Annonse

annonser i Universitas

UiO dårleg ut i ny rapport:

- Bryt mållova

Ikkje ein gong éin prosent av papirskriv på under 10 sider er på nynorsk ved Universitetet i Oslo, syner ein rapport frå Språkrådet. Kravet er ifølgje mållova på 25 prosent.

SKEIV FORDELING: Medan papira til venstre er på nynorsk, er stabelen til høgre på bokmål. Astrid Marie Grov, leiar i Studentmållaget i Oslo, trur grunnen til dei låge tala er liten vilje til bruk av nynorsk, samt liten kunnskap i nynorsk rettskriving.
FOTO: Anne Ogundipe

- Dei språklege prioriteringane til dei offentlege organa er heilt forkastelege, seier Jon Grepstad, informasjonsrådgjevar i Språkrådet.

Rapporten Språkrådet nettopp har kome med, syner at av totalt om lag 160 statsorgan, fylgja berre 35 mållova i 2006. Av alle papirskriv på under 10 sider, ligg Universitetet i Oslo (UiO) på eit botnnivå med berre 0,3 prosent nynorsk. Samstundes kan dei syne til ein prosentandel på heile 26,1 prosent nynorsk i skriv på over 10 sider. Grepstad er likevel ikkje nøgd:

- Det er ikkje tvil om at tala for nynorskprosent ved UiO framleis er alt for låge, seier han.

- Bryr seg ikkje

- UiO tek ikkje inn over seg at det er ein rett for nynorskstudentar å møte språket sitt, seier Astrid Marie Grov, leiar i Studentmållaget i Oslo.

Ho trur grunnen til dei låge tala er lita vilje til bruk av nynorsk, samt liten kunnskap i nynorsk rettskriving.

Sylfest Lomheim, leiar i Språkrådet, er einig med Grov i dette.

- Systemet rullar og går utan at nokon bryr seg, seier han.

Kommunikasjonsdirektør ved UiO, Siv Nordrum, er lei for at UiO held fram med å bryte mållova.

- Dette får vi dårleg til. Og slik har det vore lenge. Men det er vanskeleg å få tilsette til å skrive på nynorsk, seier ho.

Lomheim tilbyr ei løysing på rettskrivingsproblema.

- Språkrådet sendar gjerne rettleiarar til UiO. Dei kan svare på alt som har med språkbruk å gjera, informerar han.

Tøffe krav

Nordrum ynskjer alle tilbod velkommen, men ho trur ikkje fråveret av nynorsk skuldast mangel på vilje.

- Sjølvsagt vil vi følgje norsk lov, men i ein travel kvardag kjem kravet om jamstilling mellom bokmål og nynorsk som enda ei oppgåve det ikkje vert tid til. Nynorsk vert nedprioritert.

- Kva er det som tek så mykje tid?

- Mellom anna vert krava til internasjonalisering stadig tøffare, og UiO møter kritikk for å vere for dårlege på engelsk. Dette er derfor eit felt som vil vere mykje i fokus i tida framover.

- Korleis trur du dette fokuset på engelsk vil påverke omsynet til mållova?

- Det veit eg ikkje, men det eg kan seie er at akkurat no er omsynet til engelsk like presserande, seier Nordrum.

Grov tykkjer ikkje fokuset på engelsk treng å gå utover omsynet til nynorsk, og er ikkje nøgd med prioriteringa til UiO - Dette er ei billig orsaking, seier ho.

- Ikkje eit provinsuniversitet

Nordrum ser det også som ei utfordring at UiO ligg på ein stad der det ikkje er vanleg å skrive nynorsk.

- UiO ligg jo i det tjukkaste bokmålsområdet i landet, seier ho.

Grepstad tykkjer ikkje dette er gode orsakingar, men går med på at det er enklare for universitetet i Bergen å følgje lova på grunn av området det ligg i.

- UiO har eit stort ansvar som det største universitetet i Noreg, og dei pliktar å følgje mållova sjølv om dei er opptekne med mykje anna.

Grov er einig med Grepstad:

- UiO må slutte å tru at dei er eit provinsuniversitet for det sentrale austland, seier ho.

Fakta

Mållova i kortversjon:
  • Det skal vere jamstilling mellom bokmål og nynorsk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.
  • Kommunane og fylkeskommunane har rett til å krevje skriv frå statsorgan på bokmål eller nynorsk.
  • Privatpersonar og private instansar har rett til å få brev, eksamensoppgåver, vitnemål o.a. på si eiga målform
  • Statsorgan pliktar å syte for at skjema er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »