Annonse

annonser i Universitas

Diskriminering:Viserektor Inga Bostad trur kvinner blir halde utanfor ved viktige avgjerder i forskingsmiljøet.
FOTO: Anne Ogundipe

Mannsdominans i forskingsformidling:

Låg kvinnepublisering ved UiO

Kvinnelege forskarar ved Universitetet i Oslo publiserer langt færre vitskapelege artiklar enn sine mannlege kolleger.

In English

- Universitetet tek ikkje desse tala som kritikk, seier viserektor Inga Bostad.

Både i 2005 og 2006 hadde kvinner på Universitetet i Oslo (UiO) langt færre vitskapelege publikasjonar enn menn.

Ingen kartleggjingsplanar

På Det humanistiske fakultetet (HF) produserte kvinner og menn høvesvis 0,21 og 0,44 publikasjonspoeng per årsverk i 2005 og 0,23 og 0,42 i 2006 på nivå 2. I følgje prodekan for forsking og forskarutdanning på HF, Mette Halskov Hansen, har Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) ei særleg markant skeivfordeling på dette nivået ved at berre 7 prosent av publikasjonane i 2006 var produsert av kvinner. Halskov Hansen stiller seg skeptisk til sjølve systemet.

- Er det slik at kvinner ikkje publiserer, eller er det slik at dei publiserer i kanalar som ikkje kjem med i nivå 2?, spør ho.

Det finst ikkje klare planer på HF om å kartleggje årsakene til den skeive kjønnsfordelinga blant dei som publiserer.

-Vi har ikkje tenkt å setja i gang store undersøkingar om kvifor det blir slik. Vi har andre prioriteringar, men dette inngår i ei heilskapleg likestillingsplan for fakultetet, forklarar Halskov Hansen.

Kvinner lite karrierelystne

Karen Gammelgaard, forskingsleiar ved ILOS, fortel at for to-tre år sidan skulle dei vitskapelege tilsette melde inn kva dei ønskte registert som nivå 2 publikasjonar. Ho seier menn kan ha vore meir merksame på denne prosessen.

- Kvinner er ikkje så gode til å konsentrere seg om eiga karriere, dei er flinkare på det kollegiale og på undervisning. Menn kan vera meir fokusert på kva som gir utteljing, hevdar ho.

Gammelgård veit ikkje kva som kan vera årsaka til at nett hennar institutt kjem så dårleg ut på likestillingsstatistikken. Det tør heller ikkje Halskov Hansen slå fast, men ho peikar på at ILOS er eit språkinstitutt.

- Dei publiserer til dømes i russiske, franske eller tsjekkiske tidsskrift som seint er fanga opp av teljekantsystemet, forklarar ho.

- Beklageleg

Leiaren i Forskarforbundet, Bjarne Hodne, meiner situasjonen er sterkt beklageleg, og trur det kan ha samanheng med arbeidstilhøva. Dersom kvinner har meir administrativt ansvar og er meir opptekne med undervising, er det eit problem meiner han.

- På studentnivå er det flest kvinner, og dei og tek dei beste eksamenane. Men så fell dei av. Det er langt færre kvinner enn menn blant førsteamanuensisar og på professorsida. Dette gir ei skeivskap i akademia som ikkje speglar folkesetnaden.

- Uformelle nettverk

Viserektor Bostad meiner det er god grunn til å vurdere om andre publikasjonssystem kan slå annleis ut med tanke på likestilling. Ho seier at universitetsleiinga vil gå gjennom kulturen på alle nivå, og sjå om forventningane som blir stilt overfor kvinner og menn er ulike.

- Du har uformelle nettverk som gjer at menn i større grad enn kvinner blir trekte inn i viktige prosessar, hevdar ho.

Bostad tør ikkje seia kor lang tid det vil ta før desse statistikkane endrar seg vesentleg.

- Dette handlar om at grunnleggjande mønster må endrast, og det er ikkje gjort i ei handvending. Det verste ein kan gjera er i alle fall å seia at det er kvinnene si eiga skuld.

Fakta

Vitskapelege publikasjonar ved UiO
  • Vitskapelege publikasjonar omfattar artiklar i vitskapelege tidsskrift, monografiar og antologiartiklar.
  • Skilnaden kjem tydelegast på nivå 2, der det er mest publikasjonspoeng og prestisje å hente.
  • Publikasjonssystemet registrerer formidlingsaktivitet blant vitskapeleg tilsette, og legg grunnlaget for universitetet sine inntekter.

Ingen kommentarer

Forhåndsvisning

Felt merket med * er obligatoriske.

Formateringskoder

**feit**
Gjør teksten feit
*utheving*
Uthever teksten
[ordbok](http://s0.no/1/)
Lager lenka ordbok
> Tekst
Siterer teksten

Skriver du inn epost-adresse, får du epost ved svar. Adressa blir ikke publisert.

Sett deg inn i våre debattregler før du skriver en kommentar.

10 siste saker i nyhet

Rektorretrett gir studentjubel

I vinter forslo Universitetet i Oslo en innstramning som ville bety utkastelse av omkring 4700 studenter. Nå trekker rektor Ole Petter Ottersen forslaget.

Boligekspert advarer studentene:

– Ikke kjøp bolig

Prisøkningen i boligmarkedet vil ikke vare. Studenter kan ende opp som de store boligtaperne.

Her får flest A og B:

Toppkarakterer til trubadurene

Over halvparten av eksamenene på Musikkhøgskolen ble vurdert til A eller B i fjor.

– Daglige spionangrep mot norsk akademia

Etterretningstrusselen mot Norge er høy. Verdensledende forskning gjør norsk akademia til et mål for fremmede makter og mafiaorganisasjoner, mener etterretningsekspert Vegard Valther Hansen.

Slakter SiOs personalpolitikk

Tillitsvalgte i SiO har i tid vært misfornøyde med ledelsen. Nå tar de bladet fra munnet.

Milliardsprekk for veterinærflytting

Flyttingen av Veterinærhøgskolen til Ås vil koste 1,5 milliarder mer enn planlagt. Ikke så mye, mener kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjøper forskning for 200 millioner

Norske universiteter og høyskoler punger ut for tilgang til den nyeste forskningen. Samtidig øker kritikken mot tidsskriftsforlag med overskudd i milliardklassen.

Innvandrerne inntar universitetene

Det blir stadig flere innvandrere i høyere utdanning, og spesielt jentene strømmer til universitetene og høgskolene som aldri før. Fra 2007 til 2010 økte antallet med 27 prosent.

Styrer 1 000 000 000 student-kroner

  • For første gang omsetter Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus for mer enn én milliard kroner.
  • Alle virksomhetene unntatt Studentboligene går likevel med underskudd.

UiO-studenter blant landets tregeste

Mindre frafall og raskere fullføring er kunnskapsminister Kristin Halvorsens viktigste mål for høyere utdanning. Blant de dårligste i klassen er Universitetet i Oslo.


Flere saker fra nyhet »