Annonse

annonser i Universitas

Kronerulling for medisinpub:

Pub-for-vaflar

Teknisk avdeling har kutta i støtta til innreiinga av ein studentkjellar ved Medisinsk fakultet. Studentane tek no grep - og steiker vaflar.

FJERNE DRAUMAR: Slik ønskjer medisinstudentane at puben deira skal sjå ut. Men sidan Teknisk avdeling kuttar i støtta kan draumane bli verande i det blå.

VAFLAR GJEV PUB: -- No har vi dekka iallfall ein prosent av innreiingsbudsjettet, seier Benedicte Agdestein, Hanne Valeu, Ida Marie Ringerud og Petter Risøe, medan vaffeljerna går på full damp.
FOTO: Stéphane Lelarge

KRONERULLING: Medisinstudentane samlar inn pengar for å få pub.
FOTO: Stéphane Lelarge

- Kjøp rådyre vafler, få pub, roper medisinstudent Hanne Valeu, omkrinsa av rosa plakatar med slagord som «Kjøp ein vaffel, spons eit stolbein».

Saman med medstudentane Benedicte Agdestein og Ida Marie Ringerud prøver ho å lokke studentar ut frå kantina, og bort til dei ferske vaflane. Fleire vert frista av vaffellukta, og snart kan dei telje opp omlag 1500 i innsamla pengar på berre ein time.

- Vi vart lova ein pub, men no får vi ikkje nok pengar til interiør. Derfor tek vi no saka i eigne hender, og prøver å skape merksemd og samle inn pengar, seier Benedicte Agdestein.

Arbeidd sidan 2005

Sidan 2005 har Medicinerforeningen i samarbeid med Teknisk avdeling (TA) ved Universitetet i Oslo (UiO) arbeidd for å få ein fast studentpub for medisinstudentane i eit kjellerlokale ved Domus Medica. Behovet for ein ny studentpub kom i 2004 då Medicinerforeningen ikkje lenger fekk ha tilhald i lokale dei leigde ved Ullevål sjukehus. Sidan har dei leigd kantina på Domus Medica når dei har haldt festar, men dette er ikkje ei god løysing over tid, ifølgje studentane, sidan dei her må betale for leige og vakthald.

Då prosjektet starta var det sagt at studentane skulle ta rekninga for det audiovisuelle utstyret, og TA skulle dekke ombygging av lokalet og innreiing. På initiativ frå dåverande prosjektleiar Ellen Flo vart det henta inn basistilbod på både audiovisuelt utstyr på 150-200 000 kroner og innreiing på 737 000 kroner.

No har kostnadar til interiørarkitektar, entreprenørar og ombygging av lokalet for at det skal følgje krav om tryggleik og brannvern, vorte så dyrt at TA informerte på eit møte med Medicinerforeningen i januar at dei vil kutte ned interiørbudsjettet til 205 000 kroner.

Sprengd budsjett

Frode Meinich, direktør for TA ved UiO, utdjupar:

- Vi ønskjer å vere med å gje medisinstudentane ein pub, men sidan budsjettet har sprengt seg veldig grunna kompliserte ombyggingar, må interiørbudsjettet kuttast. Det bør vere fullt mogleg å få til eit interiør til den prisen. Det totale budsjettet vårt på prosjektet er 6,4 millionar. Det er høgare enn det som er vanleg på liknande prosjekt, seier han.

Meinich meiner medisinstudentane må gå med på nokre kompromiss når det gjeld utstyr og innreiing i byrjinga for å få dratt prosjektet i hamn.

Clara Bratholm, styreleiar i Medicinerforeningen, seier det problematiske for dei er at dei i opphavet var tilbudd så mykje meir.

- Men rett før byggestart fekk vi beskjed om at budsjettet vart kutta drastisk. Det gjer at prosjektet no vert så redusert for oss, seier ho.

Petter Risøe, ein av medisinstudentane som har vore med på arbeidet med å få i stand ein pub frå byrjinga av, meiner dette er ei prinsippsak.

- Før har studentane betalt det audiovisuelle utstyret, og så har universitetet tatt resten. TA står og fell ikkje på nokre ekstra bevilgningar til interiør, men det gjer vi, seier han og legg til:

- Det er heile vegen TA som har dratt opp standarden på interiøret, og brukt pengar på eksterne fagpersonar. Då er det ikkje rart om kostnadane vert høge. Vi kunne ha satsa på ei rimelegare løysing heilt frå byrjinga av, seier han.

Vil ha «lån-for-øl»

I eit brev sendt 31. januar frå representantar frå Medicinerforeningen til TA ber dei TA vere med på ei finansiering av puben gjennom ei såkalla «lån-for-øl»-ordning. Då vil delar av inntekta frå kvar selde øl gå til finansiering av eit lån på puben. Frukostkjellaren ved det juridiske fakultetet har alt ei slik ordning.

Meinich er derimot usikker på om lån-for-øl er vegen å gå.

- Ideelt sett bør ein få til full innreiing for dei 200 000 vi har sett av til dette. Sidan vi ikkje har fulle erfaringar med lån-for-øl-ordninga vi har med Frukostkjellaren, er vi noko skeptisk til å sette i gong eit slikt prosjekt til, seier han.

Han meiner ikkje det er urimelege krav dei set til Medicinerforeningen.

Vaffel vegen å gå

Sidan studentane ikkje vert lova noko «lån-for-øl», vert «pub-for-vaffel» den foreløpige taktikken.

Etter å ha telt opp pengane frå vaffelsalet kan Ida Marie Ringerud slå fast at om dei gjer dette to dagar i veka i fire år, vil dei få pengar nok til å dekke det opphavelege innreiingstilbodet.

- Det tek si tid det her. Kom og kjøp, alle saman!, ropar jentene, og prøver å lokke fleire ut av kantina.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »