ikkje i tvil om korleis pengane bør fordelast.

- No er det universitetet si plikt å prioritere studentane. Det er heilt nødvendig at dei no syner at dei anerkjenner studentane og vil ha dei på universitetet.

Ved Det juridiske fakultet (JUS) ved UiO har til dømes eksamenstida vorte kutta med 25 prosent, talet på sensorar vorte halvert og moglegheiter til å ta opp att eksamenar vorte redusert. Dette i tillegg til at fakultetet alt var kritisert av NOKUT for mangelfull oppfølging av studentane. Dekan Hans Petter Graver ved JUS seier at dei og håpar å få attendeført midlar til å rette opp att kvaliteten i studietilbodet.

- Det er ikkje sikkert vi vil reversere alle kutta, om vi kan finne betre måtar å løyse ting på, men vi kjem heilt klart til å prioritere studietilbodet, seier han.

Leiar i Norsk Studentunion, Per Anders Langerød, minner om at løyvingane berre utgjer ein kortare veg attende til start. No etterlyser han at ekstra løyvingane vert nytta til å rette opp kutt i undervisning og vegleiing for studentar.

- Kutta på 274 millionar som kom i 2006, har hatt store konsekvensar for studentane som vart råka av dei, seier Langerød.

Ikkje statlege føringar

Langerød understrekar at sidan det er basisløyvinga som no vert auka, er det opp til dei ulike institusjonane å gjere prioriteringane som rettar opp kutta frå to år attende.

- Det er dei ulike skulane som må prioritere utdanning, og sørgje for at studentane får attende vegleiingstimar, eksamenar, forelesingar og den undervisinga dei har rett på, seier han.

Minister Tora Aasland vil ikkje legge føringar på korleis dei ulike institusjonane skal dele pengane mellom utdanning og forsking.

- Sidan dette er basisløyvingar er det opp til kvar av institusjonane å forvalte pengane slik dei meiner er riktig. Dei kjenner sjølv kor skoen trykker. Det bør vere mogleg å gjere mykje med dei pengane som no er kome, understrekar ho.

UiO vil ta stilling til korleis pengane vert nytta i eit styremøte før sommaren. Både direktøren og rektoren ved UiO er svært godt nøgd med dei ekstra løyvingane som har kome, og seier det syner handlekraft frå regjeringa si side.

- Dette syner at regjeringa forstod at kvileskjeret var eit feilskjer, seier Ellingsrud.

Bjørneboe lovar at UiO vil styrkast av dei ekstra pengane.

- Ein merkar 30 millionar ekstra, understrekar ho.

Fakta

Ekstra løyvingar i revidert statsbudsjett:
  • Universitetet i Oslo: 30 263 000 kr.
  • Noregs veterinærhøgskole: 794 000 kr.
  • Kunsthøgskolen i Oslo: 706 000 kr
  • Noregs idrettshøgskole: 703 000 kr.
  • Det teologiske menighetsfakultet: 701 000 kr.
  • Handelshøgskulen BI i Oslo: 659 000 kr.
  • Noregs musikkhøgskole: 598 000 kr.
  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo: 358 000 kr.
I tillegg er det løyva 50 millionar gjennom Klimaløftet for å etablere forskingssenter for fornybare energikjelder og karbonfangst og –lagring.
Kilde: Kunnskapsdepartementet

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »