Rasar over engelskmangel
ISU meinar informasjonen om vatnkrisa frå UiO ikkje var godt nok tilrettelagt for internasjonale studentar.
In English- Det hadde vore fint om universitetet hadde sendt ut ein ekstra e-post på engelsk, seier Ricardo Duque, leiar i International Students’ Union (ISU) i Oslo.
Han er slett ikkje nøgd med informasjonen som gjekk ut til engelsktalande studentar om den sviktande vatnkvaliteten. Det vart sendt ut e-post til alle studentar og tilsette onsdag morgon, med både norsk og engelsk tekst. Men Duque meiner det ikkje var tilstrekkeleg.
- Mange internasjonale studentar les ikkje e-posten når dei ser at det står noko på norsk, derfor burde det kome ei eiga engelsk utgåve, seier han.
ISU har sendt ut e-postar til medlemmane sine med informasjon om vatnsituasjonen, kvar det er muleg å kjøpe vatn og så bortetter. Duque meiner likevel at desse e-postane berre når 35 til 40 prosent av dei internasjonale studentane, og synes at universitet også kunne sendt ut brev i posten.
- Ikkje alle har tilgang til internett der dei bur. Og ingen visste heller kor lenge dette ville vare, påpeikar han.
Jorulf Brøvig Silde, leiar ved Seksjon for helse, miljø og sikkerhet ved Universitetet i Oslo, som sendte ut e-posten onsdag morgon, fortel at han vurderte utsendinga som tilstrekkeleg så lenge ho innebar både norsk og engelsk informasjon. Men han seier han er lei for det, om det har ført til at mange ikkje har fått med seg situasjonen.
Skyhøge salstal på Bunnpris
Førre uke gjekk omsetninga på Bunnpris Blindern opp mangfoldege prosent innan varegruppa mineralvatn samanlikna med same veka ifjor.
In EnglishKay Petersen, dagleg leiar på Bunnpris Blindern, opplyser at omsetninga for vatn og brus gjekk opp med 165,1 prosent førre veke, samanlikna med same veka i 2006. Onsdagen åleine var den tilsvarande auken på 471,9 prosent. Totalomsetninga denne dagen auka med 93 prosent samanlikna med same dag i 2006.
- Når folk må kjøpe vatn, kjøper dei også meir av andre varer, forklarar Petersen.
- Skulle du ønske at vatnet var dårleg lenger?
- Nei. Omsetninga har rett nok auka, men totalt sett er det nok betre med stabilitet, meiner Petersen.
Han fortel at det meste er tilbake ved normalt på Bunnpris, sjølv om det har vore hektiske dagar.
-Vi har hatt ein del ekstraarbeid med å få plass til større mengder vatn enn vanleg, men vi fekk ikkje så mykje som vi bestilte, så det gjekk greitt, seier han.













