Annonse

annonser i Universitas

Alvorleg konstruksjonsfeil i siloen

Må rive 226 bad

Studentboligene må rive alle baderomma på Grünerløkka studenthus. Prislappen blir truleg på over 30 millionar kroner.

KREV ERSTATNING: -- Entreprenøren og underleverandørane hans er så vidt vi kan skjønne, årsaka til problema som har oppstått, seier Tom Olstad, direktør i Studentboligene.
FOTO: Anne Ogundipe

DØDSDØMTE DOER: 226 bad på siloen må rivast på grunn av alvorlege konstruksjonsfeil.
FOTO: Anne Ogundipe

UNIVERSITAS: 24. oktober 2007

- Det ser ut til at vi må inn og renovere alle bad, seier direktør i Studentboligene Tom Olstad.

Som følgje av konstruksjonsfeil på toalettcisterner, kunne Universitas i fjor haust avdekke at det var store fuktskader i enkelte av bustadene på Grünerløkka studenthus, også kjent som siloen. Den gong sa Ole Erik Carlson, rådgjevar i fukt- og muggekspertfirmaet Mycoteam, at det neppe ville vere noko problem å rette opp i skadane. No kan det sjå ut til at problemet er større enn først venta. Alle bada i siloen er bygd på same måte, og vil difor bli ramma av dei same konstruksjons- og byggingsfeila. Betre blir det heller ikkje av at membranen på bada er for tynn. Med for tynn membran vil fuktskadane kunne spreie seg raskare. Truleg må ein no byte ut kvart enkelt bad.

- Vi har estimert at renoveringsarbeidet totalt vil koste mellom 20 og 30 millionar kroner, forklarar Olstad.

For tida står seksti bustader i siloen tomme, tjue av dei har konsulentfirmaet Mycoteam tilrådd å stenge på grunn av muggsoppkonsentrasjon. Reisten av bustadene har ein latt vera å leige ut på ny, etter kvart som leigetakarane har flytta ut.

Skuldar på tidspress

AS Anlegg stod som totalentreprenør under bygginga av siloen, og hadde ansvar for alt av arbeid og materiell. Selskapet er i ettertid kjøpt opp av Reinertsen, som no har motteke forliksklage av Studentboligene.

- Vi synes det er ordentleg trist at røyrleggjaren vår kan ha levert cisterner som ser ut til å lekke. Det blir opp til dommarane å avgjera om vi skal erstatte eller ikkje, uttalar Eivind Wium, prosjektleiar i Reinertsen AS, Divisjon Engineering.

Men burde de ikkje ha sjekka av cisternene var i orden?

- Cisternene var godkjente, og vi fekk dei gjennom ein av Noregs leiande leverandørar. Vi stola på leverandøren. Det var vi nøydd til, sier han.

Reinertsen meiner også at tidspresset var stort, og peikar på at siloen vart oppført på berre ti månader, inkludert planlegging. Han vil likevel ikkje svare på om Studentboligene må ta ansvar for å ha stilt for strenge krav.

- Eg vil ikkje koma med negative uttalingar om kundane våre. Feil kan oppstå, men entreprenørane let seg presse av byggetid og anna hastverk, sier han.

Må ta ansvar

På spørsmål om kor mykje tid ein burde hatt på byggeprosjektet, vil Reinertsen ikkje koma med noko konkret tall.

- Eg vil berre uttale meg på generelt grunnlag. Alle prosjekt går for fort. Vi tek ansvar, men her blir det utfordringar, sier han.

Tom Olstad meiner Reinertsen er erstatningsansvarleg for alle skadene som har oppstått, og avviser at Studentboligene gjorde for dårlege vurderingar før bygginga av siloen vart sett i gang.

- Dette var ein gammal kornsilo, og det var første gong vi bygde om noko slikt til bustad. Vi var ekstremt opptekne av at kvaliteten skulle vera på plass, seier han.

Leiar for Velferdstinget i 2007, Stine Minde, legg heller ikkje skulda på Studentboligene.

- Eg går ut ifrå at entreprenøren tek ansvar, seier ho.

Det er uklart når ein eventuell rettsleg avgjerd om erstatningsansvar fell.

Har pengar på bok

Tom Olstad veit ikkje kor lang tid det vil ta før renoveringsarbeidet er ferdig.

- Vi startar opp rett etter påske, og skal leggje ei plan slik at det blir føreseieleg for leigetakarane. Dei vil forløpande bli informert, sier han og følgjer opp:

- Vi vil ta lærdom av dette, og vera ekstra påpasselege ved andre nybygg eller restaureringar. Vi vil følgje tettare opp og stille større krav.

Studentbustader som står tomme medfører tapte leigeinntekter. Olstad forklarar at storleiken på tapa avheng av tida det tek å gjennomføre arbeidet, men at noko av det vil bli dekke gjennom forsikring.

Ettersom drifta av bustadene er sjølvfinansierande, fryktar ikkje Stine Minde dei store ringverknadene for reisten av samskipnadstilbodet. Ho utelukkar likevel ikkje at det kan få konsekvensar, dersom SiO sjølv må dekke delar av tapet.

- Eit muleg skrekkscenario er at husleigene går opp som følgje av dette, meiner ho.

Tom Olstad avviser blankt at noko slikt kjem til å skje.

- Vi har kapital å tære på, slår han fast.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »