Annonse

annonser i Universitas

Avviser kritikk:

- Har aldri sagt eliteuniversitet

Smalare fagtilbod og færre bachelorstudentar står høgt på ønskjelista til Geir Ellingsrud, rektor ved Universitet i Oslo. Men elitistiske ambisjonar vedgår han ikkje.

PÅ BANEN: Rektor Geir Ellingsrud har som mål å styre UiO til å bli eit forskingsuniversitet av god internasjonal klasse. Her styrer han ein innebandykamp i amatørklassa.

- Eg har aldri nytta omgrepet «eliteuniversitet». Det eg har sagt er at vi må ha fagmiljø som kan hevde seg internasjonalt, seier Geir Ellingsrud, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO).

Han stiller seg avvisande til påstandar i Aftenposten denne veka, om at han vil gjera ein eliteinstitusjon av universitetet.

Likevel ønskjer Ellingsrud endringar. Prosessen som er i gang med faglege prioriteringar skal leie fram til ein større konsentrasjon av forskingsinnsatsen – noko som igjen vil få konsekvensar for studietilbodet.

-Det kan nok bli færre fagtilbod på sikt, men det ser eg ikkje på som problematisk, så lenge vi er gode på det vi gjer, seier rektoren.

Faglege omprioriteringar

Kva fagmiljø som blir vinnarar og taparar veit Ellingsrud enno ikkje. Det vil bli avgjort i samråd med fakulteta. Knut Heidar, dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultet (SV), fortel at prioriteringane dei gjer i samband med forsking kan få konsekvensar for samansetninga av studieporteføljen.

- Vi må prøve å sjå studietilbodet i samanheng med prioriteringane på forskingssida, seier han. Så langt har SV bedd om prioritering av ARENA-programmet, Senter for studiar av likskap, sosial organisering og økonomisk utvikling (ESOP), og ei forskingsgruppe for kognitiv- og nevropsykologi.

Leiaren i Studentparlamentet, Heine Skipenes, stiller seg kritisk til desse elitiske elementa.

- Dersom eit fag leverer halvgode kandidatar og dårleg forsking kan det vera ein idé å kutte det ut. Men universitetet har eit samfunnsansvar. Studentparlamentet meiner UiO skal vera eit breiddeuniversitet, noko som tyder at dei tilbyr god utdanning til mange, meiner Skipenes.

Bachelorkutt

I samband med Stjernø-utvalet si utgreiing av universitets- og høgskulestrukturen i Noreg, har Geir Ellingsrud uttrykt eit ønske om å kunne ta inn færre bachelorstudentar, og i staden satse på masterutdanninga. Heine Skipenes fryktar for kvaliteten på bachelorstudia.

- Overfokusering på ei gruppe gjer at ein gløymer heilskapen. Folk skal inn, men også ut med noko bra, påpeikar han.

Universitetsrektoren meiner ikkje at et auka fokus på masterstudium er elitistisk.

- Nei, det blir berre eit balansepunkt som flytter seg. Det er ikkje snakk om eit eliteuniversitet av den grunn, meiner han.

Ikkje fleire studentar

Trass kutt i dei to siste statsbudsjetta, ser ikkje Ellingsrud finansieringsproblem i samband med dei faglege prioriteringane.

- Å ha gjort prioriteringar er tvert om ei føremon når ein får mindre løyvingar. Men satsinga blir jo lettare å få til dersom vi får nok pengar, seier han.

- Kan færre studieplassar bli ein konsekvens?

- Vi får sjå. Studenttalet skal iallfall ikkje vekse dei nærmaste åra.

Fakta

Dette er saka:
  • Aftenposten har dei siste dagane sett søkelys på universitetsstrukturen i Noreg, mellom anna i saka «Eliteuniversitet på veg» der rektor Geir Ellingsrud blir intervjua om framtida til UiO.
  • Utvalet for høgare utdanning (Stjernø-utvalet) vart oppnemnt av regjeringa i mai 2006. Utvalet skal gi tilrådingar om den vidare utviklinga i universitets- og høgskolesektoren i Noreg i eit tidsperspektiv på 10-20 år. Utvalet kjem med ein rapport 22.januar.
  • «Prosess fagleg prioritering» er ein toårig fagleg strategiprosess for UiO som vart sett i gang av universitetsstyret i juni 2006. Blant hovudmålsetjingane er å gi universitetet ein tydelegare og meir forskingsbasert profil.
Kjelder: Aftenposten, stjernoe.no, www.admin.uio.no/prosjekter/profag

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »