Annonse

annonser i Universitas

Likestillingstiltak i høgare utdanning:

Éin av to er for øyremerking

UiO anbefalar øyremerking av vitskapelege stillingar til kvinner for å betre kjønnsbalansen. Halvparten av Noregs befolkning meinar dette er eit godt tiltak.

YNSKJAR IKKJE KVOTERING: Universitetsstyrerepresentant Camilla Strandskog. Arkivfoto: Brian Olguin

YNSKJAR IKKJE KVOTERING: Universitetsstyrerepresentant Camilla Strandskog. Arkivfoto: Brian Olguin
FOTO: Brian Olguin

KVOTERT FYSIKER: Førsteamanuensis på Fysisk institutt Susanne Viefers fekk ei stilling øyremerka for kvinner. -- Vi treng kvinnelege rollemodellar i fagmiljøet mitt for å få fleire kvinnelege studentar til, trur ho.
FOTO: Mia Frogner

POSITIV TIL KVOTERING: Viserektor ved UiO Inga Bostad trur øyremerking er eit godt starttiltak for betre likestilling. Arkivfoto: Anne Ogundipe
FOTO: Anne Ogundipe

Øyremerking aleine vil ikkje skape ei betre likestilling i akademia.
Anna Vibeke Lorentzen, likestillingsrådgjevar ved UiO

- Øyremerking er eit tiltak som kan stimulere til at fleire kvinner vil arbeide på universitetet, seier viserektor Inga Bostad.

I ei landsdekkande undersøking opinionsbyrået Sentio har gjort på oppdrag for Universitas og Norsk Studentunion (NSU) kjem det fram at omlag 49,6 prosent av det norske folket er for at ein skal øyremerke akademiske stillingar til kvinner, medan 42 prosent er klart imot.

- Det er ein siger for kampen vår at halvparten av det norske folket er for ei slik utvikling. Undervisningsinstitusjonar har eit stort samfunnsansvar og det er viktig at dei gjenspeglar samansetnaden i samfunnet, seier Per Anders Langerød, leiar i NSU. Undersøkinga syner at skepsis til kvotering stig med lønna. Av dei som tener over 500 000 kroner er 48,1 prosent negative til øyremerking, medan berre 30,2 prosent av dei som tener mellom 200 000 og 300 000 kroner er det. Partipreferanse er og avgjerande. Blant dei som stemmer Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse er meir enn 60 prosent positive til kvotering, medan det blant Høgre-veljarane er meir enn 60 prosent som er negative.

Større handlingsrom

Fram til 2003 hadde Universitetet i Oslo (UiO) 12 professorat øyremerka for kvinner. Då kom der ein dom frå EFTA-domstolen som erklærte slik kvotering lovstridig. Dette er no delvis endra. Tidlegare i haust vart FN sin kvinnekonvensjon inkorporert i EU sitt rammedirektiv. Dette gjer at ein no truleg kan utlyse mellombels stillingar spesifikt til kvinner for å betre kjønnsbalansen blant vitskapelege tilsette. Inntil vidare er det uklart om det kan opnast for å øyremerke faste stillingar og.

Anna Vibeke Lorentzen, likestillingsrådgjevar ved UiO, har i samarbeid med likestillingsrådgjevarar ved dei andre universiteta i Noreg kome fram med ei anbefaling om å øyremerke vitskapelege stillingar til kvinner. Dette har alle universitetsrektorane slutta seg til.

- Men øyremerking aleine vil ikkje skape ei betre likestilling i akademia, seier Lorentzen, som meiner heile universitetsorganisasjonen må verte meir retta mot likestilling, gjennom mellom anna krav om auka kompetanse og kartlegging av kjønnsmønster i søknadsprosessar.

- Frykta kommentarar

Susanna Viefers, førsteamanuensis på Fysisk institutt, var ei av dei som fekk ei øyremerka stilling før 2003. Ho var usikker før ho søkte jobben.

- Eg måtte spørje meg sjølv om eg verkeleg ville ha ei slik stilling. Ein fryktar jo kommentarar om at ein fekk jobben berre fordi ein er kvinne. Mi erfaring tilseier at det er kvinner som er mest i tvil om eiga fagleg dugleik, men eg tvilar ikkje no på at eg var tilstrekkeleg kvalifisert, seier ho.

Viefers trur øyremerking kan vere effektivt for å få inn rollemodellar i akademia, slik at kvinnelege studentar har nokon å identifisere seg med. Ho støttar likevel ikkje blind kvotering.

- Dei som får jobben må vere kvalifisert og fylle dei same krava som elles. Det er krav ein ikkje kan fire på, understrekar ho.

Statistikkpynting

Camilla Strandskog, leiar i Moderat Gruppe, stiller seg kritisk til øyremerking. Ho trur ikkje det er vegen å gå.

-Vi må slutte å sjå på kvinner som ei undertrykt gruppe. Å kvotere inn kvinner vert berre pynting på statistikken. Ein bør heller stimulere til at fleire kvinner søkjer på eige initiativ, til dømes gjennom å ha meir fleksible arbeidsdagar. Då vert det lettare å kombinere med anna ansvar, seier Strandskog.

Inga Bostad er einig i at ein ideelt sett skulle kunne sleppe øyremerking av stillingar, men fortel at sidan kjønnsbalansen er skeiv, vert det eit nødvendig tiltak.

- Vil jo at det skal skje ei endring i organisasjonen og at det skal tilretteleggast for at kvinner har lyst å jobbe på universitetet. Men for at vi skal komme dit trur eg øyremerking er eit godt tiltak, seier Bostad.

Langerød i NSU trur og øyremerking er eit viktig førstesteg.

-Det er det mest konkrete ein kan gjere, men det skal sjølvsagt kome i kombinasjon med ei rekke andre tiltak som og er nødvendige, seier han.

Kunnskapsdepartementet var ikkje tilgjengeleg for kommentar før Universitas gjekk i trykken.

Fakta

Dette spurde vi om:
Bør universitet og høgskular øyremerke ein del av dei vitskapelege stillingane til kvinner?
  • Ja, det er eit nødvendig likestillingstiltak: 49,6 prosent.
  • Nei, det er diskriminerande og bør ikkje vere tillete: 39,2 prosent.
  • Veit ikkje: 11,2 prosent.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »