Annonse

annonser i Universitas

Lovar ingen pengar

Under SVs landsstyremøte i helga kunne ikkje partileiar Kristin Halvorsen love auka støtte til høgare utdanning i kommande budsjett.

INGEN LØFTAR: SV-leiar Kristin Halvorsen kan ikkje love meir pengar til høgare utdanning i neste budsjett.

- Budsjetta for 2008 vart påbegynt alt i mars, så det vi har opparbeida oss av kunnskap kjem ikkje til å gje utslag i første omgang. Det vert heller ein lærdom for framtida, seier Kristin Halvorsen, partileiar i SV.

Lena Jensen, stortingsrepresentant for SV og medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, meinar likevel at SVs satsing på høgare utdanning er på veg opp. Det tyder iallfall signala ho har fått frå partileiinga og landsstyret på.

- Det har vore mykje diskusjon i partiet på dette og det har tidlegare vore bestemt at høgare utdanning ikkje skal ligge øvst i våre prioriteringar. No ser det imidlertid ut til å krype oppover lista, og det er veldig positivt, både for forsking og studentvelferd, seier ho.

Jensen framhevar at kunnskapsminister Øystein Djupedal har slost veldig for ein styrka utdanningssektor, og at han no står sterkare sidan partiet samla vil satsa meir på høgare utdanning.

Halvorsen kjem òg med støtte til Øystein Djupedal og Kunnskapsdepartementet. Under landsstyremøtet hevda ho at fleire må ta ansvar for den mangelfulle satsinga på høgare utdanning.

- Stortingsgruppa meinar eg har eit medansvar; dei kunne heilt klart hatt dette høgre opp på prioriteringslista. Kunnskapsdepartementet har på si side stått på som gale for å få til mest mogleg, sa ho under spørjerunden.

Tidlegare leiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og medlem av SV si stortingsgruppe, Rolf Reikvam, er ueining i ansvarsdelinga.

- Vi har alle ansvar sjølvsagt, men dette fell på sin eigen urimelegskap. Nokre har større ansvar enn stortingsgruppa, nemleg dei som lagar budsjettet. Vi må forhalde oss til dei rammeverka vi vert pålagde, og våre høve til å påverke har vore nokså avgrensa. At vi skal ha same ansvar som regjeringa, det er eg overraska over.

Han understrekar at stortingsgruppa har hatt utdanning høgt på sine prioriteringslister.

- Det er jo dette vi har satsa på, meiner han.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »