Annonse

annonser i Universitas

Ny samskipnadslov:

- Tilbodet til studentar viktigast

Forsknings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland vil at samskipnadane skal fokusere på hovudoppgåva si: Sørgje for studentvelferd.

VIL HA FORBETRING: Tora Aasland er nøgde med studentsamskipnadane slik dei er no, men vil vere med å gjere dei endå betre. Då må studentvelferd settast i høgsetet, og tilbod til ikkje-studentar avgrensast, meinar ho.
FOTO: Brian Olguin

Torsdag skal den nye samskipnadslova behandlast i Stortinget. Den skal gje klarare rammer for kva aktivitet studentsamskipnadane skal drive med, og plikte alle høgare utdanningsinstitusjonar å tilby studentvelferdstenester i ein samskipnad. Einaste unnateke er nokre få private institusjonar som alt tilbyr velferd gjennom alternative institusjonar.

Forsknings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland trur studentane vil tene på at det vert like reglar for alle.

-Vi ønskjer ei standardisering. Lova bør vere lik over heile landet, seier ho.

Per Anders Langerød, leiar i Norsk studentunion (NSU) er godt nøgd med den nye lova.

- Dette er ein siger for studentane, seier han.

Silje Winther, styreleiar i SiO, er og glad for tillita som vert synt til samskipnadane.

- Studentstyringa står sterkt, og syner at samskipnadar er ein god måte å løyse studentvelferd på, seier ho.

Avgrensar rolla

Ein av dei nye tilskota til lova er at den skal avgrense kva samskipnadane skal kunne tilby ikkje-studentar av velferdstenester mot betaling.

- Samskipnadane skal konsentrere seg om studentvelferd, og ikkje nødvendigvis om å tene pengar, seier Aasland.

Leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen (KUF-komiteen), Ine Marie Eriksen Søreide (H) er skeptisk til ei slik avgrensing.

- Dette er med å finansiere studentvelferda. Om dette ikkje er tilgjengeleg, er det ikkje sikkert samskipnadane kan gje studentane eit like godt tilbod, seier ho.

Silje Winther fryktar at tilliten til samskipnadsstyret vert undergreve.

- Studentane har fleirtal i styret, og er restriktive på kommersiell aktivitet. Vi veit kva oppgåva vår er, understrekar ho.

- Der har vore noko aktivitet som har vore på kanten av kva den skal vere, og tilbodet har vore i overkant, forklarer Aasland.

Ho trur skipnadane vil ha godt av å avgrense aktiviteten.

NSUs ankepunkt

Gjennomgåande skal lova regulerast vidare gjennom forskrifter. Dette er Langerød i NSU sitt einaste ankepunkt mot lova.

- Det gjer det vanskeleg å spå kva som kjem, seier han.

Aasland forsikrar at dette ikkje skal vere tilfelle.

- Vi vil så fort som råd, og i samråd med studentorganisasjonane, få fastlagd dei nødvendige forskriftene, seier ho.

Etterlyser frivilleg medlemsskap

Studentar som idag ikkje er medlem i samskipnaden, får ikkje ta eksamen. Anders Anundsen (Frp), medlem i KUF-komiteen, er nøgd med lova, men etterlyser frivillig medlemsskap.

- Det burde vere mogleg å reservere seg, om samskipnadar tek på seg ei politisk rolle. Det har skjedd før, og kan hende skjer det igjen, seier han.

Aasland lovar at om samskipnadane bryt lova, er det hennar jobb å rette det opp. Ho trur frivillig medlemsskap vil undergrave heile samskipnadstankegangen, og meiner det er nødvendig at alle behandlast på same måte.

- Samskipnadane har eit kjerneoppdrag, og det er dette studentane betalar ein kontingent for å få dekka, understrekar ho.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »