Annonse

annonser i Universitas

Lang ventetid på studentbustad:

SiO hindrar utflytting

Oppseiingstida på ein SiO-hybel er to månader. Samstundes står 1500 studentar i bustadkø.

In English

PÅ VENT: Richard Bjerkøe får ikkje flytta ut.
FOTO: Silje Ramstad

NEI TIL UTFLYTTING: Tom Olstad, direktør i Studentboligene, ønskjer ikkje å tape leigeinntekter og vil at oppseiingstida skal forbli på to månader.
FOTO: Brian Olguin

- Dette er heilt i tråd med regelverket, seier Tom Olstad, direktør for Studentboligene.

Studentar som ønskjer å flytte frå studenthybelen sin må sjølv finne nokon dei kan framleige til dersom dei vil vera garantert å sleppe dobbel husleige. Olstad ønskjer ikkje å kutte ned på oppseiingstida i kontraktane, sjølv nå når det er lange køar.

- Vi kan ikkje bera all risikoen her, seier han.

Olstad forklarar at dersom nokon seier opp hybelen sin i juni er det ein månads oppseiingstid. Utanom det må ein ha spesielle grunnar for å ikkje følgje den vanlege tomånadsregelen. Ein må dessutan søke Studentbustadene spesielt om det.

Tidkrevjande

Olstad framhevar at dei som står i kø gjerne berre søker ein bustad. I følgje Olstad finst det sytti bustadtypar i Studentbustadene, og mange studentar vil til dømes berre bu på Vestgrensa.

- Vi må ha tid til å finne ein leigetakar som er interessert i nett den bustaden som er ledig, seier han.

- Tek det to månader?

- Ikkje nødvendigvis på Vestgrensa, men det kan gjera det på andre studentbyar, meiner Olstad.

-Flaut

Stine Winger Minde, leiaren i Velferdstinget, rasar mot Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) sin tomånadspraksis.

Ho meiner det er flaut at Studentboligene ikkje kan utvise meir fleksibilitet i ein så pressa situasjon, og har heller ikkje forståing for Olstad sitt tidsperspektiv.

- På dei mest populære bustadene burde det i alle fall ikkje ta meir enn ei veke, men eg har forståing for at det kan ta lenger tid på dei mindre attraktive hyblane, seier ho.

Winger Minde trur SiO er redd for administrativ byrde og tap av inntekter, men ho fryktar at ei sak som dette tvert imot kan sjå dårleg ut for SiO på sikt, og nemner svekka mulegheiter for statstilskot som ein muleg konsekvens.

- Meiner du med det at tomånadsregelen ikkje bør praktiserast?

- Ja, ikkje når det er kø.

Winger Minde vil be Boligstyret om å ta opp saka på neste møte. Ho vil riktig nok ikkje gi konkrete pålegg.

- Men sunn fornuft tilseier at ein bør vera fleksibel i ein situasjon med rekordmange søkarar, meiner ho.

Inga regelendring

Trond Enger, nestleiar i SiO sitt hovudstyre, meiner på si side at nytt regelverk ikkje er påkravd.

- Alle partar treng stabilitet, seier han.

Enger forstår likevel at dette er eit problem, og meiner løysinga er at Studentboligene hjelper til med å finne nye leigetakarar.

- Men konsekvensen av dette regelverket kan vera at folk som aldri har stått i kø får leige hybel i to månader, som følgje av framleige. Er det rettferdig?

- Det blir vanskeleg for oss å regulere, folk må ha mulegheit til framleige i kontrakta si, svarar Enger.

-Men i ein situasjon som no, burde Studentboligene vera fleksible, legg han til.

Må søke om å flytte

In English

-Eg var klar over regelen i kontrakten, det skal seiast. Men eg visste også at oppseiingstida kunne kortast ned under spesielle omstende, seier Richard Bjerkøe.

Han vil flytte ut av Bjerke Studenthus og inn i ein privat einebustad saman med kona. Sidan dei skal ha barn har han søkt om på kortare oppseiingstid, men har foreløpig ikkje fått svar på søknaden. Den sendte han for over ei veke sidan.

- Dette burde vera gull for begge partar, seier han, og viser til den pressa situasjonen som Studentbustadene er i om dagen, medan han har fått tilbod om leige hus billig av ein kamerat.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »